Jusstudentane ved Universitetet i Bergen, Benedicte Røvik (til venstre) og Elina Arnukajeva, meiner det er eit klart behov for å endre på eksamens- og evalueringsformene. Foto: Njord V. Svendsen
Jusstudentane ved Universitetet i Bergen, Benedicte Røvik (til venstre) og Elina Arnukajeva, meiner det er eit klart behov for å endre på eksamens- og evalueringsformene. Foto: Njord V. Svendsen

Juss, press og stress: Manglar tillit til sensor og karaktersetting

Puggekultur og karakterjag pregar jusstudentane. No endrar fakultetet eksamens- og evalueringsformene.

Publisert

— Det er det eg er mest misfornøgd med på studiet, at denne eine eksamensdagen og ein tilfeldig sensor skal avgjere så mykje, seier Elina Arsnukajeva, jusstudent på tredje året ved Universitetet i Bergen.

Bør karakterane fjernast på universitetet og bli erstatta med andre vurderingsformer?

Ja, det er noko som må vurderast, uttalte dekan ved det Matematisk-naturvitskapelege fakultet, Helge K. Dahle til På Høyden nyleg. Han meiner karakterar kan vere eit hinder for læring, både fordi det skaper press og stress og fordi studentane kan bli meir opptekne av karakteren i seg sjølv enn læringa og innhaldet i faget.

— Skepsis i arbeidslivet

— Det er heilt klart karakterpress på juss, og eg trur også puggekulturen og karakterjaget slår negativt ut for læringa, seier Benedicte Røvik, også ho tredjeårsstudent. Røvik er også avtroppande leiar for Juridisk studentutval, og engasjert i arbeid med å forbetre læring og læringsmiljø på fakultetet.

I ei spørjeundersøking som Juridisk studentutval utførte i 2017 sa over halvparten av dei 562 studentane som svarte at karakterpress var heilt eller delvis eit problem for eigne faglege prestasjonar.

No fjernar fakultetet den tradisjonelle karakteren for enkelte fag fjerna og erstattar den med bestått/ikkje bestått.

— Det er viktig å ta diskusjonen, men det er ikkje nødvendigvis løysinga å fjerne alle karakterar på alle eksamenar. Vi må vurderer dei enkelte kursa opp mot læring og læringsformer. Skuleeksamen er sentralt på juss, det er eit problem at denne forma berre tener dei som er flinke til akkurat denne forma. Men går du til arbeidslivet vil mange vere skeptiske til å fjerne karakterar. Det viktige er at vi prøver ut ulike ting, seier dekan ved Juridisk fakultet, Karl Harald Søvig.

Vil ha meir variasjon

Nyleg vedtok fakultetet ny studieordning som skal gjelde frå 2020. Meir varierte prøvingsformer og meir «helhetlig tilnærming til prøvingsformene på alle emner», har vore ei sentral målesetting for arbeidsutvalet som har jobba fram den reviderte studieordninga.

Det siste året har dei juridiske fakulteta i Oslo, Bergen og Tromsø gått saman om å dempe eksamenspress og finne nye eksamensformer. Bakgrunnen var ei bekymringsmelding frå dei tre rektorane, Dag Rune Olsen (UiB), Svein Stølen (UiO) og Anne Husebekk (UiT) som ønskte å få ned det høge talet på gjentaking av eksamen blant studentane ved fakulteta.

— I dag har vi berre to heimeeksamenar i løpet av studiet, mot fjorten skuleeksamenar. Eg vil gjerne erstatte karakterar på skuleleksamen med meir evaluering undervegs. Vi har mykje oppfølging på studiet, men det tel jo ikkje i karakteren. Det er behov for meir variasjon i prøvingsformer, slik at fleire studentar kan få vist kva dei har av kunnskap, seier Benedicte Røvik.

Vi har mykje oppfølging på studiet, men det tel jo ikkje i karakteren.

Benedicte Røvik, student

Det er dessutan eit problem at mange manglar tillit til sensuren, meiner ho. I spørjeundersøkinga som studentane sjølv gjennomførte i 2017 kom det fram at sju av ti hadde låg eller svært låg tillit til sensuren.

Fakultetet vore på topp når det gjeld talet på klager på karakterar i mange år.

Viserektor: — Garantere for arbeidslivet

I På Høyden gav mat.nat.-dekan Dahle uttrykk for bekymring for det psykiske stresset som følgjer av karakterfokus og –press hos dei unge, ofte omtalt som «generasjon prestasjon».

Viserektor for utdanning ved UiB, Oddrun Samdal, trur også karaktersystemet slik det fungerer i dag kan påføre dei unge unødvendgi mykje press og stress.

— Eg har klart inntrykk av at mange unge er under stort press og set svært høge krav til seg sjølv om å vere vellykka på så mange område. Å redusere karakterjaget er ein viktig strategi for oss, seier Samdal.

Ho er tilhengar av å endre karaktersystemet, men er også tvilande til om å fjerne karakterer heilt er vegen å gå.

— Vi må ha nokre kvalitetsmål på kompetanse, slik at vi kan garantere for arbeidslivet at med ei grad frå UiB innfrir studentane gitte kompetansekrav, seier ho.

Press frå foreldregenerasjonen

— Eg er ikkje glad i det uttrykket «generasjon prestasjon». Men ja, eg trur foreldregenerasjonen opplevde mindre press, seier jusstudent Elina Arsnukajeva og legg til:

— I dag er det for eksempel ei langt sterkare forventning til at unge skal ta høgare utdanning enn tidlegare i samfunnet. Presset kjem jo delvis frå foreldregenerasjonen. No er ein bachelor er lite verd, du må ha master for å bli saksbehandlar i DNB. Vi får eit overkvalifisert samfunn, seier ho.