Likestillingspris til UiB

Publisert

UiB har fått likestillingspris frå statsråd Tora Aasland, på deling med handelshøyskolen. Det gir likevel ein million kroner ekstra i kassen.

Prisen går til UiB og Norges Handelshøyskole på grunnlag av gode tiltak for å betre kjønnsbalansen i akademia.

UiB får skryt for tiltak og ressursar og ikkje minst for implementeringa av tiltaka i handlingsplanen.

– Eg håpar prisane kan inspirere fleire institusjonar til vidare arbeid. Mange av institusjonane jobbar godt med likestilling, men vi har framleis ein lang veg å gå før vi når målet om kjønnsbalanse i vitskaplege stillingar innan høgare utdanning, sa forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Prisen vart delt ut på Kunnskapsdepartementet sin årlege kontaktkonferanse i hovudstaden i går.

– Dette er ein stor inspirasjon for alle som har arbeidd med likestilling og kjønnsbalanse på UiB, og som skal vidareføre arbeidet, seier rektor Sigmund Grønmo til På Høyden.

Han gir likestillingsutvalet, likestillingsrådgjevar, leiarar på ulike nivå og fagmiljøa æra for prisen. Han meiner den er ein stor heider til arbeidet med handlingsplanen for likestilling. Den siste handlingsplanen kom på plass i 2006.

Det var ein overraska rektor som fekk prisen mot slutten av kontaktkonferansen i går.

– Det var ei overrasking, men eg meiner vi har gjort oss fortent til prisen, seier Grønmo.

Har du nokon formeining om kva den ferske millionen skal brukast til?
– Det får vi komme tilbake til, vi får finne på noko bra som ytterlegare kan forsterke kjønnsbalansen på UiB, seier Sigmund Grønmo.