Camilla Brautaset, leiar av UiBs kompetanseutval for Kina, seier ho vil ha meir diskusjon om kinasamarbeidet. — Det blir eit problem den dagen ein ser forsøk på å påverke undervisninga. Det har vi hittil ikkje sett, seier ho.
Camilla Brautaset, leiar av UiBs kompetanseutval for Kina, seier ho vil ha meir diskusjon om kinasamarbeidet. — Det blir eit problem den dagen ein ser forsøk på å påverke undervisninga. Det har vi hittil ikkje sett, seier ho.

Kinasamarbeid:«Balanse mellom paranoia og naivitet kanskje den aller største utfordringen»

— Vi vil ha meir diskusjon om forskings- og utdanningssamarbeidet med Kina, seier leiaren for UiBs kompetanseutval for Kina, Camilla Brautaset.

Publisert

Kinasamarbeid

Kina er i ferd med å bli eitt av dei viktigaste samarbeidslanda for norske forskings- og utdanningsinstitusjonar.

I 2016 førte forhandlingar fram til ei normalisering av diplomatiske forhold som opna dørene for både handels- forskingings- og utdanningssamarbeid. Kina boikotta Noreg etter at Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010.

Universitetet i Bergen har som mål å bli det leiande norske universitetet når det gjeld samarbeid med Kina. UiB er det einaste universitetet som har ein eigen handlingsplan for kinasamarbeid.

Universitetet i Bergen skal oppdatere strategien for kinasamarbeid — og no vil kompetanseutvalet for Kina ved Universitetet i Bergen (UiB) blåse meir liv i diskusjonen med eit nytt dokument, «Samarbeid med kinesiske institusjoner – kontekst og refleksjoner».

— Dette dokumentet er heilt klart respons på ein debatt, men først og fremst den internasjonale debatten om ansvarleg akademisk samarbeid i akademia og samarbeid med kinesiske institusjonar, seier Camilla Brautaset, leiar for kompetanseutvalet, og professor i historie og ekspert på Kina.

Nettopp mangel på refleksjon i kinasamarbeidet har vore noko av kritikken som er blitt retta mot UiB, mellom anna frå menneskerettsorganisasjon Raftostiftelsen.

Ein gjengangar har også vore Universitet i Bergen og Høgskulen på Vestlandets kontroversielle finansiering og samarbeid med Konfutse-instituttet i byen, det einaste i Noreg. I fjor fekk UiB ein paragraf som understrekar retten til akademisk fridom inn i samarbeidskontrakten.

I refleksjonsdokumentet frå kompetanseutvalet heiter det at det er «viktig å være bevisst på at den kinesiske utdanningssektoren er sentralstyrt og et strategisk viktig virkemiddel for myndighetene til å oppnå en rekke målsetninger også av politisk og ideologisk karakter».

— Ikkje uproblematisk

— Det føregår ein brei internasjonal debatt om samarbeid med kinesiske institusjonar, og det er utarbeidd mange rapportar. Vi såg eit behov for å skriftleggjere diskusjonane og refleksjonane vi har internt på UiB. Kina satsar enormt på forsking, utvikling og innovasjon, og er blitt verdsleiande på fleire felt. Det handlar ikkje berre om pengar og storleik, men også kvalitet. Då er det viktig å samarbeide – men det er heller ikkje uproblematisk, seier Brautaset.

Ho peikar særleg på dei geopolitiske spenningane som pregar tida vi er i, og då særleg forholdet mellom USA og Kina, som er blitt forsterka under koronakrisa. Det fører til eit polarisert klima det kan vere vanskeleg å navigere i, meiner ho.

— Nettopp her kan forskings- og utdanningssamarbeid spele ei nøkkelrolle for å motverke dette og skape dialog. Samarbeid handlar først og fremst om samarbeid mellom menneske, seier Brautaset.

Ein skal stå fritt, kunne søke innsikt utan å frykte sensur.

