Ho er kanskje ikkje heilt slik som andre tilsette på UiB, men det gjev Kikki blaffen i. Her er ho på kontoret sitt saman med figurar frå favorittfilmen hennar; Alien vs. Predator.
Foto: Karl Kristian Langeland
Ho er kanskje ikkje heilt slik som andre tilsette på UiB, men det gjev Kikki blaffen i. Her er ho på kontoret sitt saman med figurar frå favorittfilmen hennar; Alien vs. Predator. Foto: Karl Kristian Langeland

Vil bidra med oppdatert klimakunnskap

Publisert

Kven er det som ikkje er redd for å by på seg sjølv, som likar debatt, som sit i klimapanelet til Arbeiderpartiet og som ikkje skjønar kvifor ordet petroleum på død og liv skal vere ein del av så mange studienamn? Jau, det er Kikki det.

Ein skjønar fort at det ikkje er ein heilt vanleg tilsett på UiB som held til bak den grøne døra med mange bilete på i 3. etasje på realfagsbygget. Her held fyrsteamanuensis på institutt for geovitskap, Helga Flesche Kleiven, til. Eller Kikki som alle kallar ho.

Bra at UiB tok debatten
Inne på kontoret står ein gul, komfortabel lenestol. Tenkestolen, som Kikki kallar den. Der sit ho mykje når ho må tenkje litt. I dag treng ho ikkje det, men ho sit der likevel. Orda kjem som ein foss av seg sjølv og fyrste tema ut er petroleumsforskinga på UiB. Kanskje ikkje så overraskande når ein har å gjere med ein klimaentusiast som Kikki.

– Berre så det er sagt; det var utruleg fint at vi tok den debatten på UiB. Nokre var bekymra for at om vi tok den debatten og slengte drit om kvar midlane til petroleumsforsking kom frå, så kom oljenæringa til å skru igjen krana. Men eg trur ikkje dei hadde noko problem med at vi tok den debatten.

Ho lener seg godt tilbake i tenkestolen, og stiller seg sjølv spørsmålet om UiB skal drive aktivt med forsking som gjer at Noreg ikkje når FN sitt togradersmål.

– Eg veit ikkje heilt. Eg meiner ikkje at vi ikkje skal drive med forsking for å finne ressursar, men vi må tenke over kor raskt desse ressursane skal takast ut. Skal vi ta ut alt no eller skal vi la våre barn og barnebarn også få nyte av dei ressursane vi har? Det er litt sånn pisse i buksene-effekt. Veldig bra no, men så står vi der.

Ho meiner også at det burde vere andre og meir verdifulle måtar å nytte seg av dei ressursane vi har på bok, som ho kallar det.

– I dag brukar vi olje og gass til å transportere oss. Eit par tiår fram i tid er eg sikker på at vi vil snu oss å seie; kva i all verda var det vi brukte desse ressursane på? Å fise ned til Praha for å kjøpe øl? Eigentleg treng vi hydrokarbonet til produkt som gjer samfunnet betre. Høgteknologiprodukt, medisinprodukt. Det er jo ein heilt unik verdi vi har som vi heller burde la stå litt lenger på bok. Men då må vi også få ein ide om kor mykje som er på den boka. Det er mellom anna det vi forskar på her på universitetet. Kor mykje olje og gass har vi og kvar ligg den?

Petroleumsbonanza
Ein annan ting Kikki stiller seg spørjande til, er kvifor fleire og fleire fag får eit namn med noko som inneheld ordet petroleum.

– No har vi ei forskargruppe som heiter petroleumsgeologi. Då eg byrja som student heitte det sedimentologi og tektonikk fordi det gikk på korleis dei forska. Eg trur dei hadde tent på å skifte namn, vise at dei er aktuelle på mange områder. Dei som jobbar med olje i Nordsjøen kan faktisk vere nøkkelen til å finne grunnvatnet i Sahara. Derfor må dei spele meir på forskinga si, ikkje einsrette seg inn mot petroleum.

Hadde ho vore student i dag hadde ho tenkt seg om fleire gonger for korleis ho skulle marknadsført seg.

–  Det er veldig mange dyktige forskarar som har fått dette namnet petroleumsforskar på seg. Dei var like aktuelle for å gjere ein jobb for oljebransjen før og vil vere like aktuelle i dag om dei kallar seg til dømes ein sedimentolog eller tektoniker. Det seier litt meir om kva dei gjer. Dei studentane som går ut herifrå med eit eksamensbevis det står petroleumsgeolog på gjer seg veldig aktuelle for oljebransjen, men utruleg uaktuelle til å vere flaum- og skredforskar inne i Aurland. Dersom dei som kjem ut her med kvartær, marin og berggrunnsgeologi har gjort seg aktuelle både for oljeindustrien og for ein jobb i Aurland.

