Det blir ikkje eit tradisjonelt julebord ved Universitetet i Bergen i år, men heller ikkje eit moralistisk julebord som i år skal skjenkast dei tilsette ifølgje Synnøve Myhre som skal vere med å arrangere årets julebord. Foto: Nina Bugge Øyen/NTB scanpix
Det blir ikkje eit tradisjonelt julebord ved Universitetet i Bergen i år, men heller ikkje eit moralistisk julebord som i år skal skjenkast dei tilsette ifølgje Synnøve Myhre som skal vere med å arrangere årets julebord. Foto: Nina Bugge Øyen/NTB scanpix

Null ribbe og pinnekjøt: I år blir det vegetarisk julebord på Universitetet i Bergen

Dei som gler seg til tradisjonsrik middag på Universitetet i Bergens julebord i år må glede seg om igjen.

Publisert

Øl, ja. Akevitt, kanskje. Lutefisk? Uavklart.

Men kjøt blir det ikkje når administrasjonen ved Universitetet i Bergen (UiB) held julebord i desember. Det kan bli opptil 500 til bords.

Skjønt, til bords?

Det blir kanskje til bords, men det blir ikkje sitjande — til det fungerer ikkje lokalet, ifølgje følgje Synnøve Myhre, avdelingsdirektør ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) som saman med kommunikasjonsavdelinga i år har ansvar for å arrangere julebordet.

Det er viktig å få sagt at vi ikkje vil at folk skal slutte å ete pinnekjøt på julaftan. Vi predikerer ikkje

Synnøve Myhre

Tukling med juletradisjonar er ikkje for pyser, men det er rett, meiner arrangøren. UiB trappar i desse dagar opp arbeidet for å nå målet om å bli klimanøytral innan 2030, og grønsaker er kort og godt meir miljøvennleg enn kjøt.

Det er ikkje eit moralistisk julebord som i år skal skjenkast dei tilsette på UiB, ifølgje Myhre.

Er ikkje predikantar

— Det er viktig å få sagt at vi ikkje vil at folk skal slutte å ete pinnekjøt på julaftan. Vi predikerer ikkje. Men kanskje treng ein ikkje ete det tre gonger før jul. I komiteen har vi tatt universitetet sin strategi innover oss, og tenkt på kva vi bør gjere som ein stor og ansvarleg arbeidsplass, seier ho.

Internt på KMD er konseptet allereie prøvkøyrt to gonger, og ingen har klaga på menyen, i alle fall ikkje som er kome Myhre for øyret.

Arrangementet har etter tradisjonen gått på rundgang mellom dei ulike avdelingane på universitetet. Tidlegare har berre sentraladministrasjonen vore invitert, men i år er også alle som jobbar ved institutta med. Det betyr at heile 1700 invitasjonar er sendt ut. Kjem relativt sett like mange som tidlegare, blir det fullt hus på KMD.

Menyen ikkje klar

Kva som faktisk skal stå på menyen er enno ikkje avklart, men at det skal bli godt, er Myhre sikker på. Og litt frå dyreriket blir det plass til, det blir fisk. Om det blir lutefisk, er også uavklart ei stund til.

Ribbe- og pinnekjøtkronikarar gjer kanskje best i å halde seg heime denne gongen.

— Mottoet til fakultetet er at vi skal bevege, seier Myhre, og det er ikkje berre eksperimentering med juletradisjonar som skal gjere det.

— Vi har også nokre kunstnariske overraskingar på lur, lovar ho.