Martin Vatshelle er forskar ved Institutt for informatikk og er den som i år trenar dei som skal delta i <span class="caps">NCPC</span>. Fristen for å melda på lag går ut torsdag ettermiddag. Foto: Sigve Hortemo Sæther
Martin Vatshelle er forskar ved Institutt for informatikk og er den som i år trenar dei som skal delta i NCPC. Fristen for å melda på lag går ut torsdag ettermiddag. Foto: Sigve Hortemo Sæther

Klar til ein laurdag framfor skjermen

Publisert

Ein del av informatikkstudentane skal bruka laurdag til NM i programmering. Professor Jan Arne Telle skal følgja dei live.

– Dei flinkaste er så flinke at det er vanskeleg å fatta, seier Jan Arne Telle.

Professoren i informatikk snakkar om studentane som skal vera med i NM i programmering i helga.

Eller, meir korrekt: Nordisk meisterskap, med innlagt NMNordic Collegiate Programming Contest (NCPC). I fjor var det UiB-laget Unified in Blood som vart det beste norske laget. Dei vart seinare nummer 24 i den nordvesteuropeiske finalen. Då vart dei òg det beste norske laget.

Ville gjerne hatt fleire med
Studentane stiller som tremannslag under konkurransen. I løpet av fem timar skal dei løysa mellom åtte og tolv problemstillingar. Publikum kan følgja det heile på Internett. Telle gler seg.

– Ein får opp ein matrise med lag og oppgåver. Så kan ein sjå kva lag som har løyst kva oppgåver, seier han.

For å gjera det bra, må ein jobba både raskt og rett.

Telle var sjølv så vidt innom programmeringskonkurransar då han sjølv var student. Institutt for informatikk oppmodar studentane til å vera med.

– Dette er eit sosialt og fagleg arrangement, og eg skulle gjerne sett at det var fleire som nytta høvet. I år er det ein kvinneleg student med, og det er flott, seier Telle.

Han seier at det er ein fordel at laga har deltakarar som utfyller kvarande: Ein som er god i matematikk, ein som tastar fort, og ein som er midt i mellom dei to andre.

Tidlegare verdsmeister
Oppgåvene studentane får, liknar dei som vert brukt av verksemder når dei skal intervjua kandidatar til ledige jobbar. Telle fortel at dei studentane som har delteke i slike konkurransar, har ein stor fordel når dei skal søkja jobb.

– Dei får mange jobbtilbod, så dette ser absolutt bra ut på CV-en.

Faktisk er det ein tidlegare verdsmeister som no er tilsett som postdok ved instituttet. Marcin Pilipczuk var med på laget som vann VM i programmering i 2007.

– Han har fortalt at han framleis får nye jobbtilbod annankvar månad. Dei som skal tilsetja programmerarar går gjennom listene over deltakarar i slike konkurransar med jamne mellomrom, seier Telle.