Universitetet i Bergen, her representert ved Studentsenteret på Nygårdshøyden, har ifølgje TNS Kantar si omdømmeundersøking eit sterkt omdømme.
Universitetet i Bergen, her representert ved Studentsenteret på Nygårdshøyden, har ifølgje TNS Kantar si omdømmeundersøking eit sterkt omdømme.

Måling: UiB på topp 5-liste

Av 33 offentlege verksemder som TNS Kantar har undersøkt, ligg Universitetet i Bergen på 4. plass når det gjeld omdømme.

Publisert

TNS Kantar har kartlagd 33 offentlege verksemder, og blant NTNU, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, UiT Norges arktiske universitet og OsloMet, er alle utanom sistnemnde inne på topp 10.

Om undersøkinga

Kantar TNS gjennomfører årlege målingar blant eit utval av verksemder innan offentleg sektor.

I 2019 er 33 verksemder kartlagde og det er gjennomført om lag 250 intervju per verksemd.

3248 personar er intervjua.

Intervjua blei gjennomførte i april og mai (veke 17 – 20.

Formålet med undersøkinga er å kartlegga verksemdene sine omdømme og gje kvar enkelt verksemd tilbakemelding på kva område som bør jobbast med for å styrka omdømmet.

Ansvarleg for målinga i Kantar er Live Nerdrum.

Det bidreg til å plassera utdannings- og forskingssektoren suverent på topp blant dei andre sektorane (tilsyn, etatar, direktorat og departement) som er undersøkte.

Mitt inntrykk er at universiteta fokuserer mykje på dette.

Live Nerdrum
Prosjektansvarleg, Kantar

På plassane rundt universiteta på topp 10-lista finn me Noregs Bank på 2. plass, Lånekassen på 3. plass , Forbrukartilsynet på 6. plass, Folkehelseinstituttet på 7. plass og Statens pensjonskasse på 8. plass.

Sjå dei 33 verksemdene rangerte i eigen tabell nedst i artikkelen.

— Flinke til å promotera seg sjølv

Omdømmepoenga som universiteta har fått i år er så å seia identiske som i fjor, og gjennomsnittsscoren på 65 betyr at utdannings- og forskingssektoren har «eit sterkt omdømme».

Prosjektansvarleg i Kantar, Live Nerdrum, trur grunnen til at omdømmet er såpass sterkt blant utdanningsinstitusjonane mellom anna handlar om at kvar enkelt institusjon bevisst brukar ressursar på å bygga opp merkevara.

— Mitt inntrykk er at universiteta fokuserer mykje på dette. Fleire av dei er flinke når det kjem til reklame og liknande, og generelt sett er dei veldig flinke til å promotera seg sjølve i ulike kanalar, seier Nerdrum, og held fram:

— Så er det jo også slik at dei andre offentlege sektorane kanskje er meir utsette for dårleg omdømme. Til dømes har nok mange eit inntrykk av at ting og tang går litt treigt, og samstundes er det veldig enkelt å merka seg feil og manglar når det gjeld verksemder som NAV og liknande.

Verksemdene rangert

Verksemder Poeng
NTNU88
Noregs Bank81
Lånekassen74
UiB68
UiO66
Forbrukartilsynet65
Folkehelseinstituttet65
Statens pensjonskasse64
UiT Norges arktiske universitet63
Finanstilsynet62
Mattilsynet60
Tollvesenet56
Forskingsrådet55
Datatilsynet55
Arbeidstilsynet55
Skatteetaten53
Konkurransetilsynet53
Helsetilsynet46
Politiet45
DSB43
OsloMet40
Finansdepartementet40
Helsedirektoratet37
Statens vegvesen36
Utdanningsdirektoratet34
Miljødirektoratet32
Kunnskapsdepartementet31
Forsvaret30
Kulturrådet24
Miljøverndepartementet18
Samferdselsdepartementet16
Utlendingsdirektoratet5
NAV0

Over 75 poeng: Særdeles sterkt omdømme. 55-74 poeng: Sterkt omdømme. 35-54 poeng: Sårbart omdømme. Under 35 poeng: Svakt omdømme.