Tilsettingsprosess: – Formelle feil, tendensiøst og upresist

Endå ei tilsetjingssak ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium vekkjer harme. – Det verkar som om ein har ein kandidat ein ønskjer å tilsetja, seier ein av søkjarane.

Published   Updated

– Om ein først skal telja, må sjølv humanistar kunne telja rett.

Det skriv ein av søkjarane til ei stilling i nordisk språkvitskap. Det melde seg tre søkjarar til stillinga. To av dei har kome med kraftig kritikk av den sakkunnige vurderinga, og peikar mellom anna på at det er gjort formelle feil.

– Eg synest denne rapporten viser mangel på respekt både for UiB sine eigne retningslinjer og søkjarane, seier ei av kvinnene som har levert merknad.

Tre storarta damer

Stillinga er lyst ut ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Det humanistiske fakultetet. I fjor var det ei anna tilsetjingssak som vekte harme og der det tok lang tid å tilsetja nokon, den såkalla skråstreksaka. Der valte fakultetsstyret å setja ned ein ny sakkunnig komite fordi det ikkje var semje om korleis ein skulle forstå bruken av skråstrek.

I utlysingsteksten no heiter det at arbeidsområdet for den som vert tilsett omfattar forsking, rettleiing og undervisning i nordisk språkvitskap og norsk som andrespråk. Vidare står det at lærarutdanning er ei sentral oppgåve. Det er tekstforsking som skal styrkast, heiter det, og det vert lista opp ei rekkje område ein ønskjer at kandidatane har forska på. Språksamlingane, nynorskforsking og norskdidaktikk er òg nemnt.

Av dei tre søkjarane er ein tilsett ved UiB, og har doktorgrad frå 2017. Dei to andre disputerte for minst ti år sidan, og er i dag tilsette ved ulike høgskular. Det er søkjaren frå UiB som er rangert på topp.

– Då eg såg søkjarlista, tenkte eg at «her er det tre storarta damer som har søkt», seier ein av søkjarane.

Ho seier at ho rekna med at tilsetjinga ville skje i tråd med utlysingsteksten, på ein ærleg og reieleg måte.

Vart ikkje funnen kvalifisert

Men sjølv vart ho funnen ikkje kvalifisert til stillinga. Det reagerer både ho og forskaren som er sett på andreplass på. Dei viser til at komiteen ikkje gjer det han ifølgje UiB sine eigne retningslinjer skal: Gjera greie for det formelle grunnlaget for vurderinga. Komiteen presiserer heller ikkje kva forhold frå utlysingsteksten dei vil legga særskilt vekt på.

For sin eigen del peikar forskaren på at ho har arbeidd både med nynorskforsking og Språksamlingane – utan at dette er nemnt. Forskingssamarbeid, internasjonalt samarbeid og forskingsformidling er andre punkt som er nemnde i utlysingsteksten. Forskaren har røynsle frå alle desse felta – men det er ikkje trekt fram av komiteen.

– Det ser ut til at ein her har ein kandidat ein ønskjer å tilsetja. Eg synest dette liknar maktmisbruk frå komiteen si side, seier forskaren.

I merknadane sine peikar ho på det ho synest er verst med den sakkunnige vurderinga: Måten vitskapeleg arbeid er talt på. Komiteen skriv at ho har «mange innlegg, gjesteforelesingar og føredrag i svært varierte kanalar og genrar, men det er vanskeleg for oss å vurdera den faglege gehalten og det faglege nivået i desse av di konteksten og tilstellingane er så forskjellige».

– I denne formuleringa vert dei vitskapelege og populærvitskapelege føredraga mine, lærebokproduksjonen min, dei faglege samarbeida eg har teke initiativ til, samfunnsdebatten og forskingsformidla mi gjorde usynlege, skriv ho.

Om den interne kandidaten heiter det at ho oppgir å ha vore aktiv i forskingsformidlinga, både munnleg og skriftleg til eit breiare publikum. Ho har fem populærvitskapelege publikasjonar.

