Studentar ved Det juridiske fakultetet gjer meir enn å lesa: Biletet er frå lovstafetten i fjor haust, der målet er å frakta ei lovsamling så raskt som mogleg opp trappene på Dragefjellet. Foto: Tor Farstad
Studentar ved Det juridiske fakultetet gjer meir enn å lesa: Biletet er frå lovstafetten i fjor haust, der målet er å frakta ei lovsamling så raskt som mogleg opp trappene på Dragefjellet. Foto: Tor Farstad

Juss ved UiB er mest populært i landet

Med 1885 førstevalssøkjarar er femårig masterprogram i rettsvitskap ved UiB landets mest populære studium.

Publisert   Sist oppdatert

— Eg hadde ikkje kome inn på juss ved UiB, humrar dekan – og professor – Karl Harald Søvig.

Søkjartala frå Samordna opptak vart offentleggjorde torsdag føremiddag, og dei viser at femårig masterprogram i rettsvitskap er øvst på lista over studium dersom ein ser på talet på førstevalssøkjarar: Heile 1885 har sett juss i Bergen øvst på lista over det dei ønskjer seg.

Nesten fem for kvar studieplass

— Det er fleire faktorar som spelar inn, meiner Søvig, om nemner både dei som underviser, ein god arbeisdmarknad og eit studium som gir ein mange moglegheiter etterpå.

— Men juss er kjent som eit krevjande studium?

— Det er krevjande, ja, men ein kjem gjennom. Slik var det ikkje før, eg fann eit presseoppslag frå 1994 der det heitte av det var femti prosent stryk på fjerde avdeling, seier Søvig.

Dekan Karl Harald Søvig er glad for at mange ønskjer å studera juss. Foto: Hilde Kristin Strand
Dekan Karl Harald Søvig er glad for at mange ønskjer å studera juss. Foto: Hilde Kristin Strand

Med nesten fem søkjarar per studieplass, krevst det gode karakterar for å koma inn.

— Det er gledeleg at det er så mange som ønskjer å studera juss. Men eg synest likevel at ein skal reflektera litt rundt det høge karakterkravet. Med dagens ordning belønner ein dei som blomstarar tidleg og har gode karakterar frå vidaregåande skule, seier Søvig.

Dette kan gi ei einsarting av studentmassen, meiner han.

— Kva er alternativet?

Med dagens ordning belønner ein dei som blomstarar tidleg og har gode karakterar frå vidaregåande skule.

Karl Harald Søvig

— Ja, kva er det? Eg er ikkje villig til å skrota karakterar som inngangsport, men tenkjer likevel at dette er noko ein må reflektar over, seier Søvig.

For ordens skuld: Då han i si tid var jusstudent, var studiet ope.

Ni søkjarar til kvar plass

Også Det psykologiske fakultetet har gode søkjartal. Profesjonsstudiet har 87 plassar – og 808 søkjarar.

— Det er fantastisk bra at psykologi som fagområde har så stor interesse blant ungdom. Slik har det vore i minst tjue år, og eg har eigentleg lurt på når det vil snu. Men eg trur det kan handla om noko så enkelt som at psykologi er heilt basalt – det handlar om oss som enkeltmenneske, seier dekan Bente Wold.

Det er fantastisk bra at psykologi som fagområde har så stor interesse blant ungdom.

Bente Wold

Bachelorprogramma i både generell psykologi, pedagogikk og arbeids- og organisasjonspsykologi har òg fleire søkjarar enn i fjor. Wold seier at det er eit aukande behov for psykologar i samfunnet, og at dei fleste studentane går rett ut i jobb når dei er ferdig utdanna.

— Kva tenkjer du om dei høge poenggrensene for å koma inn på profesjonsstudiet?

— Dette har vore ein diskusjon i fagmiljøet lenge. No har me fått høve til å gi tilleggspoeng til gutar, for å betra kjønnsbalansen. Men med dei poengkrava som likevel er, får me ei homogen studentgruppe, og me ventar på kva røynsler Universitetet i Oslo gjer, seier Wold.

Som Khrono tidlegare har skrive, skal tjue prosent av medisinstudentane gjennom ein test som målar kor eigna dei er for studiet. Søkjarane må likevel har ein karaktersum på femti, pluss realfagspoeng. Medisinutdanninga ved UiO har hatt eit karakterkrav på nærare søtti.

Ved psykologisk fakultet vart profesjonsstudiet endra for nokre år sidan. Nye studentar søkjer no via Samordna opptak, ikkje med karakterane frå førsteåret, slik dei gorde tidlegare.

— Me ser at fleire av studentane hos oss kjem rett frå vidaregåande skule. Eg har ikkje nokon absolutte tal, men generelt er studentane yngre enn før, med både mindre livserfaring og mindre erfaring som studentar, seier Wold.

Mange vil verta lektor

Det samfunnsvitskapelege fakultetet (SV) har som Det juridiske og Det psykologiske fakultetet ein auke i talet på søkjarar samanlikna med i fjor. Dei andre fakulteta har ein liten nedgang, men slik er det for heile landet. Ved SV er det særleg mediefaga som står for auken.

Det humanistiske fakultetet opplever god søknad til lektorprogramma sine.

— Generelt hadde me eit stort byks i søkjartala for to år sidan, etter det har me gått litt ned i fjor og litt i år. Men me er godt nøgde, og særleg ved at det er veldig gode tal for fleire av lektorprogramma.

Det seier Jørgen Sejersted, dekan ved Det humanistiske fakultetet.

Fakultetet tilbyr framleis to typar lektorutdanning; den tradisjonelle der ein tek mastergrad og så praktisk-pedagogisk utdanning til slutt, eller integrert masterutdanning.

— For nokre av faga, som nordisk, har den integrerte lektorutdanninga vorte dominerande på master, seier Sejersted.

Som dei siste åra har filosofi gode søkjartal.

— Det handlar nok om fleire ting, mellom anna at ein har nokre vitskapeleg tilsette som er flinke til å fronta faget, og at det ryktast at det er eit godt fagmiljø på filosofi. I tillegg er det slik at me ser at filosofi er eit etterspurt fag i arbeidslivet, seier Sejersted.

Fleire innan datatryggleik

10 492 søkjarar har eit studium ved UiB som førsteval, skriv UiB i ei pressemelding.

– Ved UiB er vi svært glade for at så mange søkjarar har oss som førsteval. Det viser at me er attraktive, og me skal gjera vårt beste for at studentane vil trivast hos oss, både fagleg og sosialt, sier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning, i ei pressemelding.

Her kan du sjå alle søkjartala for UiB.