Camilla Brautaset, leiar av kompetanseutval for Kina

Refleksjonsdokumentet frå Kina-utvalet skal hjelpe UiB i arbeidet med å gi eit meir kunnskapsbasert grunnlag for kinasamarbeid som institusjonen, institutt og enkeltpersonar går inn i. UiB har som mål å vere førande i Noreg når det gjeld kunnskapssamarbeid med Kina, og har sidan 2018 vore det einaste norske universitetet med ein eigen kinastrategi.

— Eg synest UiB har vore tydelege, men bodskapen har ikkje alltid nådd fram. Det er viktig for utvalet å tydeleggjere premissane for UiBs samarbeid med Kina. Det er ingen nye moment her, men det er ikkje alltid vi har nådd fram, seier ho.

Ikkje problematiske erfaringar

Sidan noverande president i Kina, Xi Jinping, tok over roret i 2013, har både ytringsfridom, menneskerettar og akademisk fridom kome under sterkare press.

I fjor vekte det internasjonal merksemd då Fudan universitet i Shanghai, som er rekna blant dei mest liberale i Kina, fjerna «akademisk fridom» frå dokumentet som uttrykker kjerneverdiane for universitetet. Det vart også lagt opp til ein sterkare lojalitet til kommunistpartiet. Stein Kuhnle frå UiB, æresprofessor ved Fudan, og truleg ein av dei som lengst har hatt samarbeid med Kina blant norske akademikarar, uttrykte då ein ny uro over utviklinga.

— Eit signal frå styresmaktene om at dei framover vil ha meir politisk oppsyn med kva universiteta føretek seg, sa Kuhnle.

Han sa også at han opplevde at samarbeidspartnarar vart utsett for meir kontroll, mellom anna med pensum, utan at han sjølv hadde opplevd dette retta mot si eiga verksemd.

Camilla Brautaset meiner det er vanskeleg å seie kva som vil skje i Kina framover.

— Men UiBs prinsipp er krystallklart, den akademiske fridomen skal vere absolutt og ufråvikeleg og ligge til grunn for alt samarbeid. Om det blir vanskelegare å samarbeide, står igjen å sjå. Det viktigaste for oss er kva våre studentar og forskarar som jobbar med Kina fortel oss. Så langt har vi ikkje høyrt om problematiske erfaringar.

— Kva tenker du på som problematiske erfaringar?

— Ein skal stå fritt, kunne søke innsikt utan å frykte sensur.

— Kva med indirekte sensur?

— Det blir eit problem den dagen ein ser forsøk på å påverke undervisninga. Det har vi hittil ikkje sett, seier Brautaset.

Paranoid eller naiv?

Ifølgje kompetanseutvalet for Kina ved UiB er «det å finne en fornuftig balanse mellom paranoia og naivitet kanskje den aller største utfordringen for akademiske institusjoner som ønsker å samarbeide med partnere i Kina».

— Kina er veldig ulikt det systemet vi sjølv kjem ifrå, både i utdanning og samfunnsstruktur generelt. Det er meir sentralstyrt og ein sterk grad av koordinering. Det skal vi ikkje vere blinde for eller naive i møtet med. Men då er det samstundes viktig at vi ikkje blir paranoide. Det er også ei fallgruve – om ein blir mistenkeleggjort berre fordi ein er frå Kina. Etnisk profilering er heller ikkje samsvar med våre verdiar. I den spente geopolitiske situasjonen vi har no er det ekstra viktig å ha kunnskapssektoren som plattform der menneske med ulik bakgrunn møtest.

UiBs kompetansegruppe har basert notatet sitt på fleire liknande rapportar og notat i andre land, blant anna frå det australske utdanningsdepartmentet. Særleg har ein rapport frå Senter for strategiske studiar i Haag i Nederland vore inspirasjonskjelde.

— Vi vil ha meir diskusjon om forskings- og utdanningssamarbeidet med Kina, seier Brautaset.