Den vesle jenta er vorten større. Museet har fått nytt innhald.

Det skjer mykje på knappe seksten månader. Til dømes kan eit heilt museum verta fylt med nytt liv.

Publisert   Sist oppdatert

Wow-effekten var der. Og wow-effekten er der.

— Sjå, der er ein katt!

Det nye museet

Krystallar

Vind, havstraumar og temperaturar – live frå heile kloden

Tidens gang – forhold mellom natur og kultur

Pollen og bein

Bevis for evolusjon

Den freda kvalsalen

Insekt, fuglar, pattedyr, reptilar og amfibium

Ein fjellkjede i vekst og fall

Djuphavet

I kjellaren er det undervisningsareal. I første etasje, ved sidan av vestibylen, er det eit areal der det er gratis for alle å koma inn. I denne etasjen er det òg areal som kan nyttast til føredrag og andre arrangement. Det er òg lokale for skiftande utstillingar i bygget.

Det seier Kristiane Strand Øksnes. Ho fyller snart ni.

I fjor sommar var ho sju og eit halvt, og fekk koma inn i det tomme universitetsmuseet før arrangementet «Tomt museum». No er ho fjerdeklassing, sikkert ti centimeter høgare, men framleis full av undring i det store bygget. Der det for sektsten månader sidan ikkje var noko, er det no utstillingar ein ny generasjon barn kan gle seg over. Fødd i 2010 som ho er, var Kristiane aldri på museet før det stengte.

Og ja – berre så det er sagt, ho er framleis journalistbarn og dotter til mor si.

Måndag opnar Universitetsmuseet sine Naturhistoriske samlingar endeleg igjen.

Ein elefant - og ei mus som ikkje er mus

Førre gong var det berre henne og brugda inne i den enorme kvalsalen. I taket hang dei store skjeletta som var for store til at ein kunne få dei ut. Brugda var for tung. Men dei andre kvalskjeletta vart borne gjennom byens gater før dei kom på plass igjen.

Slik var kvalsalen då Kristiane Strand Øksnes var der i fjor sommar. Dei store kvalskjeletta kunne ikkje flyttast ut. Foto: Tor Farstad
Slik var kvalsalen då Kristiane Strand Øksnes var der i fjor sommar. Dei store kvalskjeletta kunne ikkje flyttast ut. Foto: Tor Farstad
Kvalsalen er ganske lik slik han var i fjor sommar. Men no kan ein høyra musikk; naturlege kvallydar blanda med saksofon. Kristiane Strand Øksnes er framleis imponert over dei svære skjeletta. Foto: Tor Farstad
Kvalsalen er ganske lik slik han var i fjor sommar. Men no kan ein høyra musikk; naturlege kvallydar blanda med saksofon. Kristiane Strand Øksnes er framleis imponert over dei svære skjeletta. Foto: Tor Farstad

— 23 meter, skrittar Kristiane opp at det eine kvalskjelettet er.

Plastkvalen, som ho har sett på Historisk museum, har òg flytta inn saman med dei andre kvalskjeletta. I tillegg finn ein ein monter som viser plast og andre materiale som er farleg for livet i havet.

Dei gamle montrane i andre etasje er freda, men har fått nytt innhald. Nokre av dyra er nye, som isbjørnbinna og barnet hennar. Ein grevling ligg samankrølla og søv, medan ei gaupe passar på frå toppen av ein monter. Heilt frå år 1900 har det vore pattedyr i desse montrane. Alle har ikkje fått vera med tilbake, og no ønskjer museet å visa ei utstilling om dyr – ikkje berre med dyr. Det betyr at dei skal sjå meir naturlege ut enn før.

Elefanten er gamal, men får framleis vera med. Den er plassert saman med dvergspissmusa, det minste pattedyret i Noreg. Berre fire gram er det få centimeter lange dyret.

— Men det er ikkje ei mus, opplyser 4.klassingen, med litt ferskare kunnskap frå naturfagtimane enn dei vaksne.

Og ho har rett. Spissmus er ikkje ein gnagar i det heile, seier wikipedia, men ein insektetar som har eksistert i tusenvis av år.

Gaupe på jakt

Det er framleis nokre dagar til opning, og dei siste detaljane kjem på plass. Ei kvinne målar litt i trappa, og i tårnsalen øver kunnskapsvertane på å få kvarandre opp og ned frå ein trappestol. I den same salen går det eit boktårn mange, mange meter rett opp. Bokryggane viser namn på doktorgrader som er levert ved Universitetet i Bergen.

