Det raude huset i Olav Kyrres gate har vore studentane sitt hus sidan opninga i 1995. Foto: Marianne Røsvik
Det raude huset i Olav Kyrres gate har vore studentane sitt hus sidan opninga i 1995. Foto: Marianne Røsvik

Kva utdanning heldt hus her?

Julekalender 14. desember:

Det akademiske kvarter har vore UiB-studentane sitt hus sidan 1995. Bygget i Olav Kyrres gate har tidlegare vore undervisningslokale for ei utdanning som framleis er å finne ein annan stad i byen. 

Det akademiske kvarter opna første gong i 1995. Etter ei større oppussing som varte i tre år, opna huset igjen i 2010. Huset har i dag ti rom om som vert brukt til servering, konsertar og arrangement. 

Huset i Olav Kyrres gate 49 har tidlegare husa Odd Fellow-losjen, puben Ugla og danserestauranten Stjernesalen. Tidlegare var det ein skule i bygget.

Spørsmål: Kva utdanning snakkar vi om? 

Send svaret til [email protected] innan midnatt 14. desember og bli med i trekninga om julesjokolade. 

Vi trekk ut ein vinnar som kan hente julesjokolade i På Høyden sine lokale i Christies gate 13.