Else Jerdal (til venstre), Helge Bjørlo og Ida Fauskanger er tre av 11 i NTL som står bak eit initiativ for å redusere flyreisene og få fortgang i klimaarbeidet ved UiB. - Heile organisasjonen må gå kritisk gjennom reiseverksemda si, seier Bjørlo. Foto: Njord V. Svendsen
Else Jerdal (til venstre), Helge Bjørlo og Ida Fauskanger er tre av 11 i NTL som står bak eit initiativ for å redusere flyreisene og få fortgang i klimaarbeidet ved UiB. - Heile organisasjonen må gå kritisk gjennom reiseverksemda si, seier Bjørlo. Foto: Njord V. Svendsen

Klima: UiB-tilsette vil kutte fly og ha slutt på seminar i utlandet

– Mange er urolege over at det går sakte med å komme i gang med konkret handling når det gjeld klimatiltak på universitetet.

Publisert

Det seier NTL-medlem Helge Bjørlo. Han er ein av 11 NTL-medlemmer som står bak eit initiativ for å skjerpe arbeidstakarorganisasjonens klimapolitikk – og ei oppmoding til Universitetet i Bergen (UiB) om å gjere det same.

På årsmøtet til NTL UiB onsdag ligg ei innstilling på bordet som ber om slutt på styreseminar i utlandet. «Dette bør også gjelde andre seminar/ekskursjonar på administrative avdelingar, fakulteta, institutta og sentra på UiB», heiter det i innstillinga til vedtak.

Fagforeininga, som organiserer nær 500 UiB-tilsette, kan dermed komme med eit korrektiv til universitetsleiinga, og slik er det også meint, ifølgje Bjørlo.

– Bør følgje UiOs eksempel

– Vi ønskjer å få NTL med på dette for å få UiB-leiinga til å ta det grøne skiftet endå meir på alvor. Men det gjeld ikkje berre leiinga, vi meiner at heile organisasjonen må gå kritisk gjennom reiseverksemda si for å redusere klimaavtrykket til UiB, seier Bjørlo, som er rådgivar ved Studieadministrativ avdeling.

I mars reiser UiB-styret på seminar til Boston, USA. I tillegg styret og rektoratet er dekanar, direktørar og stab med på turen – totalt 27 tilsette. Tidlegare i år reiste rektoratet til London for å ha sitt årlege internseminar. Ved Universitetet i Oslo (UiO) har rektor Svein Stølen derimot erklært at det no er slutt på å reise utanlands for å ha styreseminar. «Heller Gol enn Roma», uttalte Stølen til På Høyden.

«NTL meiner at UiB bør følge UiO sitt eksempel», heiter det innstillinga til vedtak til NTL-årsmøtet.

Forsvarer flyreiser

UiBs rektor, Dag Rune Olsen, har framleis det tyngste klimaavtrykket blant universitetsrektorane i Noreg. Som På Høyden tidlegare har skrive reiser han til sju land på fire kontinent i første kvartal 2019. Dette kjem på toppen av 2018, der Olsen hadde det desidert største klimagassutsleppet frå jobbreisene sine.

Olsen har forsvart reisinga med at «det er ein del av jobben min å halde kontakt med internasjonale samarbeidspartnarar».

Rektor ved UiB besøker sju land på fire kontinent i årets tre første månader. Foto: Tor Farstad.
Rektor ved UiB besøker sju land på fire kontinent i årets tre første månader. Foto: Tor Farstad.

Flyreiser er den største enkeltkjelda til klimagassutslepp ved UiB, det same er situasjonen ved dei andre store forskingsuniversiteta. Samstundes skal UiB bli klimanøytralt innan 2030.

Både UiB, NTNU og UiO arbeider no med klimarekneskap som også skal inkludere utslepp frå flyreiser. Det er også venta at dei vil vedta nye tiltak og retningslinjer for reising for å redusere utsleppa. Verken UiB eller andre norske universitet har så langt innført restriksjonar på flyreiser.

Ved UiO har ei gruppe tilsette nyleg starta ein underskriftkampanje med krav om at universitetet skal halvere sine klimautslepp frå flyreiser. Initiativtakarane har rekna ut at tilsette ved UiO reiste 62,2 millionar kilometer med fly i 2018. Det svarar til 80 gonger rundt månen.

– UiB bør gå i bresjen

– Vi ser at vi må ha nokre reiser. Men vi trur ikkje at alle er nødvendige, seier Else Jerdal, ein av dei andre som står bak forslaget. Jerdal er tilsett ved HR-avdelinga.

Ida Fauskanger er til liks med Bjørlo rådgivar ved Studieadministrativ avdeling. Ho meiner det ikkje berre kan vere opp til kvar enkelt tilsett å vurdere kva som er «nødvendige» reiser til ei kvar tid.

– Det er behov for ein tydeleg strategi og standard, nokre kriterium for kva som er ei nødvendig reise, seier ho.

Helge Bjørlo reknar seg ikkje som nokon miljøvernar i utgangspunktet, og har ikkje bakgrunn frå miljørørsla.

– Eg berre opplever at dette er veldig viktig. UiB er premissleverandør for FNs klimapanel. Å vere tydeleg i arbeidet for å få ned vårt eige karbonavtrykk kan vere med å bygge omdømmet. UiB bør vere som ein institusjon som går i bresjen og tar ansvar. Det er på tide å feie for eiga dør, både for universitetet og NTL, seier Bjørlo.