Intisar el-Zein Soughayroun (61) er i Bergen på et forskingsopphald, mens det er svært urolege dagar heime i Khartoum. I Bergen finst det viktige arkiv frå Sudan, som arkeologen brukar i forskinga si. Foto: Silje Katrine Robinson
Intisar el-Zein Soughayroun (61) er i Bergen på et forskingsopphald, mens det er svært urolege dagar heime i Khartoum. I Bergen finst det viktige arkiv frå Sudan, som arkeologen brukar i forskinga si. Foto: Silje Katrine Robinson

Kontrasten mellom fredelege Bergen og valden i Khartoum kan knapt bli større for professoren frå Sudan.

Intisar el-Zein Soughayroun (61) er merittert professor i arkeologi, men òg forkjempar for demokrati i Sudan, der fredelege demonstrantar blir massakrerte av regjeringsstyrkar.

Publisert   Sist oppdatert

Vi møtest i kafeen i Muséhagen ved Universitetet i Bergen, der studentar og tilsette i sommarmodus drikk caffe latte og et bollar.

Revolusjonen i Sudan

  • Demonstrasjonane mot Omar al-Bashir tok til i desember 2018.
  • Under demonstrasjonar 6. april blei det klart at ein del soldatar støtta demonstrantane.
  • 11. april blei Bashir arrestert, og eit militærråd tok over.
  • Kravet frå demonstrantane er rask overgang til sivilt styre.
  • Rørsla har opphav i middelklassen, og mange legar, funksjonccærar og universitetstilsette støttar kravet om ei sivil regjering.
  • 3. juni gjekk Rapid Support Force til åtak på demonstrantane. Flere kjelder har stadfesta at over 100 menneske blei massakrerte.

Sjølv har Intisar el-Zein Soughayroun mista appetitten av bekymring for dei ho har forlate heime i Khartoum. Der førebur kollegaene og studentane til ein massedemonstrasjon søndag 30. juni. 3. juni enda det i ein massakre då militsen gjekk til åtak på demokratiforkjemparane.

Diktatoren trakk seg

I tretti år har Omar al-Bashir vore diktator i landet, og styrt landet som eit militærregime. Men etter omfattande demonstrasjonar sidan desember i fjor, måtte Bashir trekke seg. Deretter tok eit militærråd makta, mens demonstrasjonane for sivilt, demokratisk styre heldt fram.

3. juni gjekk tryggingsstyrkar til åtak på demonstrantane som lenge hadde slått leir framfor det militære hovudkvarteret. Demonstrantar blei drepne og valdtekne, og lika kasta i Nilen. Ei legegruppering meiner at over 100 menneske ble massakrerte.

Fakultetet for realfag var det første dei gjekk til åtak på, og laboratoria blei øydelagde. Foto: Privat
Fakultetet for realfag var det første dei gjekk til åtak på, og laboratoria blei øydelagde. Foto: Privat

Etter åtaket på demonstrantane gjekk tryggingsstyrkane, leia av Rapid Support Forces som for ein stor del er rekruttert frå janjaweed-militsen som står bak krigsbrotsverk i Darfur, til åtak på Universitetet i Khartoum. Institusjonen er landets eldste, og eit nasjonalt symbol. Men det er òg her mange protestrørsler har starta.

— Det har vore protestar ved Universitetet i Khartoum før. Det skjedde i 1964, og i 1985. I 2013 var det òg protestar der, fortel Soughayroun til På Høyden.

Kutta av hendene

I desember 2018 byrja folk å protestere i andre byar enn Khartoum.

— Minibankane var tomme for pengar, og prisane hadde blitt tredobla over natta, seier Soughayroun.

Demonstrasjonane spreidde seg til Universitetet i Khartoum.

— Men dei blei møtt med undertrykking. To studentar fekk hendene kutta av under demonstrasjonane, då dei prøvde å kaste tåregassgranatar, som eksploderte, tilbake på politiet.

Ved universitetet starta tilsette og studentar ei rørsle som kom med forslag om korleis dei kunne få til ein fredeleg overgang til eit sivilt styre. Alle planane blei publiserte på internett, slik at folk kunne kommentere dei, og komme med forslag.

Kollegaen Muntassir el Tayib leia rørsla ved universitetet, men då han blei arrestert rykka Soughayroun opp frå nestleiar til leiar.

Nevø drepen

6. april demonstrerte hundretusenvis mot Bashir i Khartoum, og revolusjonen fekk støtte frå delar av hæren.

— Sjølv om dei brukte tåregass kom det fleire og fleire folk. Ein av sønene mine var der.

Demonstrantane slo leir framfor hovudkvarteret til hæren. 11. april blei Bashir avsett, og plassert i arrest av militærrådet. Heime hos han skal det ha blitt funnet nær ein milliard kroner i kontantar.

Då militsen kom til universitetet braut dei opp skapa, og tok med seg alt av verdi. Det dei ikkje kunne ta med, øydela dei. Foto: Privat
Då militsen kom til universitetet braut dei opp skapa, og tok med seg alt av verdi. Det dei ikkje kunne ta med, øydela dei. Foto: Privat

Deretter blei det forhandlingar mellom dei militære og opposisjonen. Rørsla ved universitetet blei og kalla inn.

