Kikki Kleiven ved Institutt for geovitenskap og Petter Bjørstad ved Institutt for informatikk seier begge at UiB risikerer å miste gode kandidatar som følgje av tilsettingsreglementet. Foto: Ida Bergstrøm og Ingvild Festervoll Melien
Kikki Kleiven ved Institutt for geovitenskap og Petter Bjørstad ved Institutt for informatikk seier begge at UiB risikerer å miste gode kandidatar som følgje av tilsettingsreglementet. Foto: Ida Bergstrøm og Ingvild Festervoll Melien

UiB kan tape kampen om dei beste forskarane. Årsak: Partnarar får ikkje jobb

– Det er på tide å tenke annleis omkring rekruttering. Dette seier Kikki Kleiven, klimaforskar ved Institutt for geovitskap og Bjerknessenteret.

Éi ledig stilling, ei utlysing. Lang prosess, så skal den  best kvalifiserte bli tilsett. Dagens praksis er i tråd med regelverket. Men er den til det beste for UiB?

Kikki Kleiven er ikkje heilt sikker.

– Vi er deltakarar i ein global konkurranse. Viss vi verkeleg skal vere eit internasjonalt universitet som er på veg oppover, må vi fornye oss og tenke meir radikalt enn vi gjer i dag, seier ho.

Viss vi vil fornye oss, må vi ut av dette at son følgjer far

Ho utdjupar:

– Ved fleire universitet i utlandet, til dømes i USA, er haldninga at dei ønskjer å rekruttere, ikkje berre fylle ei stilling innan eit gitt felt.  Nokre vil sikkert vere rykande ueinige i at dette er ein god framgangsmåte for tilsetjing, seier Kikki Kleiven.

Ønskjer opnare utlysingstekstar
Kikki Kleiven etterlyser opnare utlysingstekstar, som inviterer til at fleire kan søke på ei stilling. I dag er utlysingstekstane svært spesifikke i sitt krav til forskingsprofil, erfaring og ønska kvalifikasjonar.

Når ein lyser ut ei ledig stilling, skjer dette etter ein lengre prosess ved instituttet. Ofte skal ein berre tilsette éin person.

Men mange av dei som vurderer å kome til UiB har ofte ein partnar med ei eiga karriere innan akademia. For dei blir valet vanskeleg: Skal dei bli der dei er? Eller skal dei bli med partnaren sin til Bergen og håpe på at det blir ein ledig jobb ved UiB etter kvart?

– Vanskeleg innanfor dagens ordning
Petter Bjørstad er leiar ved Institutt for informatikk. Han rekrutterer ofte internasjonalt. Fleire gonger har han fått opplyst at den nytilsette har ein partnar som arbeider innan akademia, og blitt spurt om han kan ordne ein jobb også til han eller henne.

Ofte er det lite han kan gjere.

– Problemet i dag er å få til ei ordning som er ryddig. Innanfor dagens tilsetjingspolicy er det vanskeleg, seier han.

På Høyden kjenner til at gode professorar har sagt opp og reist frå Bergen, fordi UiB ikkje har hatt vitskaplege stillingar å tilby ektefellen.

Petter Bjørstad meiner UiB ville blitt meir attraktiv som arbeidsgjevar dersom ein fann ei løysing.

– Konkurransen om dei beste kandidatane hardnar. Dei institusjonane som og klarar å handtere tilsetjingar av dei rekrutterte sine partnarar, vil ha eit fortrinn, seier Petter Bjørstad.

Han har sjølv vore i ein situasjon der han måtte ta avgjerande karrieresteg i samråd med ektefellen. Då han var ferdig med doktorgraden, fekk han ein liten bunke jobbtilbod frå amerikanske universitet. Han sat igjen med to alternativ: Dei ville begge gje ein jobb til kona.

Vi skal ikkje lage tekniske eller administrative stillingar berre fordi det kjem ein professor med ein partnar

Akademiske arverekker får styre rekrutteringa
Kikki Kleiven meiner at UiB må tore å tilsetje folk på ulike måtar enn gjennom den tradisjonelle.

– Når lyser ut ei stilling ved UiB i dag, har den gjerne svært spesifikke krav til kvalifikasjonar. Den som vert tilsett, skal ofte fylle dei akademiske fotspora til ein professor som skal gå av med pensjon.

– Viss vi vil fornye oss, må vi ut av dette at son følgjer far, seier Kikki Kleiven.

Ho vil vekk frå frå akademiske arverekker. Og ho vil vekk frå tankegangen om at dersom ein står lenge nok i kø som midlertidig tilsett, vil tålmodet til slutt lønast med ein fast jobb.

– Dette er kontroversielt: Men kunne vi sjå på moglegheita for å tilby ei pakke, framfor å tilsette ein person i ei stilling? Dette krev god dialog mellom ulike institutt og fagmiljø. Og vi kunna ha sett på moglegheiter ved både HiB og ved Uni Research. Her kunne vi verkeleg bryte litt nytt land, seier Kikki Kleiven.

Ho skulle ønske at familiane til aktuelle kandidatar blei inviterte til Bergen i forbindelse med intervju og prøveforelesing.

– Vi kunne då vise fram at vi har unike velferdstilbod, ein fantastisk god barnehage for UiB-tilsette, og ein by som er rik på friluftsliv og kultur. Vi burde selje inn heile pakka.

Kvalifikasjonar skal vere styrande
Kikki Kleiven presiserer at opninga for å tilsetje par ikkje skal føre til at ein tilset personar som ikkje er kvalifiserte.

– Vi må våge å tenke nytt, og tenke at «her kan vi faktisk rekruttere to dyktige personar». Men vi må aldri fire på kvaliteten. Vi skal ikkje lage tekniske eller administrative stillingar berre fordi det kjem ein professor med ein partnar. Men er det eit superdyktig par som seier det vurderer Bergen, bør ein kunne tilsetje dei begge.