Slik ser det ut i første etasje i Stein Rokkans hus onsdag. Foto: Hilde Kristin Strand
Slik ser det ut i første etasje i Stein Rokkans hus onsdag. Foto: Hilde Kristin Strand

Redda spesialsamlingane

Publisert

Snarrådige tilsette sprang over gata og kjøpte inn presenningar då sprinkleranlegget i Stein Rokkans Hus sendte ut 6000 liter vatn onsdag morgon.

I 9-tida torsdag morgon gjekk brannalarmen i Stein Rokkans Hus. Alle tilsette kom seg kjapt ut.

Karin Cecilia Rydving og Marthe Tolnes Fjellestad frå Universitetsbiblioteket fekk ein hektisk start på onsdagen. Dei håpar og trur at det meste av spesialsamlingane er redda etter vasslekkasjen. Foto: Hilde Kristin Strand

– Men då me kom attende, skjøna me at det ikkje var brann, men derimot vatn, seier Karin Cecilia Rydving, som er seksjonssjef hos Universitetsbiblioteket.

– Dei tilsette sprang ut, skaffa presenningar og begynte å dekka til. Parallelt med dette jobba brannvesenet.

Det kom ikkje så mykje vatn ned til spesialsamlingane, kan Karin Cecilia Rydving fortelja. Snarrådige tilsette fekk dekka det meste til med presenningar. Foto: Hilde Kristin Strand
Det kom ikkje så mykje vatn ned til spesialsamlingane, kan Karin Cecilia Rydving fortelja. Snarrådige tilsette fekk dekka det meste til med presenningar. Foto: Hilde Kristin Strand

6 000 liter vatn
Det som vart dekka til, var UiB sine spesialsamlingar og biletsamlingar. Dei ligg i første etasje, byggearbeidet som gjorde at det vart ein skade på sprinkleranlegget går føre seg i etasjen over.

– Dei tilsette har gjort ein kjempejobb, rosar Gunnar Mikkelsen.

Han er områdeleiar og overingeniør hos eigedomsavdelinga.

6000 liter vatn rann ut.

– Ein fekk stoppa anlegget raskt, slik at det berre var det vatnet som var i røra som rann ut. No er det full sanering, men allereie no er det lite vatn att, sa han då På Høyden snakka med han like før klokka 11.30.

– Optimistiske
Truleg har snarrådige tilsette redda samlingane. Rydving skryt òg av tilsette frå Universitetsmuseet, som har hjelpt til.

– No skal me ha møte og ein gjennomgang for å sjå om noko er skada. Men me er optimistiske, seier universitetsbibliotekar Marthe Tolnes Fjellestad.