Marokkos ambassade i Holtegata i Oslo. Foto: Bjørn Erik Pedersen
Marokkos ambassade i Holtegata i Oslo. Foto: Bjørn Erik Pedersen

Marokko: Ingen land vil akseptere studentar som observatørar

Dei to studentane som blei deporterte frå Vest-Sahara var ikkje godkjente observatørar, hevdar den marokkanske ambassaden i Oslo.

Publisert

— Ikkje eitt land på jorda, inkludert Norge, ville nokon gong ha akseptert at studentar på truverdig vis blir utpeikt som "observatørar", skriv den marokkanske ambassaden i ei pressemelding.

Utan akkreditering

Dei meiner at Rafto-stiftinga med vilje har sendt dei to studentane til El Aaiún i Vest-Sahara for å provosere, og dermed få merksemd i den norske opinionen.

Ambassaden viser til at alle norske organisasjonar og borgarar som ville observere rettssaka mot drapsmennene til Maren Ueland og hennar danske venninne, respekterte akkrediteringsprosedyrene.

Marokkanske styresmakter nektar dessutan for at Vest-Sahara er okkupert, og hevdar at området har same status som Gibraltar har for Storbritannia.

Dei hevdar òg at det er ein bløff at Vest-Sahara er særleg rikt på fosfat, og at Vest-Sahara berre har to prosent av ressursane dei har totalt i Marokko og Vest-Sahara tilsaman.

Ingen provokasjon

Rafto-direktør Jostein Kobbeltvedt er ikkje einig i at deportasjonen var framprovosert.

— Dette handlar om heilt grunnleggjande rettsprinsipp, og om rettferdig rettargang. Det er vanleg at internasjonale organisasjonar har høve til å observere denne typen rettssaker, seier han til På Høyden.

— Men kan ikkje Marokko krevje at de skal søkje om særskilde visum eller løyve for å observere ei slik rettssak som observatørar?

— Marokko har rett til å bestemme kven som skal komme inn i landet eller ikkje. Her har våre observatørar vore heilt opne om kva ærend dei hadde. Vi beklagar at dei som reiste ikkje hadde høve til å observere rettssaka. Dette er ikkje gjort for å provosere, seier Kobbeltvedt.