Selektivt utval?

Eit kjapt søk i forskingsdatabasen Cristin viser at forskaren som er plassert som nummer ein, har registrert 19 arbeid der. Forskaren som er nummer to har 50, og forskaren som er funnen ikkje-kvalifisert har 109. Forskaren som er plassert på topp har òg færrast treff i kategorien «vitskapeleg artikkel».

Dette vert peika på av forskaren som er plassert på andreplass. Ho skriv i sine merknader at svært mange av arbeida til forskaren som ikkje er funnen kvalifisert ser ut til å mangla.

– Det kan her verka som om alle arbeida til ein av søkjarane er tekne med, men berre eit selektivt utval av arbeida til oss to andre. Uansett korleis ein snur og vender på det, har me to både publisert og formidla meir enn søkjaren som er plassert på topp, og dette faktumet kan det synest som om komiteen prøver å underslå, og på aller grovast måte for forskaren som er funnen ikkje kvalifisert, skriv ho.

– Lemfeldig utført arbeid, seier ho til På Høyden om korleis ho ser på arbeidet den sakkunnige komiteen har gjort.

Ho utdjupar:

– Heile 12 ulike felt som det er ønskeleg at den som vert tilsett skal ha forska på, er lista i utlysingsteksten. Komiteen forheld seg inkonsistent og vagt, i periodar heilt fråverande, til desse kriteria. Komiteen held - heilt korrekt - fram at søkaren som er stilt på førsteplass er spisskompetent på eitt av desse felta, men underbyggjer på ingen måte at ho har høgre eller breiare kompetanse enn oss andre to samla sett. At konklusjonen i rapporten er så dårleg underbygd, er uheldig for alle tre søkarane. Søkaren som er rangert på topp, har ikkje gjort noko anna enn å søke ein jobb, og eg vil understreke at eg kjenner vedkomande som ein særs kompetent og bra person.

Trudde dette var drøymejobben

I merknadane peikar dei to søkjarane òg på at søkjaren som er plassert på topp får kred for arbeid som ikkje er publisert – men som er til godkjenning. Dei to andre søkjarane opplever at arbeid som står i publikasjonskø ikkje vert tekne på alvor og at arbeid som er til vurdering ikkje vert vektlagde i det heile.

– Eg reagerer på måten eg er framstilt på. Eg føler at eg ser ut som ein dust som trudde ho hadde sjanse til å få ein jobb. Det vitskapelege arbeidet eg har gjort, er underkommunisert i komiterapporten – men på ein slik måte at ein må inn og sjekka sjølv kva som stemmer og ikkje, seier forskaren som ikkje er funnen kvalifisert.

– Vil du jobba ved UiB dersom du får stillinga?

– Eg trudde dette var drøymejobben.

Fekk to rapportar

Dei to forskarane reagerer òg på at det vart sendt ut to komitérapportar. Ein før jul, med merknadsfrist nyttårsaftan, og ein ny i romjula, med merknadsfrist 11. januar.

– Informasjon om kva som var endra i den siste versjonen vart berre sendt ut til ein av søkjarane, og det på nyttårsaftan, seier forskaren som ikkje er funnen kvalifisert.

Dette vert stadfesta av den andre forskaren som har kome med merknader. Ho skriv at den rotete sakshandsaminga har vore til stor frustrasjon. Sjølv fekk ho ikkje vita om at det var substansielle endringar i den siste versjonen før ei veke etter at merknadsfristen for den første rapporten var ute.

På Høyden har vore i kontakt med forskaren som er plassert på førsteplass. Ho ønskjer ikkje å kommentera saka.