Når det er sagt, så meiner ho at det framleis vil vere rom for petroleumsforsking på universitetet, og tru det eller ei så har ho faktisk litt trua på oljebransjen også.

– Nesten alle av dei eg har uteksaminert sit i dag i toppjobbar i ulike oljeselskap. Dei har vore toppkandidatar og har hatt reine klimaoppgåver. Det gjev meg litt trua på oljebransjen. Dei er faktisk interessert i brei kunnskap. Oljebransjen er nok ikkje så ille som vi alltid skal ha den til, men det er ein del trugslar der for gode velferdsmål, som for eksempel oljeboring i Lofoten. Det å ha sunne økosystem er også ein velferd. Det er ikkje berre pengar på bok.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kikki på plass i tenkestolen på kontoret. I den går tankane til alt frå klima til profilering, sosiale medier og stundom litt tysk heavy metal…Foto: Karl Kristian Langeland.

Fekk telefon frå Støre
Det er liten tvil i at klima er noko av det som opptek Kikki mest. No har ho også fått enda ei grein å sitje på i klimatreet sitt; Klimapanelet til Arbeiderpartiet.
Då Kikki høyrde Jonas Gahr Støre si fyrste tale etter at han tok over som partileiar for Ap, der han sa at han ville ha eit klimapanel, var <<DER skal eg vere med>> det fyrste Kikki tenkte. Nokre månader seinare fekk ho ein telefon frå nettopp Gahr Støre der han spurte om ho vil sitje i hans klimapanel.

– Det var utruleg morosamt og veldig enkelt å svare ja til det, fortel Kikki.

Kikki har ikkje berre drive klimaforsking, men og mykje med klimaformidling.  Opp gjennom åra og har vore med på mellom anna klimaklok og generasjon grøn som er eit kurs for lærarar og lærarstudentar om klimaendringane.

– Dermed har det også balla litt på seg og eg har mellom anna heldt foredrag for politiske ungdomsorganisasjonar og på ulike konferansar. Det er nok litt av grunnen til at eg vart plukka ut, samt at dei var veldig tydelege på at dei ville ha med Bjerknesmiljøet som over lang tid har drive medforsking og folkeopplysning om klima.

With license to influence
Utover vinteren og våren skal Kikki saman med personar frå industri, næringsliv, fagforeiningar og andre ulike fagmiljø vere med på å ta debatten om klima og kanskje kunne påverke Arbeiderpartiet i si retning.

– Det at eit politisk parti stiller seg ope for innspel et utruleg bra. Eg ser litt på det som at her er vi <<with license to influence>>. Det å kome vest frå med ein lisens til å påverke og kome med innspel er fantastisk, og eg opplever at det vert tatt seriøst i partiorganisasjonen. Eg trur dei ynskjer å få den kunnskapen som gjer at dei kan skape ein heilskapleg politikk.

Den store utfordringa innanfor klima er å snakke skikkeleg om det, meiner Kikki.

– Det å kunne snakke klima opp. Det norske begrepet <<klimakur>>  for å få ned CO2-kutt fungerer dårleg, spør du meg. Då er danskane mykje flinkare. Dei kallar det <<grøne moglegheiter og framtid>> og seier at <<ølet skal framleis vere kaldt>>. Det er noko danskane klarer å selje inn. Gulrot fungerer betre enn pisk.

At gulrot fungerar betre enn pisk er noko ho meiner mange av miljøvernorganisasjonane ikkje heilt har tatt til seg.

– Eg slit av og til litt med miljøvernorganisasjonane. Dei er alt for blåøygde og dei klarer ikkje alltid å sjå heilskapen. Vi skal vidare. Det er for naivt å tru at vi skal kutte forbruket. Å endre forbruket derimot er noko anna.

Kan kombinere politikk og forsking
Til panelet ynskjer Kikki å bidra med oppdatert klimakunnskap, men er det mogleg å skulle drive med både forsking og politikk?

– Ja, det meiner eg. Vi i panelet får vere herleg upolitiske og mange har vore tydelege på at dei ikkje stemmer på Arbeiderpartiet, og det gjer ikkje eg heller. Det er kunnskapsstatusen vi skal levere, men dei må gjerne omsetje noko av det til sin politikk.

