Medievitskap-professor Lars Nyre ana ingenting om kva som venta då det banka på midt under ei førelesing. Foto: Hilde Kristin Strand
Medievitskap-professor Lars Nyre ana ingenting om kva som venta då det banka på midt under ei førelesing. Foto: Hilde Kristin Strand

Læringsmiljøprisen til Lars Nyre

Lars Nyre, professor i medievitskap, får læringsmiljøprisen for 2019.

Publisert   Sist oppdatert

Det står eit lite tog utanfor eit auditorium i Media City Bergen. Dei prøver å vera så stille som dei kan. I auditoriet har professor Lars Nyre undervisning for ei gruppe masterstudentar. Han anar ingenting om kva som er på gang.

— Me har tenkt å ha ei prisutdeling her, her og no, smiler Oddrun Samdal.

Ho har banka på, og går først inn i lokalet. Viserektoren for utdanning gjer så teikn til at alle som har gøymt seg på gangen kan få koma inn.

Nyre er professor i medievitskap, og er faktisk nominert til UiB sin læringsmiljøpris for tredje gong. Det er studentane i medie- og interaksjonsdesign/nye medim som har nominert han.

Viserektor Oddrun Samdal ga prisvinnaren blomar og gode ord. Foto: Hilde Kristin Strand
Viserektor Oddrun Samdal ga prisvinnaren blomar og gode ord. Foto: Hilde Kristin Strand

Dei skriv mellom anna at «Lars er en dyktig foreleser og en person som er veldig engasjert i fagmiljøet. Han skaper et godt sosialt læringsmiljø og er eksepsjonelt god på oppfølging og veiledning av studentene. Han får studentene til å føle seg involvert og som en viktig del av fagmiljøet. Han er en person som alltid ser det positive, og det å ha forelesning eller seminar med Lars er et friskt pust i studiehverdagen. Lars ser hver enkelt student, og er opptatt av å lære seg navnene til alle i kullet. Om man trenger råd øser han velvillig av sin kunnskap enten det er i forelesning, på mail eller ved kaffemaskinen. Lars er en person med mye kompetanse og erfaring. Han er alltid imøtekommende og hjelpsom, og til tross for at han har mange prosjekter gående, er han fantastisk til å få studentene til å føle at de er det viktigste prosjektet han har».

Kake og brus

— Lars er ein god relasjonsbyggar, og han er veldig god til å engasjera og involvera studentane, seier Samdal, og trekkjer fram Nyre sitt arbeid med innovasjonspedagogikk.

— Me veit kor hardt han jobbar med undervisning, og det var difor me ønskte at det var studentane som skulle vera publikum under tildelinga, seier instituttleiar Leif Ove Larsen.

Han har med kake og brus til både prisvinnar, studentar og kollegaer.

Formålet med læringsmiljøprisen er å gi anerkjenning til miljø eller enkeltpersonar ved UiB som lukkast i år legga forholda spesielt godt til rette for studentar si læring gjennom fagleg, pedagogisk og sosial innsats eller gjennom tilrettelegging av det fysiske eller psykososiale læringsmiljøet. Prisen er blomar, eit kunstverk og 50.000 kroner.

Brukar mykje energi på undervisning

Nyre må innsjå at førelesinga med tema «kva datamaskiner kan og ikkje kan gjera» brått tok slutt.

— No er det på sin plass med spørsmålet «kva føler du no»?

Då det banka på trudde eg først at det var nokon som hadde gløymt ei veske.

Lars Nyre

— Eg er veldig glad og overraska. Det er kjekt med ein slik pris fordi eg og mange andre brukar mykje energi på undervisning. Undervisning har ikkje vore sett på som meritterande, men der ser ein ei endring, seier Nyre.

Han seier at han ikkje ana noko om kva som var på gang.

— Då det banka på trudde eg først at det var nokon som hadde gløymt ei veske eller at det var noko teknisk som skulle gjerast. Men så skjøna eg at det var fleire her. Gøyalt, seier Nyre.