Gunnstein Akselberg, professor i nordisk språkvitskap, leia komiteen. Komiteen vil ikkje kommentera saka. Foto: Njord V. Svendsen
Gunnstein Akselberg, professor i nordisk språkvitskap, leia komiteen. Komiteen vil ikkje kommentera saka. Foto: Njord V. Svendsen

Komiteen vil ikkje kommentera

Komiteen har kome med svar på merknadane. Der skriv dei mellom anna at «komitéen har foretatt opptellingen på bakgrunn av det innsendte materialet, som vi skal, og ikke på bakgrunn av mer eller mindre fullstendige databaser. Det er søkerens ansvar å gjøre komitéen kjent med det arbeidet som regnes relevant. Når det gjelder kategorisering av de innsendte arbeidene, ser vi at den kan være noe skjev. Det er uheldig. Det er ikke alltid like lett å gjennomskue sjangeren til de ulike bidragene som er listet opp i publikasjonslistene, men ikke er innsendt. Dette skyldes bl.a. at søkernes publikasjonslister er satt opp ulikt».

Vidare skriv komiteen at det ikkje er ein formell feil at det formelle grunnlaget for stillinga ikkje er gjort greie for. Komiteen skriv at dei har fått tilsendt retninglinjer med aktuelle vedlegg og lenker for vurdering av søknader til faglege stillingar og utlysingsteksten. Desse har komiteen lagt til grunn for den vurderinga dei har kome med, skriv dei, og beklagar at dei ikkje eksplisitt skreiv dette i innleiinga. Dei skriv òg at dei synest dei to søkjarane kjem med sterke påstandar.

På Høyden har vore i kontakt med komiteleiar Gunnstein Akselberg. Han fekk tilsendt ei liste med spørsmål, som han ville drøfta med resten av komiteen. På Høyden fekk svar på epost: «Komitéen har ingen kommentarar til førespurnaden frå På Høyden. Vi har levert innstillinga vår og svara på merknadane frå to av søkjarane. Ut over det har vi ingen kommentarar».

Til instituttet

– Det er ikkje uvanleg at søkjarar kjem med kritiske merknader når dei ikkje er innstilt til ei stilling, seier dekan Jørgen Sejersted.

Han seier at fakultetet brukar mykje ressursar på dei sakkunnige komiteane, og at ein kvar sakkunnig uttale inneheld element av kvalitative vurderingar.

– Denne saka er ikkje veldig spesiell, seier Sejersted.

– Kva skjer vidare med saka?

– No går saka til instituttet, som tek saka vidare.

Det betyr at instituttleiar har ansvar for å kalla inn til intervju og prøveførelesing, og deretter skriva ei innstilling til fakultetsstyret, som formelt skal avgjera kven som vert tilsett.

– Men det er teknisk mogleg at fakultetsstyret kjem inn i prosessen tidlegare, seier Sejersted.

Ifølgje instituttleiar Anders Fagerjord er det lite sannsynleg at det skjer.

– Prosedyren for tilsetjing i vitskapelege stillingar er svært detaljert, og det er svært sjeldan at den ikkje vert følgt. Eg ser ingen grunn til at det ikkje skal verta gjort i denne saka, seier Fagerjord.

– Kva tenkjer du om dei merknadane som er komne?

– Eg kan ikkje gå inn på vurderinga av søkjarane. Men i merknadane vert det peika på to ting: At komiteen burde ha presisert og avgrensa si tolking av utlysingsteksten og at dei ikkje har nytta heilt sama kategoriar når dei har talt opp arbeida til søkjarane. Dette er ikkje heilt heldig, og ved å gjera det på ein annan måte, kunne ein unngått nokre av merknadane.

To versjonar

– Søkjarane peikar på at det har vore rot i prosessen, der det vart sendt ut to versjonar av sakkunnig-rapport. Kva er din kommentar til det?

– Ja, det stemmer at det vart sendt ut ein versjon som ikkje var siste versjon. Men eg ser ikkje på det som så alvorleg grad av rot at det kan undergrava det sakkunnige arbeidet som er gjort, seier Sejersted.