Ikkje alle plager let seg finna ved hjelp av prøvetaking. Samleomgrepet er mups – medisinsk uforklarte plager og sjukdommar. Aase Aamland si ferske doktoravhandling viser at denne typen plager er blant dei vanlegaste fastlegane møter. Arkivfoto: Paul-Erik Lillholm
Ikkje alle plager let seg finna ved hjelp av prøvetaking. Samleomgrepet er mups – medisinsk uforklarte plager og sjukdommar. Aase Aamland si ferske doktoravhandling viser at denne typen plager er blant dei vanlegaste fastlegane møter. Arkivfoto: Paul-Erik Lillholm

– Uforklarte plager er ikkje det same som psykisk sjukdom

Publisert

Pasientgruppa med medisinsk uforklarte plager og symptom er blant dei største hos allmennlegane, og plagene skuldast ikkje psykisk sjukdom.

Det viser Aase Aamland si ferske doktoravhandling. Forskinga hennar viser òg at det slett ikkje berre er kvinner som får denne diagnosen.

Aase Aamland meiner at medisinutdanninga bør legga mykje meir vekt på mups enn det som vert gjort i dag. Foto: Hilde Kristin Strand
Aase Aamland meiner at medisinutdanninga bør legga mykje meir vekt på mups enn det som vert gjort i dag. Foto: Hilde Kristin Strand

Kronisk utmatting. Irritabel tarm. Fibromyalgi. Spenningshovudverk. Smerter i korsryggen. Dette er problemstillingar allmennlegar ofte møter. Samleomgrepet for desse er medisinske uforklarte plager og symptom (mups).

– Pasientane kjem med ei rekkje symptom, men ein finn ingenting når ein nyttar dei objektive målemetodane som blodprøve eller røntgen.

Det seier Aase Aamland. Ho er allmennlege og spesialist i allmennmedisin. I dag disputerer ho med avhandlinga «Medisinsk uforklarte plager og symptomer (mups) og sykefravær. Allmennlegens rolle».

Tre prosent
I arbeidet med avhandlinga har Aamland intervjua pasientar som kjem til legen med denne typen plager. Ho ba òg alle fastlegekollegane i Vest-Agder, der ho jobbar, om å registrera kor mange pasientar med mups dei møtte i løpet av fire veker.

– Det viser seg at denne gruppa utgjer tre prosent av pasientane. Det høyrest lite ut, men det er faktisk ei av dei vanlegaste pasientgruppene. Det allmennlegar oftast møter på, er pasientar med hjerteflimmer, diabetes og depresjonar. Desse tre diagnosane utgjer kvar frå to til fem prosent av det me treffer på, så mups er altså svært vanleg, seier Aamland.

Ho meiner at nettopp fordi desse diagnosane er så ofte i bruk, må mups løftast opp, både under medisinstudiet og gjennom etterutdanning.

– Eg synest sjølv at dette var noko eg lærte lite om. Medisinstudiet er svært biomedisinsk, ein ser dei symptoma, gjer dei funna og gir den behandlinga, illustrerer Aamland.

– Det ein ikkje snakkar om, er òg ei form for kunnskap. Då seier ein at dette ikkje er viktig, legg ho til.

– Ikkje utelukkande psykisk
Mytane knytt til mups er mange. Ei av dei seier at dette er psykisk, ikkje fysisk sjukdom, ei anna seier at dei som vert råka, er middelaldrande kvinner, gjerne med låg utdanning. Aamland seier dette ikkje stemmer.

– Ein finn biologiske spor hos mange av pasientane, så det er ikkje utelukkande psykisk. Men mange av dei har psykiske plager òg. Det er kanskje ikkje så rart, for kva gjer det med ein å gå rundt med smerter? Det er ikkje annleis enn ein hjartepasient som kan utvikla angst, meiner Aamland.

Ho seier at pasientgruppa rommar både barn, menn og unge, men at kvinner er i fleirtal. Men ein fjerdedel av pasientane har høgare utdanning.

– Det er mange stereotypar knytt til pasientgruppa. Ein tenkjer gjerne på den typiske mups-pasienten som ei kvinne på femti år som har jobba som reinhaldar i mange år, illustrerer Aamland.

Vil ikkje gå ut i dagslys
Mange av dei som har uforklarte plager er sjukmelde. Men det er heller ikkje noko dei nødvendigvis ønskjer sjølve, viser Aamland si forsking.

– Dei aller fleste menneske får betre livskvalitet dersom dei er aktive i arbeidslivet. Pasientane i fokusgruppa mi fortalde om både isolering og passivisering som følgje av sjukmeldinga, og dei fortalde om skam. Det er jo ikkje synleg at dei er sjuke, så mange av dei våga mellom anna ikkje å gå tur medan det var lyst ute – dei ville ikkje at andre skulle sjå at dei var heime på dagtid, fortel ho.

Legen seier at dei aller fleste har eit sterkt ønskje om å koma attende til arbeidslivet.

– Korleis behandlar ein denne pasientgruppa?

– Gjerne med ulik treningsbehandling, både åleine og i grupper. Medisinering har ein underordna plass, men for nokre kan medisin gi både betre søvn og mindre smerte, seier Aamland.

Ho seier at noko av det viktigaste for mups-pasientar er at dei vert sett, høyrt og akseptert. Mange av dei har kjempa lenge for å verta høyrt.

– Det er òg viktig å ha fokus på mestring. I denne pasientgruppa er det mange som har plager som dei ikkje vert så lett kvitt, men dei kan òg ha gode periodar.

Ulike kulturar
Aamland er tydeleg på at det er allmennlegane som har ei nøkkelrolle i forhold til mups-pasientar. Men kva som faktisk vert regna som medisinsk uforklart, varierer.

– Migrene er til dømes ein diagnose som vert stilt ut frå symptom. Men for migrene får ein medisin, og det er ingen som stiller spørsmål dersom ein seier at ein har det. Det er mange ulike plager som er putta i mups-sekken, og det kan henda at ein om nokre år kjem til å ta noko ut, seier Aamland.

Ho viser til at det på 1980-talet var mange som kom til legen med whiplash, altså nakkesleng. I tiåret etter var det mange som fekk diagnosen fibromyalgi, deretter ME, og no kronisk borreliose.

– Dette er veldig spanande. Ser ein til Sverige, ser me at det er mange som får diagnosen «kjenslevar for elektromagnetisme». Desse pasientane ser me ikkje så ofte i Noreg, men her er det fleire som får diagnosen fibromyalgi. Desse skilnadane handlar nok om kultur. Kva snakkar ein om? Kva er legitimt? Og kva rolle får den sjuke, spør Aamland, og viser til den såkalla fibrymyalgikjennelsen frå 1994. Den første til endring i folketrygdlova, som gjer at òg dei med sjukdommar utan objektive symptom kan søkja uføretrygd.

– Eg trur neppe denne endringa gjorde at fleire klaga meir, men kanskje vart dei registert på ein annan måte, seier Aamland.