Er det ein juledans rektor øver på her?
Er det ein juledans rektor øver på her?

Kvifor så glad?

Kvifor er rektor så hoppande glad?

UiB-rektor Dag Rune Olsen er kjent som ein engasjert kar. Men nokre gongar vert ein naturleg nok litt ekstra glad. Kva i alle dagar har gått føre seg her?

Dagens spørsmål er todelt:

Kor er det Dag Rune Olsen hoppar? Og kvifor passa det godt å vera litt ekstra opprømt denne dagen?

(Me kan røpa at dersom ein nynnar songen om Kasper, Jesper og Jonatan for seg sjølv, så kan ein koma på rett spor)

Send svaret ditt til [email protected] innan midnatt 12. desember og ver med i trekninga om julesjokolade.