Fakultetsstyret ved <span class="caps">SV</span> sa tysdag ja til å gå vidare med planane om å vera med i medieklynga Media City Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand
Fakultetsstyret ved SV sa tysdag ja til å gå vidare med planane om å vera med i medieklynga Media City Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand

Håpar på topp-finansiering

Publisert

Eit einstemmig fakultetsstyre sa ja til at Institutt for informasjons- og medievitskap skal gå vidare med planane om å vera med i medieklynga. Deltaking skal vera sjølvfinansierande – så lenge studieplassane vert finansierte i øvste kategori.

– UiB kjem til å leiga tid i studio. Å vera med i medieklynga gir oss tilgang til infrastruktur me elles berre kan drøyma om. Me vil òg trenga noko eige utstyr, men det er det førebels ikkje dekning til.

Finansiering av studieplassar

Kategori A:
Kliniske utdanningar (medisin og odontologi), elles mellom anna veterinærutdanning, film- og fjernsynsproduksjon

Kategori B:
Utøvande musikkutdanning, arkitektur- og designutdanning. Mellom anna profesjonsutdanning i psykologi og farmasi ligg òg i denne kategorien

Kategori C:
Realfag på høgare grad. Òg dans og drama og faglærarutdanning i musikk

Kategori D:
Samfunnsvitskapelege og humanistiske fag på høgare grad, grunnskulelærar, enkelte kostnadskrevjande helsefag- og faglærarutdanningar, praktiske mediefag

Kategori E:
Helsefag, lærar- og realfagsutdanningar på lågare grad. Her ligg til dømes sjukepleiar, vernepleiar, profesjonsutdanning i juss,

Kategori F:
Teorifag og sosialfaglege utdanningar på lågare grads nivå

Det sa Kari Fuglseth, assisterande fakultetsdirektør, då fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet tysdag handsama saka om deltaking i Media City Bergen.

Har ein råd?
Styremedlemmene var positive til planane, og eit einstemmig styre vedtok at dei ville gi tilslutning til planane om at Institutt for informasjons- og medievitskap deltek i medieklynga. Styret sa òg ja til at universitetet inngår leigeavtalar med Entra Eigedom på vegne av instituttet.

Men det var eitt spørsmål fleire av styremedlemmene tok opp: Har ein råd til dette? Eller vil det gå ut over annan aktivitet ved fakultetet? Dei nye lokala vil gi ein arealauke for fakultetet på om lag 1000 kvadratmeter. I tillegg skal det opprettast tre nye, praksisretta bachelorprogram og eit praktisk masterprogram.

I saksframlegget heiter det at dei nye studietilboda vil vera tungt baserte på den fremste teknologien på feltet, og vil vera undervisningsintensive fag. Nye studietilbod vil difor føresetja nye fullfinansierte studieplassar i dei høge finansieringskategoriane frå Kunnskapsdepartementet. Det heiter òg at det er finansiering av nye studieplassar som gjennom basisinntekter og resultatinntekter vil gi finansielt grunnlag for instituttet si satsing i medieklynga. Nye fullfinansierte studieplassar vil dekka stillingsressursar, lokale og infrastruktur.

Mediefag på fjerde plass
– På Lillehammer vart det nyleg oppretta liknande studieplassar i den høgste kategorien, sa dekan Knut Helland.

Men han understreka at det ikkje er avklart kva nivå plassane kjem til å enda på.

– Me må vera i kontakt med både Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Næringsdepartementet, sa han.

Med dagens ordning er det kliniske studium som ligg i den øvste finansieringskategorien. Deretter kjem utøvande musikk-, arkitektur-, og designutdanning, og realfag på høgare grad som nummer tre. Praktiske mediefag ligg i dag som nummer fire.

– Finansieringa er ein føresetnad for å få dette til, sa Helland.

Ei oversikt frå Kunnskapsdepartementet viser at den einaste medieutdanninga som har kategori A-finansiering, er eit masterprogram i film- og fjernsynsutdanning ved Høgskolen i Lillehammer. Andre medieutdanningar, òg film- og TV-produksjon, ligg i kategori D. Eit kategori A-studium er finansiert med 351 000 kroner, medan eit i kategori D får 127 000 kroner.

Plass til fleire?
Dekanen sa at å vera med i medieklynga vil gi ein meirverdi for både forsking og utdanning.

– Men samstundes skal me ta vare på integriteten vår.

Styret lurte på om det var rom for at fleire fagmiljø ved fakultetet òg kunne vera aktuelle for medieklynga.

– Det er lange tradisjonar for medieutdanning i Bergen, faget film- og TV-produksjon går heilt attende til 1988. At det er Institutt for informasjons- og medievitskap som no i første omgang skal vera med, treng ikkje vera ekskluderande, sa Helland, og nemnde eit fag som visuell antropologi.

– Eg trur likevel at ein skal snakka med andre i etterkant – slik at det ikkje vert for mange kokkar og søl.

Førebels er det ingen av styra i verksemdene som etter planen skal vera med i klynga som har skrive under avtale med Entra Eigedom. Etter planen skal dette skje rundt nyttår.

– Når ein no går inn i forhandlingar, kan det verta uro. Men det betyr ikkje at det ikkje går i orden, sa Helland.