Dåverande forskings- og kunnskapsminister Henrik Asheim prøver ein AR-applikasjon som student Audun Klyve Gulbrandsen var med å laga for Vimond. Foto: Ingvild Festervoll Melien, UiB.
Dåverande forskings- og kunnskapsminister Henrik Asheim prøver ein AR-applikasjon som student Audun Klyve Gulbrandsen var med å laga for Vimond. Foto: Ingvild Festervoll Melien, UiB.

Kronikk: Studenten som deltakar i staden for tilskodar

Studentar må utfordrast til å gå fremst i utviklinga av ny teknologi. Dette er den beste måten å sikra norsk verdiskaping på i framtida.

Publisert

Regjeringa har varsla at dei vil leggja fram ei stortingsmelding om tettare samarbeid mellom høgare utdanning og verksemdene i arbeidslivet, den såkalla «Arbeidslivsrelevansmeldinga». Her er det viktig å gje studentane ei sjølvstendig rolle, og passa på at deira potensial vert dyrka fram på ein gjennomtenkt måte i utdanningane.

Bachelor- og Mastergrad i Medie- og interaksjonsdesign ved UiB

Universitetet i Bergen tilbyr både Bachelor- og Mastergrad i Medie- og interaksjonsdesign.

All undervisninga på faget foregår i Institutt for informasjons- og medievitenskap sine lokale i Media City Bergen.

Her held universitetet tilsaman med medie- og medieteknologiselskap som TV2, NRK, Vizrt, Bergens Tidende, BA, IBM, ITV Studios og Vimond.

Studentane får ei bransjenær utdanning som gjer dei i stand til å konstruera prototypar på nye medium, og evaluera brukaropplevingane til både medieprodusentar og mediebrukarar.

Mediebransje under press

Universitetet i Bergen har ei utdanning som over lengre tid har utforska studentane si evne til å tilpassa seg arbeidslivet, nemleg Bachelor og Master i medie- og interaksjonsdesign. Dette studieprogrammet handlar om å designa og utvikla engasjerande teknologiske løysingar for mediebruk og medieproduksjon, og undervisninga føregår i Media City Bergen.

Vi ser at studentane har potensial for å vera sterke aktørar. Alle organisasjonar, bedrifter og enkeltindivid opplever no eit press om å vera nytenkjande og oppfinnsomme, og samtidig meistra den permanente teknologiske endringstakten. Men medie- og medieteknologisektoren vert særleg hardt ramma av disruptive krefter som digitalisering og globalisering.

Difor har vi jobba systematisk med å fremja innovasjonsevne hjå studentane, og vi har gjort det i eit samarbeid med næringslivet såvel som forskingsmiljøa. Vi oppfattar at vår tilnærming er svært relevant for Arbeidslivsrelevansmeldinga.

Usikkerheit skapar deltaking

Vi har brukt ei tilnærming kalla «innovasjonspedagogikk». Innovasjonspedagogikk dreier seg om å utsetja studentane for stor usikkerheit på ein planmessig måte. Faglærarane tvingar dei til å ta avgjerder om utviklinga av eit teknologisk produkt, og slik lærer studentane seg å verta endringsvande.

Dei lærer seg å samarbeida om utviklingsprosjekt der dei er nøydd å forstå kva som er nyttig for verksemda, kva dei kan og ikkje kan gjera utifrå sin eigen kompetanse, og ikkje minst så vert dei diplomatiske formidlarar mellom verdiane i næringslivet og verdiane i akademia.

Studentane vert godt førebudde til eit arbeidsliv med stadige teknologi- og trendskifte.

Fredag 27. september vert det arrangert ein dagskonferanse der vi presenterer lærdomar og resultat frå ti års praktisering av innovasjonspedagogikk.

Ny medieteknologi

Kvifor er det så viktig å laga ny teknologi? Nye teknologiar har lenge skapt usikkerheit og ofte også omveltningar i arbeidslivet, noko økonomen Joseph Schumpeter omtalte som «kreativ destruksjon» allereie på 1930-talet. Framveksen av internett som ein allmen teknologi på midten av 1990-talet er eit slåande eksempel.

Digital teknologi gjorde det råd for privatpersonar å laga tekniske løysingar med samfunnsmessig potensial. På guterommet sit det ungdommar og lagar dataspel eller appar til mobilen. Det finst rørsler som "Do it yourself" (DIY), the Maker Movement, Lær kidsa koding, og andre dugnadsbaserte initiativ.

Det virkar openbert at landets høgaste utdanningsinstitusjonar også må delta i denne teknologiutviklinga, og at studentar må aktiverast i utforskinga.

Studenten som deltakar istadenfor tilskodar

Studentar må utfordrast til å gå fremst i utviklinga av ny teknologi. Dette er den beste måten å sikra norsk verdiskaping på i framtida.