Kikki er veldig opptatt av klima. Ikkje berre som forskar, men også som menneske og det bur nok ein aldri så liten klimaaktivist i ho.

– Eg har ikkje lenka meg enda, men eg stiller opp der folk treng klimakunnskap. Eg klarer ikkje heilt å sitje stille når eg ser dei store utfordringane vi har. Der går eg kanskje litt ut av rolla og det er sikkert nokon som meiner at det skal ein ikkje gjere. Dei meiner nok at ein skal vere 100 prosent objektiv, men eg trur forsking tener på å gjere seg relevant for folk. Så får dei heller gjere seg  opp ei meining om dei får nok kunnskap. Det å gjere forsking relevant og dagsaktuell gjennom å vere personleg og ha litt nerve trur eg er veldig viktig.

–Kva skal til for at du lenkar deg da?

–Lofoten, kjem det kontant frå Kikki. Ser ein seg rundt på kontoret så kan ein sjå plakaten med <<la torsken pule i fred>> oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.

– Ja, oljeboring i Lofoten, der går grensa for Kikki, seier ho og ler så det ljomar på det vesle kontoret og heilt sikkert langt ut i gangane.

(Artikkelen held fram under biletet)

La torsken pule i fred, er berre eit av mange bodskap ein kan lese på kontordøra til Kikki. Foto: Karl Kristian Langeland.

Balanserer fagleg og personleg
Skal Kikki til Harstad på ein klimadag, så reiser ho på ein laurdag for då har ho fri. Skal ho på politiske ungdomsorganisasjonar for  å halde foredrag så gjer ho det i ferien sin.

– Eg balanserer det godt. Eg har fagleg forankring og er 100 prosent forskingsbasert i arbeidstida, men eg tek det litt meir ut i feriar og helgar. Det er for så vidt ikkje noko nytt, det har jo mange forskarar gjort før meg også.

For ho klarer ikkje berre å sitje i ro inne på ein forelesingssal. Det går ikkje. Noko ho trur vert motteke både positivt og negativt.

–Det er litt den haldninga på UiB at vi skal ikkje meine noko, vi skal ikkje debattere. Men det vil eg og det meiner eg er viktig. Så får eg heller tåle at folk seier at der er ho igjen og stikk seg fram. Det tar eg faktisk som eit kompliment.

UiB må verte meir synlege
Om det var Kikki som fekk bestemme kva veg UiB skulle gå framover, ville ho helst hatt eit universitet som var meir synlege og som baud meir på seg sjølv.

–Vi har byrja å bli meir synlege, blant anna gjennom BT-blogg, men vi må gjere enda meir. Det må bli slik at folk i Bergen har lyst til å kome opp til oss, ikkje berre at vi skal ta ein tur ned i sentrum. Forskingsdagane er supre, men vi må tenke enda meir. Opne dagar der folk kan kome og gå å sjå kva vi gjer. Kanskje kan vi streame live ifrå aulaen om vi arrangerer debatter og andre arrangement. Vi er ikkje små, grå menn som går i tweed og røyker pipe, vi er midt i tida og samtidig forvaltar vi universitetets klassiske arv, seier Kikki og kjem med eit aldri så lite spark til den tweed-opphengde kunnskapsministeren sitt innlegg i Morgenbladet nyleg

Når folk benkar seg for å sjå både Newton og Schrödingers katt, for ikkje å snakke om Aarebrot, så seier litt om den store nysgjerrigheita det er blant folk, meiner Kikki.

–Dei lurer på kva vi gjer her opp på universitetet. La oss vise dei det då! Eksperiment og dialogar og debattar. Det tenar vi på! Det gjer ikkje forskinga vår mindre, tvert om, det gjer forskinga vår meir aktuell.

Alien vs. Predator
Kikki vil altså få fleire som er nyfikne og interesserte til å ta turen opp til universitetet, men kva lurer ho sjølv på der ho sit i realfagsbygget?

–I mange år har eg lurt på kva temperaturen på badevatnet til Eirik den Raude var, altså temperaturendringane rundt den vesle istida. I tillegg til det så lurer eg også på kva som skjedde med havstraumane utanfor Chile for omtrent 50 000 år sidan .

Men det stoppar ikkje der. Klimaforskar og klimaentusiast Kikki er også nyfiken på notida og kva som skjer i Antarktis.

– No ser vi at sjøisen veks rundt Antarktis og det skjer no som det blir varmare på jorda. Har det skjedd før når vi har hatt varme periodar? Det tenkjer eg litt på no og sånn går no dagane, seier Kikki og ler nok ein gong.

