Leiv Magne Hove med det synlege provet på at han har fått ein høgthengjande orden. Foto: Anne Sidsel Herdlevær
Leiv Magne Hove med det synlege provet på at han har fått ein høgthengjande orden. Foto: Anne Sidsel Herdlevær

Hove utnemnt til riddar

Notert: Leiv Magne Hove fekk fredag provet på at han er utnemnt til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden.

Published   Updated

Professor emeritus Leiv Magne Hove er utnemnt til riddar av St. Olavs Orden. Han får utmerkinga for pionerinnsatsen sin innan handkirurgi, skriv kongehuset på sine nettsider.

Hove fekk utmerkinga under ein seremoni på Haukeland universitetssjukehus 5. april. Det var fylkesmann Lars Spoheim som overrekte ordenen.

Hove er kirurg, og har mellom anna utvikla ein handsleddsfiksator som kan halda brotet stabilt samstundes som ein kan røra handa. Denne vart standardbehandling i fleire land, skriv Bergens Tidende.