- Klimaet ved polane er i utakt

Når det blir kaldare i Arktis, blir det varmare i Antarktis. Forskarar ved UiB er i gang med å finne ut meir om dette fenomenet.

Kva det er som forårsaker at temperaturane på dei to polane stig og søkk i  same mønster som ei vippe, veit ein enno ikkje.

- Teorien er kjend som  «bipolar seesaw» og kjenneteiknast ved at auka temperatur på  den eine polen fell saman med redusert temperatur på den andre polen. Fenomenet er kjend fra istidene, men blei for kort tid sidan også påvist i moderne data, seier Jostein Bakke, professor ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen til Geoforskning.no.

Fire grader varmare

Ifølge Bjerknessenteret sine klimamodellar kan gjennomsnittstemperaturen på jorda auke med opptil fire grader i løpet av dette århundret. Varmast kan det bli i arktiske strøk. Samstundes peikar nyare forsking i retning av at det blir kaldare på Antarktis. 

- Fenomenet ser ut til å gå i syklusar på 30 år. Men vi manglar den grunnleggande forståinga for kvifor det er slik og kva prosessar som ligg bak, seier Bakke til Geoforskning.no.

Femårig prosjekt

For å finne ut meir om kvifor temperaturen på polane ser ut til å variere med denne klare rytma har han starta eit nytt forskingsprosjekt kalla  «Shifting climate states of the polar region» - SHIFTS. Dette prosjektet har fått støtte fra Norsk Forskningsråd og skal gå over fem år.

For å kartlegge klimavariasjonane i polområdet vil forskarane samle inn og tolke høgoppløyselege data fra isbrear og innsjøar nær polane. Slik håpar dei å få kartlagt korleis klimaet i området har variert dei siste 10 000 åra. Ein rekke PhD- og masterstudentar, samt post-docar tek del i prosjektet.

Masterstudent og prosjektdeltakar Sunniva Vatle skal analysere prøver fra ein innsjø ved Hambergbreen på øygruppa Syd-Georgia sør i Atlanterhavet. Slik kan ho sjå på brevariasjonar over de siste 1500 åra. Foto: Sunniva Vatle. Forsidefoto: Istockphoto