Karoline Skarstein ønskjer ikkje å vera med i debatt i regi av Studentersamfunnet. Foto: Silje Takle
Karoline Skarstein ønskjer ikkje å vera med i debatt i regi av Studentersamfunnet. Foto: Silje Takle

Trekkjer seg frå kjønnsdebatt

Notert: Ein av deltakarane har trekt seg frå Studentersamfunnet sin debatt om kjønnsidentitet.

Published   Updated

Studentersamfunnet arrangerer debatten «2,3 eller 7 kjønn» neste veke. I panelet skulle mellom andre Karoline Skarstein og Tonje Gjevjon sitja. Slik vert det ikkje. Skarstein har trekt seg fordi Gjevjon skal vera med. Dette skriv Studvest.

Skarstein er transperson. Gjevjon er lesbisk, og har fleire gonger uttalt seg i debatten og kjønn og kjønnsidentitet. I fjor sommar skreiv ho mellom anna i Dagbladet at «transaktivister latterliggjør kvinner som vektlegger biologi, og kaller særlig lesbiske kvinner vaginafetisjister, samtidig som de selv gjør alt de kan for å etterligne kvinners biologi og anatomi. Jeg skjønner ikke logikken».

Skarstein seier til Studvest at ho valde å trekkja seg fordi ho opplevde forholda rundt debatten som uklare.

Thora Bjørke Sandberg er debattleiar i Studentersamfunnet. Ho seier til Studvest at Studentersamfunnet er opptekne av at debattane dei arrangerer skal vera seriøse.

– Me inviterer ikkje til debatt for å laga show. Samstundes er me opptekne av å trekkja fram skiljeliner i samfunnet, og setja fokus på ting studentar synest er interessante.