Eit bilete min betre halvdel tok då kvelden endeleg senka seg, skriv Kristian Bjørkelo om dette biletet. Foto: Privat
Eit bilete min betre halvdel tok då kvelden endeleg senka seg, skriv Kristian Bjørkelo om dette biletet. Foto: Privat

Kristian Bjørkelo: Sommaren før avhandlinga er ferdig

Sommarpraten: Kristian Bjørkelo meiner han har kome til eit nytt nivå av nerd det siste året.

Publisert   Sist oppdatert

Heldigvis er det velsigna dårleg nettverk på hytta til Kristian Bjørkelo, seier han i sommarpraten.

Bør UiB ha valt eller tilsett rektor?

Kristian Bjørkelo

Alder: 41

Stilling: Førstekonsulent og universitetslektor. Skriv doktoravhandling i medievitskap om spelkultur

— Rektor bør vere valt. Det virker kanskje som eit ork og litt meiningslaust i arbeidskvardagen, men universitetsdemokratiet er særs viktig å ivareta. Og vi trenger ei leiing som talar vår sak, og som kan sette foten ned for politisk spel frå styresmaktene. Vi har ein tradisjon å ivareta.

Korleis loggar du av i ferien?

— Eg har tilbragt ei veke på hytta med å analysere datamaterial og lese god litteratur. Det var velsigna dårleg nettverk der. Elles vert det nok mykje lesing, brettspel og rollespel.

Eig du flyskam?

— Eg er neppe kjend for min skam. Så det er neppe det som driv meg til å kutte ned på flyginga, det er sunn fornuft. Vi kan alle gjere vårt, sjølv om hovudansvaret ligg på større institusjonar og industriar. Eg takka difor nei til å delta i ein paneldebatt om Games & Transgressive Aesthetics i Kyoto i august. Prioriterer å ta toget til sommarleir og prate med humanistisk ungdom (og gjere ferdig avhandlinga mi).

Trivst du best i opne landskap eller i ei celle?

— Det einaste opne landskapet eg vil ha er vidda, utan for mykje folk. Opne kontorlandskap er døden for kreativitet og effektivitet for meg. Eg trenger fred. Celler fungerer fint både for arbeid og meditasjon, og kunne godt tenkt meg å tatt meg nokre veker i eit munkekloster neste gong eg er i felten.

Kva er det beste ved å jobba ved universitetet?

— Eit kreativt arbeidsmiljø, og fridomen til å utforske, og utfordre meg sjølv og studentane.

Det virker kanskje som eit ork og litt meiningslaust i arbeidskvardagen, men universitetsdemokratiet er særs viktig å ivareta.

Kristian Bjørkelo

Kva gler du deg mest til no?

— Eg ser jo alltid fram til å komme i gang med eit nytt semester, men i sommar ser eg fram til å få gjort litt skriving, og til å vere med vener og familie.

Kvar er du i ferien?

— Eg har vore ei veke på hytte på Geilo, resten av sommaren vil eg nok stort sett vere i Bergensområdet for å arbeide med å få ferdig avhandlinga. Ein liten avstikker på sommarleir for å underhalde ungdom vert det nok.

Kva er det viktigaste for ein god ferie?

— Eit avbrekk frå rutinen, og moglegheita til å leggje frå seg arbeidet når eg vil.

Kva bok har du lyst til å lesa?

— Bokstabelen er svær nett no, både faglitteratur og skjønnlitteratur har ein tendens til å hope seg opp. Eg har lyst til å lese Play Between Worlds av T.L. Taylor som ligg på pulten min nett no, men eg har òg tenkt å kose meg gjennom Complicity av Iain M. Banks, ein av mine favorittforfattarar. Ikkje minst sidan det å vere medskuldig har blitt eit sentralt omgrep for nokre av spelforskinga eg har drive med i dei siste åra.

Kva er du mest stolt over i året som har gått?

— Å nesten bli ferdig med ein PhD? Eg må ærleg innrømme at eg ikkje har fullstendig oversikt over kva eg har gjort i år utanom undervising, men på eit personleg nivå så har eg det siste året lært meg å male miniatyrar og eg er ganske stolt av framgangen. Det er som å stige opp på «eit høgare nivå av nerd», og det er så mykje meir zen enn den forskinga eg elles syslar med.