Kristian Rusten tok eit kurs i gamalengelsk på mellomfagsnivå. Det syntest han var så interessant at gamalengelsk var tema både for masteroppgåva og no doktorgraden.
Kristian Rusten tok eit kurs i gamalengelsk på mellomfagsnivå. Det syntest han var så interessant at gamalengelsk var tema både for masteroppgåva og no doktorgraden.

Publiserte på nivå to som stipendiat

Publisert
PUBLISERING:

Kristian Rusten har eit år att av stipendiatperioden. Men han har allereie både fått fast jobb og publisert på nivå to.

– Eg har hatt klart for meg at det er naudsynt å publisera for å kunne ha ei framtid i akademia, seier Kristian Rusten.

Publiseringssystemet i Norge

  • Vitenskapelig publisering i internasjonal akademia måles i publikasjoner, i form av tidsskriftsartikler, antologier (bokkapitell) og monografier (bøker med én forfatter). 
  • Belønning for forskning ble innført som del av Kvalitetsreformen for vel ti år siden. 
  • En vitenskapelig artikkel i et poenggivende tidsskrift gir opp til tre publiseringspoeng, en bok opp til åtte. 
  • Det norske systemet opererer med to vitenskapelige nivåer, som gir ulik uttelling: Nivå 2 er de rundt 20 prosent mest ledende publiseringskanalene, mens resten er på nivå 1. 
  • Ved flere medforfattere, deles publiseringspoengene på antall forfattere. En artikkel med tre forfattere på nivå 2 gir altså ett poeng til hver av forfatterne, og deres respektive institusjoner. 
  • Etter at belønningssystemet ble innført, har den registrerte publiseringen gjennom databasen Cristin økt dramatisk, men viser nå tegn til å flate ut. 
Kategori Vekting
Monografi nivå 1 5
Monografi nivå 2

8

Antologiartikkel nivå 1 0,7
Antologiartikkel

1

Tidsskriftartikkel nivå 1 1
Tidsskriftartikkel nivå 2 3

 

Han er ein av tre stipendiatar som kom på lista over dei hundre mestpubliserande forskarane på UiB i fjor. Rusten fekk 4,3 poeng etter å ha publisert tre artiklar. Ein av artiklane Rusten fekk publisert, var på nivå 2, i tidsskriftet «Transactions of the Philological Society».

Vil verta verande i akademia
– Eg fekk først publisert ein artikkel med utgangspunkt i masteroppgåva mi. Nivå to-artikkelen begynte eg på før eg fekk stipendiatstilling. Eg fekk eit vikariat som universitetslektor og såg at eg hadde tid til å forska i tillegg, seier Rusten.

Han er stipendiat ved Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultetet og har gamalengelsk som forskingsfelt. Allereie før han er ferdig med doktorgraden har han fått fast jobb ved Høgskolen i Bergen. Midt i august byrja han i stillinga som førstelektor ved Avdeling for lærarutdanning. Samstundes vil han vera knytt til UiB og skal gjera ferdig doktorgraden her.

– Etter at eg leverte masteroppgåva hadde eg veldig lyst til å verta verande i akademia. Første gong eg søkte ei stipendiatstilling nådde eg ikkje opp. Når eg så lukkast andre gong eg søkte, var eg veldig bestemt på at dette skal vera arbeid – eg skulle ikkje bruka dagane til å sitja på kontoret og sjå på Netflix, seier Rusten.

Han seier at med så mange om beinet til både mellombelse og faste stillingar i akademia, må ein ha meir enn doktorgrad for å nå opp i kampen om ein jobb.

– Ein må ha ein akademisk CV som er så sterk som mogleg. Då eg byrja å jobba med artiklar, handla det òg om at eg såg at eg måtte ha ein plan B dersom eg ikkje fekk stipendiatstilling ved UiB.

Setningar utan subjekt
Stipendiaten og førstelektoren seier at han har vore heldig: Det er ei internasjonal interesse for nettopp hans fagfelt no. Han er lingvist og forskar på forekomsten av nullsubjekt i gamalengelsk.

– Enkelt forklart vil det seia at ein får setningar som «i går gjekk heim tidleg». Kven det var som gjekk heim, vert på sett og vis underforstått. Dette er noko ein ikkje finn i moderne engelsk, men ein kan finna nullsubjektsetningar i både gamalnorsk, gamaltysk og gamalengelsk, forklarar Rusten.

Men om nullsubjekt faktisk er noko ein regelmessig ser i gamalengelsk, er noko forskarane ikkje er heilt samde om.

– Det har vorte ein slags samtale internasjonalt, gjennom forskingsartiklar, seier Rusten.

– Korleis er det å få tilbakemelding på artiklane du har skrive?

– Eg synest det er nyttig, ein ser korleis ein ligg an. Dei tilbakemeldingane eg har fått synest eg ikkje har vore så krasse. Konstruktiv kritikk frå kompetente menneske er alltid bra, seier Rusten, og legg til:

– Sjølv om ein sjølvsagt ønskjer at ein kvar artikkel vert akseptert utan revidering.