UiB skal få ny kommunikasjonsdirektør. Men ei veke etter at søknadsfristen var ute får På Høyden framleis ikkje søkjarlista. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
UiB skal få ny kommunikasjonsdirektør. Men ei veke etter at søknadsfristen var ute får På Høyden framleis ikkje søkjarlista. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Nektar å gi ut søkjarliste

Publisert

Ei veke etter at søknadsfristen har gått ut, er det framleis ingen som får vita kven som ønskjer å verta ny kommunikasjonsdirektør ved UiB.

Måndag førre veke gjekk fristen for å søkja stillinga som kommunikasjonsdirektør ved UiB ut. Ingar Myking har som kjent gått over i jobb som direktør ved universitetsdirektøren sitt kontor.

På Høyden søkte om innsyn i søkjarlista på vanleg måte tysdag morgon. Redaksjonen fekk ikkje svar. Fredag vart purring sendt. Svaret var då at me truleg ville få svar måndag.

Måndag klokka 13 har framleis inga liste dukka opp hos redaksjonen. Etter å ha vore i kontakt med fleire tilsette ved universitetsdirektøren sitt kontor, òg universitetsdirektør Kjell Bernstrøm, er tilbakemeldinga at det er søkjarar som har bede om å verta unntatt offentlegheit, og at UiB-leiinga treng meir tid på å avklara dette. Siste tilbakemelding frå stabsdirektør Kari Fuglseth er at lista forhåpentlegvis vil vera klar i løpet av eit par dagar.

-Når fleire søkjarar ber om å verta unntatt offentlegheit krev det ein forsvarleg prosess som gir tid til både vår vurdering og dialog med søkjarar som eventuelt vurderer kandidaturet sitt på nytt i lys av om søknaden vert offentleg eller ikkje. Dessverre har denne prosessen teke lenger tid enn ønskjeleg, skriv Fuglseth i ein epost til På Høyden.

I offentleglova heiter det at søkjarliste skal setjast opp snarast etter at søknadsfristen er ute. Organet er òg pliktig til å svara «utan ugrunna opphald» når dei får eit innsynskrav. Sivilombodsmannen har slege fast at det er ein-tre dagar.