Institutt for informasjons- og medievitskap, og dermed Media City Bergen, får etter planen ein ny, tysk kollega. Han skal kallast til professor torsdag og verta finansiert gjennom toppforsk-ordninga.
Institutt for informasjons- og medievitskap, og dermed Media City Bergen, får etter planen ein ny, tysk kollega. Han skal kallast til professor torsdag og verta finansiert gjennom toppforsk-ordninga.

Desse to miljøa får toppforsk-professorar

Publisert

Institutt for informasjons- og medievitskap og Institutt for biologisk og medisinsk psykologi får dei to første toppforskarane som UiB har fått øyremerka midlar til. To mannlege professorar skal kallast i universitetsstyret torsdag.

– Dette er svært gledeleg. Dette er ein kandidat med sterk fagleg profil, som har sagt seg villig til å koma til Bergen, seier psykologi-dekan Jarle Eid.

Kristine Jørgensen er ei av fleire unge talentfulle forskarar ved Institutt for informasjons- og medievitskap. No får ho truleg ein ny kollega. Det same gjer professor Kenneth Hugdahl på Institutt for biologisk og medisinsk psykologi. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand og Dag Hellesund

Det psykologiske fakultetet kom med namn på to aktuelle kandidatar, begge knytt til fMRI-gruppa, som Kenneth Hugdahl leiar, då rektor ba alle fakulteta om å koma med forslag til kandidatar til toppforsk-midlane. UiB fekk 13,7 millionar plussa på den økonomiske ramma si frå Stortinget. Desse pengane skal gå til sterke forskingsmiljø – og dei må brukast i år.

– Me har tenkt at me har pengar til tre kandidatar. Dei to første vil verta kalla i universitetsmøtet denne veka, seier rektor Dag Rune Olsen.

Kristine Jørgensen er ei av fleire unge talentfulle forskarar ved Institutt for informasjons- og medievitskap. No får ho truleg ein ny kollega. Det same gjer professor Kenneth Hugdahl på Institutt for biologisk og medisinsk psykologi. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand og Dag Hellesund
Kristine Jørgensen er ei av fleire unge talentfulle forskarar ved Institutt for informasjons- og medievitskap. No får ho truleg ein ny kollega. Det same gjer professor Kenneth Hugdahl på Institutt for biologisk og medisinsk psykologi. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand og Dag Hellesund

Eiga søkegruppe
Namna på kandidatane er førebels unntekne offentlegheit. På Høyden har kravd innsyn i dei to aktuelle sakene.

Det Eid kan seia om fakultetet sin kandidat, er at det er ein tysk forskar i 40-åra.

– Han har publisert mykje i gode tidsskrift og har ambisjonar om å henta eksterne forskingsmidlar. Han vil bidra til å løfta gruppa, og òg ha med sine forskingstema, seier Eid.

Han seier at fakultetet etablerte ei internasjonal søkegruppe for å leita etter aktuelle kandidatar. Kravet var at dei skulle vera framifrå forskarar, på professornivå, og fagmiljøet dei skulle koma til, skulle òg vera anerkjent. I løpet av 12 hektiske dagar klarte dei å identifisera to framifrå kandidatar.

– Men spørsmålet var jo og sjølvsagt om vedkomande kunne tenkja seg å flytta til Bergen. Eg trur forskarmobiliteten er større i andre europeiske land enn kva me er vane med i Noreg, seier Eid.

Professor Kenneth Hugdahl leiar fMRI-gruppa, som er anerkjent for forskinga si på mellom anna schizofreni. Hugdahl har sjølv fått ERC Advanced grants, og er saman med to andre UiB-professorar involvert i «Norwegian Centre for Mental Disorders Research», som er eit Senter for framifrå forsking. SFF-en er leia frå UiO, og har som mål  finna pålitelege biologiske markørar for schizofreni og bioplare lidingar.

Eid seier at den generøse støtta frå Bergen Forskningstiftelse og dei avanserte forskningslaboratoria ved Haukeland Universitetssjukehus har vore svært viktig for rekrutteringa.  

ERC-mottakar
Den andre kandidaten er knytt til Institutt for informasjons- og medievitskap. Også dette er ein tysk mann i 40-åra.

– Dette er ein internasjonal kapasitet, med ein svært imponerande CV. Han har mellom anna hatt ERC Starting grant, seier instituttleiar Leif Ove Larsen, som er veldig glad for at instituttet han leiar har nådd opp i konkurransen.

Den tyske forskaren er medievitar, og forskar særleg på digital journalistikk og digital kultur. Han skal jobba saman med mellom anna instituttet sine to unge, kvinnelege forskarar: Kristine Jørgensen og Helle Sjøvaag. Dei har begge fått personlege stipend frå Forskingsrådet.

– Tyskaren vil verta knytt til eit framifrå miljø, som har markert seg internasjonalt. Kompetansen hans peikar òg fram mot medieklynga, seier Larsen.

– Korleis fann de denne kandidaten?

– Det er ikkje slik at me har skote i blinde. Dette er ein forskar me kjente til frå før, og har hatt samarbeid med. Han kjenner til fagmiljøet vårt, og fann det så interessant at han no vil koma til Bergen, seier Larsen.

To ordningar
Dei 13,7 millionane UiB no har fått, er lagt til ramma. Neste år kan det koma meir pengar. Rektor har tidlegare sagt at det då skal verta ein annleis prosess, med lengre tid til å finna kandidatar og fagmiljø.

I tillegg har Noregs Forskingsråd (NFR) for første gong ei eiga topp-forsk utlysing. Denne kategorien er finansiert av fellesløftet, der institusjonane sjølve skal finansiera halvparten av beløpet det er søkt om frå NFR i prosjekta som vert innvilga. Søknadsfristen for denne ordninga er onsdag.