Her røyster dei for framleis vald rektor: Synnøve Fluge, Thea Sofie J. Grastveit, Joakim Palme, Dag Rune Olsen, Kjersti Fløttum og Magnus B. Nygaard.  Dermed har universitetsstyret med knappast muleg fleirtal vedtatt at UiB framleis skal ha vald rektor.
Her røyster dei for framleis vald rektor: Synnøve Fluge, Thea Sofie J. Grastveit, Joakim Palme, Dag Rune Olsen, Kjersti Fløttum og Magnus B. Nygaard. Dermed har universitetsstyret med knappast muleg fleirtal vedtatt at UiB framleis skal ha vald rektor.

Sa ja til vald rektor

Publisert

Universitetsstyret har vedteke at UiB framleis skal ha vald rektor.

Etter ein lang debatt vedtok universitetesstyret i dag, med knappast mogleg fleirtal, at UiB framleis skal ha vald rektor. På førehand hadde Synnøve Fluge, Joakim Palme, Thea Sofie Grastveit og Dag Rune Olsen sagt at dei ønskjer vald rektor. I møtet fekk dei støtte frå Magnus Nygaard og Kjersti Fløttum.

Det var ikkje kjent kva Kari Amble, Peter M. Haugan og Johan Fredrik Odfjell ville røysta for. Dei stemte for tilsett rektor saman med Synnøve Myhre og Anne Kverneland Bogsnes. Debatten kan du sjå her.

- Dette er ei av dei mest vesentlege avgjerdslene eg har vore med på i dette styret. Eg anar kva veg dette går, og eg hadde ønska at det skulle gå ein annan veg. Dagens rektor har stor legitimitet, men ikkje så stor legitimitet som ein hadde hatt derom ein hadde utkonkurrert alle andre kandidatar i ein tilsetjingsprosess. 

Det sa Johan Fredrik Odfjell. Han var den siste som hadde ordet i første runde av debatten.

Haugan ønskjer tilsett
Peter M. Haugan var ein av dei andre som ikkje hadde bestemt seg på førehand. Han sa i møtet at han har landa på tilsett rektor.

- NHO seier at i løpet av ti år vil alle ha tilsett rektor. Viss me ventar i fire-fem år til vil me vera blant dei siste, sa Haugan.

- Er vald eller tilsett rektor eit grunnleggande ideologisk eller praktisk spørsmål? For meg er det eit praktisk spørsmål. I mi oppsummering ender eg på å anbefala tilsett rektor og eit vedtak i tråd med det.

Haugan er ikkje redd for at ein ekstern styreleiar skal få mykje makt.

- Alle veit at Gunnar Bovim er rektor ved NTNU, nokre av oss veit kven som er styreleiar. Alle veit at Curt Rice er rektor ved HiOA, men eg anar ikkje kven som er styreleiar der, illustrerte han.

Kjersti Fløttum, som skreiv lesarinnlegg saman med Haugan, har landa på motsett konklusjon.

­- Eg meiner den ordninga me har, fungerer godt. Eg er svært nøgd med den leiinga me har i dag og gir støtte til vedtaksforslaget om vald rektor, sa Fløttum.

Amble ønskjer òg tilsett
Kari Amble hadde heller ikkje bestemt seg på førehand. Ho har landa på at ho ønskjer tilsett rektor.

- Eg har problem med funksjonen der rektor og styreleiar er ein person.  For å seia det spissformulert: Kven skal ein gå til om ein er misnøgd med rektor og vil seia han opp? Skal ein gå til rektor og be han drøfta seg sjølv, spurte Amble.

Ho sa òg at ho ikkje er sikker på at valkamp er den forma som gjer at ein får alle type kandidatar ein vil ha til stillinga som rektor.

Studentrepresentant Magnus Nygaard er ikkje samd. Han ønskjer at ein skal halda fram med vald rektor.

- Tilsett rektor er ei avvikling av universitetsdemokratiet, og ein stor inngripen for institusjonen. Sjølv om det er sagt at valdeltakinga er låg, gir moglegheita for deltaking større innflyting enn å ikkje ha moglegheit til deltaking.

- Brattare motbakke
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm si tilråding er at styret vedtek at dei framleis ønskjer vald rektor. Bernstrøm meiner at tida er for knapp til å få tilsett ein ny rektor – det er berre eitt år att av Olsen sin fireårsperiode. I møtet sa Bernstrøm i si innleiing at dersom ein skulle bestemma seg for tilsett rektor vil dette krevja ein meir omfattande prosess: Ein bør då gå gjennom heile styringsmodellen og sjå på styring og leiing ved UiB som ein heilskap. I dag har ein både tilsette og valte dekanar og tilsette og valte instituttleiarar.

- Eg trur òg me vil møta ein brattare motbakke dersom styret no vedtek tilsett rektor. Det er nokre i organisasjonen som meiner at dei ikkje har vorte høyrte no, sa Bernstrøm.

Rektor Dag Rune Olsen er tilhengjar av vald leiing. Det la han ikkje skjul på i møtet, og han var òg tydeleg på at han har ei eigeninteresse i dette.

- Eg har fått beskjed om at eg reaksjonær museumsvaktar. Det er meir morsomt enn plagsomt.

Olsen la vekt på at Universitets- og høgskulelova ikkje seier noko særleg om leiing. Det heiter at «rektor leiar styret sitt arbeid». Sjølv har han valt å tolka dette som at han er ein arbeidande styreleiar, som møter på jobb måndag-fredag – sjølv om det ikkje er styremøte.

- Desse institusjonane skal leiast, visst skal dei det! UiB har eit budsjett på fire milliardar kroner, 3 500 tilsette og 15 000 studentar. Me har behov for ei leiing som kan syta føre at ein får mest mogleg ut av dei ressursane ein har ved eit universitet, sa han.