Sekkedyra voks som ugras på Vestlandskysten. Her sit dei på firkanta plastplater som er festa på eit tau. Foto: Dag Hellesund
Sekkedyra voks som ugras på Vestlandskysten. Her sit dei på firkanta plastplater som er festa på eit tau. Foto: Dag Hellesund

Vil ha innovasjonssenter om sekkedyr

Publisert

Forskarar frå Institutt for biologi og Uni Miljø ønskjer å byggje eit senter for forskingdriven innovasjon (SFI) rundt sekkedyr. Det pølseforma dyret kan bli ein ny, stor oppdrettsindustri.

På Rong byrja haustinga i førre veke: Tonn etter tonn med uappetittlege, vassfylte pølser blir sanka inn, vaska og pressa. Kvar dag deltek professorar, forskingsteknikarar og forretningsutviklarar i sjauen for å utforske ein stadig lengre verdikjede som må dokumenterast før prosjektet kan bli industrielt.

Sekkedyr

  • Det latinske namnet er ciona inestinalis. Norske namn er sekkedyr, kappedyr, sjøpung og tunikat.
  • Sekkedyret livnærer seg av mikroplankton og andre små organismer i vatnet.
  • Dyret er tvekjønna og kjønnsmodent etter to til tre månader.

Hør Christofer Troedsson fortelje om sekkedyr:

Fakta sekkedyr from På Høyden on Vimeo.

 

Øl-ide om sekkedyr-sprit
Ideen kom dei på over ein øl for nokre år sia: Kva om ein prøver å bruke sekkedyret til noko nyttig? Dyret veks som ugras i skjel- og oppdrettsnæringa, og festar seg lett på ledige overflater. Dyret produserer cellulose, noko ingen andre kjende dyr gjer. Og nye analyser viste at cellulosen er særleg egna til bioetanolproduksjon, fordi det ikkje inneheld lignin, som finst i celleveggane til plantar. Og over halvparten av dyret etter at ein har fjerna saltet er protein, kan brukast i fôr til laks eller andre dyr.

Merkar problema
– Biomasseproduksjonen har vi vist at vi får til godt, forklarer forskningsleiar Christofer Troedsson frå Uni Miljø.

Sekkedyra har vekse kraftig i sommar, og forskarane har og prøvd ut veksten ved Kvitsøy og andre stader langs Vestlandskysten. No ser dei på korleis oppdrett kan drivast effektivt, og at produktet blir så bra at marknaden er villig til å kjøpe det.

Dei testar ut ulike underlag for dyra: tau med plastplater, plastnetting og presenningar. Haustinga skjer i dag manuelt, og dyra blir skrapt av underlaget. Etterpå blir saltet vaska ut med ferskvatn, før 70 prosent av vatnet blir pressa ut i ei presse. Så blir dyra malt opp. Alle operasjonane kan truleg effektiviserast om dette blir storindustri.

– Det er no vi merkar kor problema ligg, seier Troedsson.

Kan erstatte fiskemjøl
Men sjølv om dei ser kva som kan endrast har dei involverte stor tru på prosjektet. Sekkedyra har og blitt testa ut som minkfôr i liten skala.

– Vi trur vi skal klare å levere eit ferdig produkt til ein pris om ligg under det fiskefôrprodusentane betaler for det billegaste fiskemjølet i dag, seier Troedsson.

Fiskefôrprodusenten Ewos er med på prosjektet, og dersom det blir eit senter for forskingsdriven innovasjon på temaet vil industrielle aktørar òg delta.

– Vi jobbar og med metodar for så skilje cellulose, protein og lipid frå kvarandre, forklarer forskingsleiaren.

Får støtte
Forskingsrådet følgjer sekkedyrprosjektet tett, og seniorrådgivar Ulf-Rune Visur Syversen har vore på Rong for å sjå på haustinga.

– Dette er veldig spennande, og kan bli ei ny næring. Vi var på førehand usikre på påslaget, seier Syversen, men fekk med sjølvsyn sjå storvaksne sekkedyr i Øygarden.

– Vi må ha fleire anlegg, og prøve dette ut fleire stader, meiner Syversen.

Sekkedyr-forskinga er mellom anna finansiert gjennom Forskingsrådets program for forskingsbasert nyskaping, FORNY2020. Syversen trur det skal vere muleg å hente inn meir pengar til prosjektet.

– Innovasjon Norge bør ein absolutt snakke med.

Det enkle først
Å utvinne bioenergi frå cellulosen i sekkedyret var det første ideen forskarane fekk. Men no er det laksefôr som først blir utvikla.

– Men vi må få etablert dei enkle tinga først. Men det tyder ikkje at den andre ideen er forlatt, seier professor Thorolf Magnesen ved Institutt for biologi.