I fjor sommar vart det jobba i tårnsalen. Kristiane Strand Øksnes ville gjerne heilt ut på taket for å sjå utover byen. Foto: Tor Farstad
I fjor sommar vart det jobba i tårnsalen. Kristiane Strand Øksnes ville gjerne heilt ut på taket for å sjå utover byen. Foto: Tor Farstad
Oppussa golv, og ein bokstabel frå golv til tak. Tårnsalen er framleis eit rom for spesielle høve. Foto: Tor Farstad
Oppussa golv, og ein bokstabel frå golv til tak. Tårnsalen er framleis eit rom for spesielle høve. Foto: Tor Farstad

Midtbygget er frå 1865, sidefløyane er frå 1898. Under lag på lag med maling har konservatorane funne fargane som var der då museet var nytt. Det er desse fargane som er valde på veggane, mellom anna ein dus grønfarge.

Taksidermist Ari Puolakoski har stoppa ut mange av dyra som no vert vist for publikum. No monterer han ei gaupe som verkeleg er i svevet, og strekkjer seg ut etter ein stakkars, kvit hare. Han har tidlegare sagt til På Høyden at han studerer bilete av dyra før han gjer dei klare, slik at rørslene ser mest mogleg naturlege ut.

— Her skal det mellom anna koma eit kranium frå ein t-rex, seier Puolakoski.

Han har òg stoppa ut alle fuglane som kjem mot ein i trapperommet. Her kan ein sjå. Og sjå. Og sjå.

— Wow!

Mange kvadratmeter å boltra seg på når museet er tomt! I fjor sommar dansa Kristiane Strand Øksnes i dei enorme romma.
Mange kvadratmeter å boltra seg på når museet er tomt! I fjor sommar dansa Kristiane Strand Øksnes i dei enorme romma.

Tida i heisen

Barnet vil vidare.

— Sjå, der er fiskar!

Slik er dei same lokala når dei er fylde med innhald - og eit barn som har vorte ein heil del større. Foto: Tor Farstad
Slik er dei same lokala når dei er fylde med innhald - og eit barn som har vorte ein heil del større. Foto: Tor Farstad

Ein eigen museumsbutikk er òg på plass. Der kan ein mellom anna kjøpa spesiallaga brett med det historiske biletet av kvalskjelettet som vart frakta på vogn gjennom byens gater. I same rommet finst det ein stor slange. Sjølvsagt død, men journalisten snur ryggen til.

I fjor sommar var utstillingsheisen tom. No er det gjenstandar på plass. Alle seier noko om tid. «I går var i dag i morgen», står det på ei av hyllene. Ei anna viser ein mannsperson i full storleik, ei tredje kvite duer. Dei skiftar som kjent farge på fjøra etter årstidene.

I djuphavsutstillinga viser ein enorm skjerm livet under havet. Det spesiallaga teppet på golvet er faktisk laga utifrå eit ekte bilete frå djuphavet. Undervannsfarkosten Ægir henta utstillingsmateriale i fjor sommar.

Ein forskar i telefonen

I vestibylen hang det fire portrett av fire alvorlege menn. No har fotograf Eivind Senneset portrettert nokre av dyra ein finn på museet. Kristiane Strand Øksnes, som har teke dette biletet, likte gaupa aller best. Foto: Kristiane Strand Øksnes
I vestibylen hang det fire portrett av fire alvorlege menn. No har fotograf Eivind Senneset portrettert nokre av dyra ein finn på museet. Kristiane Strand Øksnes, som har teke dette biletet, likte gaupa aller best. Foto: Kristiane Strand Øksnes

I fjor dansa ho i tomme salar, og kunnskapshola var favoritten. Dei opnar opp mellom etasjane. No er det komen Koro-kunst i hola.

— Ei rar greie, er konklusjonen.

Etter å ha sett på mineral, høyrd på forskarar i noko som liknar på gamaldagse telefonar og studert dei store portretta i vestibylen, er turen over. Men det er nok berre for denne gong.

Det er meir å sjå.

— Gaupa var kulast, seier 4.klassingen.

Det barnet ikkje la merke til, var til dømes den mange meter lange anakondaen som låg utstrekt.

Det er ikkje alt ein treng å vita.