Iselin Nybø får nøkkelen til bygget frå Statsbygg sin Marius Tunstad. Foto: Tor Farstad
Iselin Nybø får nøkkelen til bygget frå Statsbygg sin Marius Tunstad. Foto: Tor Farstad

Sjå lysshow frå museet

Opningsdagen i det gjenopna Universitetsmuseet vert avslutta med lysshow. Sjå det her!

Publisert

Klokka 10 måndag føremiddag var mellom andre statsminister Erna Solberg til stades då Universitetsmuseet sitt bygg på Muséplassen 3 opna att, etter å ha vore stengt i nærare seks år.

Dagen vert avslutta med noko som vert vist for første gong i Bergen. Eit utandørs lysshow. Ei tredimensjonal førestelling, eit visuelt fyrverkeri, heiter det i pressemeldinga. Her skal ein kunne verta med kvalen ned i djuphavet, sjå blomane veksa ut av vindauga, og bygningen rsa saman - og verta bygd opp på nytt.

Det er venta mykje folk opningsdagen. Har du ikkje høve til å vera der, kan du sjå lysshowet direkte her.