Dei små figurane i er ein del av UiB sine samlingar. Foto: Dag Hellesund
Dei små figurane i er ein del av UiB sine samlingar. Foto: Dag Hellesund

Ingen veit kvar dei skal. Men kvar kjem dei frå?

Julekalender 5. desember:

Opprinneleg blei dei laga for å tene dei daude. Ved UiB er dei mest kjende for å bevege seg rundt i monteren dei er plasserte i. 

Dei små figurane blei laga av leire, stein, tre eller glas. Dei blei lagde i grava saman med den daude, slik at dei skulle hjelpe og tene den daude når han eller ho kom til underverda.

Tenarane har vore utstilt ulike stader på UiB. Ingen stader har dei villa stå i ro: Etter ei stund har dei daude sine hjelparar flytta rundt på seg i monteren, og stilt seg opp i ulike formasjonar.

Spørsmål: Kva land kjem dei eigentleg frå? 

Send svaret ditt til [email protected] innan midnatt 5. desember og bli med i trekninga om julesjokolade.