Er ein A ein A? Det vil ein neppe få svar på sjølv om Nokut no vil sjå på nivået på norske mastergrader sett i forhold til utanlandske. Tanken er å undersøka mest mogleg kvalitativt korleis norske utdanningar står seg mot utdanningar frå andre land. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien
Er ein A ein A? Det vil ein neppe få svar på sjølv om Nokut no vil sjå på nivået på norske mastergrader sett i forhold til utanlandske. Tanken er å undersøka mest mogleg kvalitativt korleis norske utdanningar står seg mot utdanningar frå andre land. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Kor er masteren best?

Publisert

Dei vil ikkje ha noko rankingsliste. Men Nokut vil samanlikna norske mastergrader med utanlandske, slik at dei kan seia noko om kor god ei norsk mastergrad faktisk er.

Nokut skal prøva ut ein modell for fagfellevurdering og samanlikning av mastergrader over landegrensene, skriv Forskerforum. Ekspertpanel og fagfolk frå dei enkelte utdanningane skal gå saman med kvalitetssikringsorgana om å skapa eit nytt kunnskapsgrunnlag for kandidatar til mastergrad.

Studentane skal kunne velja
Tilynsdirektør Øystein Lund i Nokut seier til Forskerforum at det ikkje handlar om å laga rankinglister eller fortelja på ein tabloid måte korleis norske mastergrader ligg an samanlikna med utanlandske. Poenget er at studentane skal kunne vita kva dei går til, og dei skal kunne velja utdanningar som passar dei.

– Dersom krava til kor mykje stoff som skal lærast, altså læringstrykket, er vesentleg høgare på eit studium i England enn i Noreg, fortener studentane å vita det, seier Lund.

I dag finst det få indikatorar som viser om norsk høgare utdanning held eit høgt internasjonalt nivå – slik universitets- og høgskulelova seier at ho skal. Når den norske utdanninga no skal samanliknast med andre, vil det i hovudsak vera dei andre skandinaviske landa, England, Sveits, Nederland, Østerrike, Litauen og Polen ein ser til.

NTNU samanliknar allereie
Ved NTNU samanliknar ein seg allereie med andre. Berit Kjeldstad, prorektor for utdanning, seier til Forskerforum at universitetet sidan 2008 har samanlikna teknologiske masterprogram mellom fem tekniske universitet i Noreg, Danmark, Sverige og Finland.

– Erfaringa er at det er gjensidig lærerikt å samanlikna ambisjonsnivå, og det er absolutt ein ide å laga ei systematisk ordning på nasjonalt nivå, seier Kjeldstad.

Ho meiner at ved å nytta fagfellevurdering på utdanning, kan ein utvikla ein ny metodikk – noko som vil vera svært spanande.