Det psykologiske fakultetet har vedteke at dei vil ha ei ordning med valte instituttleiarar. Dette gjekk det sitjande dekanatet til val på i 2017. No skal saka handsamast i universitetsstyret. Foto: Dag Hellesund
Det psykologiske fakultetet har vedteke at dei vil ha ei ordning med valte instituttleiarar. Dette gjekk det sitjande dekanatet til val på i 2017. No skal saka handsamast i universitetsstyret. Foto: Dag Hellesund

Justering av valreglementet: Ope brev til Universitetsstyret

Publisert

Førstkommande torsdag skal universitetsstyret ta stilling til eit forslag om justering av UiBs valreglement. Forslaget om endring av reglementet er innbakt i Sak 112/19 Ordning med valg som rekrutteringsform av instituttledere ved Det psykologiske fakultet og justering av valgreglementet, og har bakgrunn i at eg for snart fem veker sidan varsla universitetsleiinga om at reglane om stemmevekting i gjeldande valreglement gjev absurde utslag når ein skal velge instituttleiarar.

Dette betyr at dei tre i administrasjonen har langt meir innflytelse over valet på instituttleiar enn dei 19 professorane på instituttet.

Steinar Vagstad

På Institutt for samfunnspsykologi, truleg det første instituttet til å halde val på instituttleiar, er det for tida tre administrativt tilsette og 62 vitskapleg tilsette i minst 50 % stilling. Dei tre i adminstrasjonen har med dagens ordning 24 % stemmevekt, medan dei 62 vitskaplege har 51 %. Dette betyr at dei tre i administrasjonen har langt meir innflytelse over valet på instituttleiar enn dei 19 professorane på instituttet!

Same som ved rektorval

Rota til problemet er at universitetsstyret utan å tenkje seg om har gått ut frå at det som er fornuftige vekter ved eit rektorval også vil vere fornuftig ved val på dekanar og instituttleiarar. Problemet med dette er at kva som er fornuftig vekt for ei stemmegruppe må vurderast i forhold til kor stor gruppa er. På institusjonsnivå utgjer teknisk-administrativt tilsette omtrent 40 % av dei tilsette velgjarane, på Det psykologiske fakultetet rundt 23 %, og på Institutt for samfunnspsykologi under 5 %. Sjølv om tala varierer er dette eit mønster som går igjen om vi ser på andre institutt og andre fakultet, og har si forklaring i at vitenskap er desentralisert medan administrasjon er sentralisert, for å seie det enkelt. Dette betyr igjen at den undervektinga av teknisk-administrative stemmer som Universitets- og høgskolelova gjev oss pålegg om å gjere ved rektorval, blir snudd til overvekting av slike stemmer ved dekan- og spesielt instituttleiarval.

Slik kan vi sjølvsagt ikkje ha det. Universitetsdirektørens forslag til vedtak er det eg vil kalle eit steg riktig retning: «Fakultetsstyret fastsetter vektingen ved valg av instituttleder». Det som er viktig og bra med forslaget er at det opnar for å vekte annleis enn ved rektorval.

Vil òg gjelda dekanval

Forslaget har imidlertid eit stort forbetringspotensiale. For det første opnar det for mange rare alternativ til dagens ordning – sjølv om saksførelegget går langt i å oppfordre fakultetsstyret til å halde seg til den vektinga som eg nettopp har argumentert for ikkje er bra for instituttleiarval, kan fakultetsstyret for eksempel bestemme seg for å nærmast «vekte bort» enkelte stemmegrupper. Eit anna problem er at valteknikk ikkje er heilt trivielt, og det er ikkje opplagt at eit fakultetsstyre greier å rekne seg fram til fornuftige vekter. Eit tredje moment er at universitetsdirektørens forslag berre rører ved instituttleiarval, medan problemet med overvekting av teknisk-administrative stemmer også gjeld for dekanval – om enn ikkje så sterkt. Vi bør legge til rette for at det er velgjarane, ikkje vektingsreglane, som avgjer tette val, både for dekanar og instituttleiarar.

Forslag: Slå saman alle

Heldigvis finst det ei enkel løysing på alle desse problema med universitetsdirektørens forslag: slå saman alle tilsette til ei stemmegruppe ved dekan- og instituttleiarval, og la denne samanslåtte gruppa ha stemmevekt 75 % (som i dag). Dette vil sikre at alle tilsette har like mykje å seie i valet av leiar, og burde vere ukontroversielt. (Viss nokon i universitetsstyret ikkje ønskjer dette bør dei stå fram og argumentere for sitt syn.)

Det vil vidare beskytte alle stemmegrupper mot å bli offer for eit fakultetsstyre som har andre idear enn at alle tilsette skal telle like mykje, enten uforvarande eller med vilje. (Studentane sine stemmer tel framleis 25 %.)

Reint praktisk oppfordrar eg nokon i styret til å be om at det blir stemt over følgjande alternative forslag til vedtak:

  • Universitetsstyret godkjenner at Det psykologiske fakultet går over til valg som rekrutteringsform av instituttledere ved fakultetet.
  • Ny § 22-2, 4) i valgreglementet (dekanvalg) skal lyde «Stemmene skal telles særskilt for følgende to grupper og gis slik vekt: - ansatte: 75% - studenter: 25%».
  • Ny § 25-2, 3) i valgreglementet (instituttledervalg) skal lyde: «Stemmene skal telles særskilt for følgende to grupper og gis slik vekt: - ansatte: 75% - studenter: 25%».