Dekan Jørgen Sejersted er glad for at UiB er nemnd i den nye språklova, men seier at det trengs pengar dersom ein skal få gjort alt lova legg opp til.
Dekan Jørgen Sejersted er glad for at UiB er nemnd i den nye språklova, men seier at det trengs pengar dersom ein skal få gjort alt lova legg opp til.

Mange oppgåver for UiB i ny språklov

Ordbøker, stadnamn og termportal. Regjeringa ser føre seg at fleire språkoppgåver vert løyste ved UiB. —Me treng pengar, seier dekan Jørgen Sejersted.

Publisert Sist oppdatert

Midt i mai presenterte kulturminister Abid Raja forslaget til ny språklov. No skal same lov opp i familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

I lovforslaget har UiB nærast fått sitt eige kapittel. Under overskrifta «språkvitskapelege disiplinar» nemner ein både ordbokarbeid, termportal og stadnamn – og stort sett UiB i same setning.

— Me er glade for at me har fått ei sentral rolle. Mykje av dette ligg i forlenginga av overføringa av språksamlingane frå Universitetet i Oslo til UiB. Men UiB treng finansiering for å gjennomføra det som vert nemnd i lova.

Det seier Jørgen Sejersted, som er dekan ved Det humanistiske fakultetet ved UiB.

Termportal og fleire ordbøker

I lovteksten heiter det at Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet i samarbeid med Universitetet i Bergen vil legga til rette for utvikling og drift av Termportalen ved Universitetet i Bergen. Vidare heiter det at Kulturdepartementet tek sikte på framleis støtte til ordbokarbeid med utgangspunkt i dei fire verka Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk Ordbok og Det Norske Akademis ordbok (NAOB). Av desse er det berre Det Norske Akademis ordbok som ikkje høyrer heime ved UiB, men departementet ser det som tenleg at NAOB knyter seg tettare til UiB.

Om stadnamntenesta heiter det at ho er føreslegen flytta til Språkrådet, fordi det har vore lite rekruttering til vitskapelege stillingar innan det området. Men departementet skriv at ein til dømes vil kunne ha eit regionalisert kontor ved Universitetet i Bergen, og at det kan vera gode grunnar til å oppretthalda tilknytinga til eit sterkt vitskapleg miljø.

— Det er bra med lovfesting. Fleire av desse disiplinane har problem med å overleva i det insentivsystemet ein har i dag, seier Sejersted.

Nedbygd miljø

Fagmiljøet i nordisk har skrive eit notat om lovforslaget. Det er ført i pennen av fagkoordinator Torodd Kinn, som er professor i nordisk språkvitskap. I notatet vert det peika på at ein treng fleire ressursar dersom ein skal bygga opp fagmiljø i både stadnamn og terminologi.

— Me har ein stipendiat i stadnamn no, og Peder Gammeltoft, som leier Språksamlingane, er stadnamngranskar. Men stadnamnmiljøet er kraftig nedbygd. Samstundes er det grenser for kor mange område instituttet kan ha ekspertise på, seier Kinn.

Les også: Kan framleis bryta språklov utan å få straff

Subdisiplinar

Det var i 2016 at språksamlingane bokstaveleg tala kom rullande til Bergen. Universitetet i Oslo ville ikkje lenger ha ansvar for samlingane, som inneheld både ordbøker, namnegransking, målføre og dialektologi samt gammalnorsk og norrønt. Dei fekk ein ny heim ved Universitetsbiblioteket ved UiB, med danske Peder Gammeltoft som fagleg leiar. Totalt var det fleire hundre hyllemeter, fordelt på mange lastebillass, som kom over fjellet, mykje av materialet var usortert.

Samarbeidet mellom språksamlingmiljøet og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er sterkt, mellom anna har LLE òg ein stipendiat i leksikografi. Fleire av leksikografane som arbeider med ordbøkene, har dessutan allereie doktorgrad.

— Me jobbar òg med eit undervisningstilbod til hausten, knytt til ordboksarbeidet, seier Kinn.

— Korleis kan ein sikra rekruttering til dei ulike fagområda?

— Me ser på dette som subdisiplinar innan nordistikken, seier Sejersted, som sjølv er professor i nordisk litteratur.

— Så rekruttering må skje gjennom fordjupingsemne, til dømes på masternivå, og gjennom rekrutteringsheimlar etterkvart.