Kikki har tidlegare vore inne på at ho ikkje vil ha eit universitet fylt med gamle professorar i tweed-jakker. Inne på kontoret hennar er det ikkje ein einaste tweed-jakke å spore, men på hyllene står det forskjellig anna rart.

– Dette er figurar frå favorittfilmen min. Alien vs. Predator.

–Unnskyld, men kva sa du sa du?

– Alien vs. Predator. Den er heilt fantastisk. Så desse figurane må eg ha. Eg brukar dei faktisk i forelesingane mine også av og til.

No har ho ansvar for lektorutdanninga i geofag, som har blitt eit eige fag i den vidaregåande skulen.

–Eg underviser i geodidaktikk til lektorstudentane som går på korleis du formidlar og underviser faget. Det er draumefaget for meg. I den forbindelse har eg også ein del skulebesøk og eg er veldig opptatt av å få kunnskap ut i skulane. Korleis ta forsking inn i den vidaregåande skulen? Korleis kan vi gjere dei elevane til forskarspirar?

<<For ei dame>>
–Eg gler meg til kvar einaste forelesing. Eg kjem ut av ei totimars forelesing med meir energi enn eg hadde når eg gikk inn, seier Kikki og ein kan tydeleg sjå at heile andletet lyser opp.

Kva seier då elevane som skal studere geologi og kanskje ser føre seg litt trøtte og trauste typar til forelesarar når dei får eit fyrverkeri som Kikki inn i klasserommet?

– Ja, tenk det. Der sit dei og har den førestilliga og så blir dei møtt med The Cure på anlegget fredag morgon 08.15. Men eg syns jo det er like pyton som dei å stå opp så tidleg. Då seier eg til studentane mine at no skal vi ha eit skjebnefellesskap, fredag 08.15. Det er vondt for oss alle, men vi skal prøve å ha det litt gøy. Då blir det litt The Cure, litt youtube-klipp, litt quiz og litt moro, fortel Kikki.

Tilbakemeldinga frå studentane let heller ikkje vente på seg når ho byr på slik undervisning.

–Då er det utruleg kjekt å få tilbakemeldingar som <<FOR EI DAME! Tenk om all geologiundervisning kunne ha vore slik?>> Det er veldig kjekt for meg, men så er det sjølvsagt veldig tøft for kollegaene mine som ikkje har sjans til å måle seg med dette, seier Kikki før ho legg seg langt bak i tenkestolen sin og bryt ut i dagens høgaste latter til no. Det er nesten så det dirrar i vindauga.

–Ein må by litt på seg sjølv, men det skal ikkje vere show. Det er ein veldig hårfin balanse der det skal vere 100 prosent fagleg, men samstundes må ein vise entusiasmen ein har til faget.

–Byr du mykje på deg sjølv i møte med studentane?

– Eg deler litt av meg sjølv. Eg trur det er viktig. Skal du fortelje om maringeologi og forsking så er det jo litt kjekt å fortelje frå eit tokt. At eg har vore til sjøs i mange år og at eg faktisk trefte mannen min på tokt i Antarktis. Du gjer deg ikkje sårbar om du viser studentane at du er eit vanleg menneske.

Som du sikkert har skjønt no så er ikkje Kikki heilt slik som mange andre tilsette på UiB. Ikkje berre i undervisingssamanheng, men også privat. Dersom det ikkje går i faglitteratur og klimaforsking så kan Kikki godt slappe av med noko ganske anna.

– Det går veldig mykje i science fiction-teikneseriar og det går veldig mykje i tysk hardrock. Eller skikkeleg gamal heavy metal. Eg har nok ei litt anna speleliste enn mange av mine kollegaer. La oss seie det slik; eg går ikkje i harmonien på torsdagane.

Fekk selfie-hjelp av Erna
Men sjølv om Kikki er ein racer på å vere online, så er det ein ting ho ikkje har heilt teken på enda.

– Eg møtte statsministeren for litt sidan. Då måtte eg jo ta ein selfie, men eg hadde aldri gjort det før og styrte veldig med det. Då kunne Erna fortelje meg at det var litt enklare om eg gjorde det slik og slik. Det var jo stas både for meg og Erna. Då lærte eg noko nytt, og så kan Erna tenkje som så at dersom ikkje dei i regjeringa kunne bidra for å hjelpe forskarane med å redde klimaet, så kunne i alle fall ho hjelpe ein forskar med å ta ein selfie, seier Kikki før ho for siste gong i intervjuet ler sin karakteristiske og rungande latter.