Professor i organisk kjemi bygger sennepsgass på kontoret. Nesten like enkelt er det å lage gassen i verkelegheita. Foto: Ida Bergstrøm og Creative Commons
Professor i organisk kjemi bygger sennepsgass på kontoret. Nesten like enkelt er det å lage gassen i verkelegheita. Foto: Ida Bergstrøm og Creative Commons

Farvel til våpna

Han trur ikkje kjemiske våpen er brukt for siste gong. Men når Organisation for the Prohibition of Chemical Weapons får Nobels fredspris i desember, skal kjemiprofessor Leiv K. Sydnes ha ein del av æra.

I februar i år anslo FN at 70 000 menneske hadde mista livet som følge av krigshandlingane i Syria.  

konvensjonen:

  • Ifølge Konven­sjonen om kjemiske våpen, som trådte i kraft 29. april 1997 det forbudt å lage, oppbevare og bruke kjemiske våpen.
  • Konvensjonen vert handheva av Organisation for the ­Prohibition of Chemical Weapons (OPCW).
  • Seks land står utanfor avtalen: Egypt, Israel, Nord-Korea, Angola, Burma og Sør-Sudan.
  • OPCW er ein uavhengig, sjølvstendig internasjonal organisasjon som samarbeider med FN.
  • Konvensjonen gir ein klar definisjon av kva som reknast som kjemiske våpen, giftige kjemikaliar, utgangsstoff, nøkkelkomponentar og produksjonsanlegg.

Natt til 21. august i år tok krigen ei ny vending. Då blei det sendt rakettar med nervegassen sarin mot eit bustadområde i Damaskus. Truleg sto det syriske regimet bak. Mange hundre menneske - barn, kvinner, menn, gamle og unge - døydde. Brutaliteten sjokkerte verda.

Bileta som rysta verda
– Ein må hugse på at kun éin prosent av ofra i Syria har døydd av kjemiske våpen, seier Leiv K. Sydnes, professor i organisk kjemi.

Vi har sett bilete frå krigssoner før. Men bileta av dei inntulla menneska som vart drepne under gassangrepet i Syria gjorde eit sterkt inntrykk. Særlig smerteleg var det å sjå dei bleike og livlause barna.

– Kvifor synes vi kjemisk krigføring så motbydeleg?

– Kjemiske våpen reknast ofte som feigt. Gassen gjer ikkje forskjell på folk, og den som drep er usynleg for dei som døyr. Krigføring har òg sine reglar. I 1675 kom det eit til dømes eit forbod mot å bruke gift i kuler, seier Sydnes.

Krigsetikken har fortalt at kamphandlingar skal skje mellom utdanna soldatar, skjold mot skjold, gevær mot gevær. Kvinner og barn skal sparast.

– Bruk av kjemiske våpen har alltid vore uglesett, seier Sydnes.

Hyllevare på Kjemisk institutt
I dag har 190 land skrive under på Konvensjonen om kjemiske våpen. Ifølge konvensjonen skal dei verken produsere, oppbevare eller bruke kjemiske våpen og nervegass som sarin, senneps­gass og fosgen.

I konvensjonen og vedlegget vert kjemiske våpen og kjemikaliar som kan brukast til å lage drepande gassar lista opp. Ei rekke av stoffa er lette å få tak i, nokre er hyllevare på Kjemisk institutt.

Viktige revisjonar leia av UiB-professor
Konvensjonen må reviderast kvart femte år. Her har professor Leiv K. Sydnes spela ei svært sentral rolle.

Organisation for the Prohibition of Chemical Weapons (OPCW) forvaltar konvensjonen, og dei treng hjelp frå kjemikarar. Som president i International Union of Pure and Applied Chemistry (IUPAC) vart Leiv K. Sydnes kontakta, og spurt om han kunne leie arbeidet. Det kunne han.

I april i år var det på nytt tid for revisjon av konvensjonen - igjen med kjemiprofessoren i leiinga.

Kan lagast på kjøkkenet
– Dei fleste kjemiske våpen er laga av kjemikaliar som er vanlege, tilgjengelege og nyttige, fortel Sydnes.

Mens han fortel, viser han kor enkle molekyl-strukturar dei giftige gassane har.

Ein brukar dei når ein skal lage vindusspylevæske og medisinar. Samt når ein skal stabilisere tøystoff og klede etter farging, seier Sydnes.

Kjemiske våpen kan ein lage på kjøkkenbenken. Sennepsgass er spesielt enkelt å lage. Ein treng heller ikkje mykje utstyr og kunnskap for å lage den livsfarleg nervegassen sarin.

– Med kjemiske stoff kan ein farge det finaste stoff. Ein kan også ta livet av ei rekke menneske. Ein må ikkje gløyme at det ikkje er tingen i seg sjølv som er farleg: Det same tøystykket kan ein også bruke til å henge nokon med, seier Sydnes.

Ikkje enkelt å øydelegge våpna
Fire land – Angola, Egypt, Nord-Korea og Sør-Sudan har ikkje underskrive avtalen medan Burma og Israel har skrive under, men ikkje ratifisert han.

I førre veke slutta Syria seg til i konvensjonen. No har landet eit problem med sitt store, daudbringande, militære overskotslager. Norge har blitt bedt om å bidra i destruksjonen, men har nyleg sagt nei til denne oppgåva.

Skal ein lære korleis ein skal destruere kjemiske våpen på ein sikker måte, må dei kunne ein del kjemi. Men denne kunnskapen kan, som mykje annan kunnskap, verte brukt for å skade.

Ifølge Sydnes er destrueringa eit oppdrag som hadde vore gjennomførbart, sjølv om det er farleg.

– Det er ikkje berre å få tak i nokre konteinarar, dumpe det ned og røre rundt. Men på Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) har dei kompetansen som trengs.

Kjemiske våpen er tabu
Etter det rystande angrepet på Ghouta vart president Bashar al-Assad utsett for eit massivt internasjonalt press. Han frykta eit amerikanskleia angrep, og lot våpeninspektørane sleppe inn.

FN sitt tryggleiksråd vart einige om en resolusjon om at Syria måtte gje det internasjonale samfunnet kontrollen over dei kjemiske våpna sine, og deretter samarbeide om å øydelegge dei.

OPCW fekk ansvaret. No har organisasjonen nær 30 eksperter i Syria. I desember får OPCW Nobels fredspris.

Torbjørn Jagland, leiar av Nobelkomiteen, sa at OPCW har lukkast i å definere kjemiske våpen som eit folkerettsleg tabu.

– Kva betyr denne prisen for organisasjonen?

– Dette aukar organisasjonen sin prestisje. Eg har snakka med inspektørar for OPCW. Dei som er ute i felten opplever fredsprisen som svært oppmuntrande, seier Sydnes.

– Er det naivt å tru at dette er det siste tiåret der folk døyr av kjemiske våpen?

– Terroristar er det store usikkerheitsmomentet. Eg trur aldri vi vil bli kvitt desse våpna. Men eg kan ikkje forstå kvifor ein vil ha slike våpen i dag, anna enn for å skremme, seier Sydnes.