Samarbeid med Sudan

Universitene i Bergen og Khartoum har samarbeidet siden 1965, og den første doktorgradsstipendiaten fra Sudan kom til Bergen i 1970.

I 2015 ble det feiret femtiårsjubileum for samarbeidet.

Arkeologi har vært en disiplin med nært samarbeid, men også odontologi, sosialantropologi, folkehelse og flere andre fag har samarbeidet med ulike fagmiljø i Khartoum.

— Leiaren av militærrådet møtte oss. Det var omkring sju av dei totalt. Vi snakka, og vi fekk inntrykk av at dei lytta. Då vi kom ut av det republikanske palasset var vi svært optimistiske. Men etterpå viste det seg at alt dei hadde sagt berre var løgn, seier Soughayroun.

Forhandlingane heldt fram. Men tidleg om morgonen 3. juni gjekk styrkar frå Rapid Support Forces til åtak på teltleiren til demonstrantane.

— Dei start å skyte i gatene frå vest, fortel Soughayroun.

Folk blei jagde austover, mens militsen skaut, valdtok, banka opp folk og tente på telta.

Nevøen til Soughayroun er ein av dei drepne.

Torturerte tilsett

Universitetet ligg like ved, og etter at dei hadde massakrert demonstrantane, gjekk styrkane vidare til campus. Der var det ein del studentar og tilsette som skulle passe på bygningane, så det ikkje kom tjuvar.

Dei tilsette ved universitetet er med på demonstrasjonane, og bruker det sudanesiske flagget som symbol. Foto: Privat
Dei tilsette ved universitetet er med på demonstrasjonane, og bruker det sudanesiske flagget som symbol. Foto: Privat

— Dei starta ved fakultetet for realfag. Dei stal alt datautstyr og øydela. Laboratoria for kjemi og biologi blei knuste. Det dei ikkje kunne ta med av datautstyr øydela dei. Skrivarar som var for store til å ta med skaut dei på.

Soughayroun var i kontakt med grupper som hadde gøymd seg rundt om i bygningane. For nokre løyste det seg til slutt ved at ein løytnant frå hæren kom, og tok dei med seg til eit trygt område.

Men ikkje alle var like heldige. Ein tilsett blei torturert med brennande sigarettar då militsen fekk tak i han.

Samarbeid med UiB i over 50 år

Den sentrale delen av campus, der 7 av 23 fakultet held til, er øydelagd.

— Og det er ikkje trygt å byggje opp at universitetet enno, meiner arkeologen.

Dessutan er både studentar og skuleelvar i streik mot regimet, og konflikten viser ikkje teikn til å avta.

Universitetet i Bergen har samarbeidd med Universitetet i Khartoum i 54 år, mellom anna innan arkeologi, sosialantropologi, odontologi, sosiologi, folkehelse og andre fag.

Demonstrasjonar i helga

Søndag 30. juni er det varsla store demonstrasjonar frå opposisjonen. Imens er Soughayroun i Bergen, på eit forskingsopphald som har vore planlagd lenge.

Ungdommar hadde tromma på tomme togvogner i månadsvis til støtte for eit sivilt styre, då militsen slo til 3. juni. Foto: Privat
Ungdommar hadde tromma på tomme togvogner i månadsvis til støtte for eit sivilt styre, då militsen slo til 3. juni. Foto: Privat

— Eg har håp, og eg trur på folkets vilje. Det er det som er viktig. Trass i alt som har skjedd, så slåss folk framleis. Vi trudde at ungdommen i dag var ubrukelege, at dei berre var opptekne av å få mat i magen. Men det har vist seg at vi har fantastisk flotte ungdommar, som er sterkare enn forelda og besteforelda sine.

Vil tilbake til livet sitt

Soughayroun har tre søner. Då ho drog fekk ho klar melding frå den yngste:

Kunstarar lagde og bilete i teltleiren til demonstrantane. No er desse mala over. Foto: Privat
Kunstarar lagde og bilete i teltleiren til demonstrantane. No er desse mala over. Foto: Privat

— Ikkje kom tilbake. Du er trygg i Bergen.

Men Soughayroun kom ikkje med noko flyttelass for å søkje asyl, berre ein liten koffert.

— Eg elskar Sudan. Det er eit stort og vakkert land, og som arkeolog får eg reise rundt i det. Vi har olje som gir store inntekter, men ingen veit kor dei inntektene blir av.

15. juli har ho billett tilbake.

— Det er der eg har heile livet mitt. Rommet mitt, arbeidet og barnebarnet mitt. Men dersom ting blir endå verre kan eg ikkje sjå for meg at eg blir trygg i Sudan.

No følgjer ho med via internett, på trass av at regimet har stengt mykje ned.

— Eg håper demonstrasjonen på søndag blir ein suksess. Eg ber til Allah om at det ikkje blir fleire drap. Når eg ser bileta av martyrane frå 3. juni, føler eg at vi er sterkare.

Kvinnelege tilsette foran Universitetet i Khartoum demonstrerer. Universitetet har 16 800 studentar, og 55 prosent av dei er kvinner. Foto: Privat
Kvinnelege tilsette foran Universitetet i Khartoum demonstrerer. Universitetet har 16 800 studentar, og 55 prosent av dei er kvinner. Foto: Privat