Lars Nyre

Korleis kan universitetet best få dette til? Når det gjeld arbeidslivsrelevans vil eg bringa inn Hans Skjervheim sitt kjente skilje mellom deltakar og tilskodar (1957).

Vanleg undervisning handlar om å formidla etablert kunnskap til noviser som skal eksaminerast for å sjekka om dei har lært det dei skulle. Dette er typisk for fag basert på forelesingar der det kanskje er 150 studentar i auditoriet.

Lærarar og ekspertar trener opp dei unge til å meistra den aktuelle disiplinen, og studentane vert objektiverte slik Skjervheim ser det. Læraren behandlar dei som faktum, og stiller seg utanfor deira liv og muligheiter for å engasjera seg i det dei lærer.

Men i innovasjonspedagogikken er det ei deltakande haldning som gjeld. Både læraren og studenten er deltakarar. Skjervheim forklarar at det å vera deltakar betyr at du tek engasjerer deg i den andre sin situasjon, tek ulike meiningar om eit saksforhold opp til diskusjon, og forsøker å finna ut av løysingsmuligheitane saman. Ja, ofte er det altså studenten som er den mest kompetente, den mest endringsviljuge og framtidsorienterte.

Me arbeider med to typar av deltakarbasert innovasjonspedagogikk i Media City Bergen.

Eksperimentell prototype

I den eine typen undervisning kastar me oss ut i eksperiment med teknologi som er så ny at den ikkje er etablert i bransjen. Opp gjennom åra har studentane laga medieløysingar for smartklokker, programmerbare droner og 3D-modellering, for å nemna noko.

Denne tilnærminga hermar etter den kreative destruksjonen i arbeidslivet, og difor tek me for oss ein ny teknologi kvar sesong. Faglærarane er på akkurat like tynn is som studentane. Saman finn me opp stadig nye uttrykksformer, og er med å pressa grensene for mediets form samtidig som me lærer å handtera stadig endring.

Studentvideo: Smartklokke

Stadig vekk viser det seg at studentane meistrar teknologiane like godt som oss faglærarar, og dette skapar ei sterk meistringskjensle såvel som ein reell kompetanse som er verdifull for studentane sjølve enten dei vil verta entreprenørar, forskarar eller få seg jobb i etablerte mediefirma.

Prototype for verksemd

Studentvideo: GUL 16 - Historien om et tysk fly fra andre verdenskrig:

I den andre typen undervisning er studentane ansvarlege for å laga ein prototype for ei verksemd i Media City Bergen og Bergensområdet, som NRK, TV2, TV2 Sumo, Bergens Tidende, Vizrt og Vimond.

Dei er ute i praksis i ca. fire månader, og opptrer som eit designteam saman med kontaktpersonar i firmaet. Dei vert kasta ut eit krevande oppdrag med stor usikkerheit. Dei må samarbeida med profesjonelle som dei ikkje kjenner, i eit miljø dei ikkje kjenner.

Studentvideo:dRIG - en autonom drone for videojournalister

Vimond er eit som lagar digitale verktøy for videoproduksjon, og UiB har hatt eit fruktbart samarbeid med dei i fleire år. Studentane skal gjera "muligheitsstudier". Det betyr at dei skal sjå etter nytteverdi i nye teknologiar som Vimond ikkje jobbar med i den vanlege produktutviklinga. Studentar har blant anna laga eit verktøy for automatisk transkripsjon av tale i videopptak ved hjelp av kunstig intelligens.

Den tilnærminga vi kallar «innovasjonspedagogikk» kan gjera studentane meir robuste i møte med arbeidslivet enn tradisjonell disiplinundervisning. Vi dyttar studentane så langt utpå greina som vi tôrer, og så reddar vi dei innatt. Dei lever med sterkt prestasjonspress og mykje stress, men den reelle risikoen for studentane er likevel låg, og det går an å tenkja på det heile som ein pedagogisk leik.

Verdiskaping for framtida

Leiken har likevel stor verdi. Gjennom desse to typane innovasjonspedagogikk bidreg både verksemder og studentar til ei reeell verdiskaping. Verksemdene er med å forma kompetansen til unge folk, dei får tilgang på gode idéar og funksjonelle prototypar, og dei rekrutterer dyktige arbeidstakarar.

Studentane får likeeins rom til å utvikla sprøe og nyttige løysingar, dei får kontaktar i den bergenske mediebransjen, og dei får ikkje minst ei brutal og realistisk erfaring med korleis arbeidslivet fungerer. Dei får færre overraskingar når dei er ferdigutdanna, og overgangen til arbeidslivet vert mjukare.

Studentar må utfordrast til å gå fremst i utviklinga av ny teknologi. Dette er den beste måten å sikra norsk verdiskaping på i framtida.