I fjor hadde Mari Galambos Grue og Siri Aastad Kvaleid avlsuttande eksamenskonsert i universitetsaulaen. Slik vert det ikkje for dei som avsluttar studia sine ved Griegakademiet dette semesteret.
I fjor hadde Mari Galambos Grue og Siri Aastad Kvaleid avlsuttande eksamenskonsert i universitetsaulaen. Slik vert det ikkje for dei som avsluttar studia sine ved Griegakademiet dette semesteret.

Ingen eksamenskonsertar i år

Kunst- og musikkstudentane kan ikkje invitera venner og kjende til store avslutningar dette semesteret. I staden kan det verta frivillige arrangement til hausten.

Publisert

Denne våren vert det ikkje gjennomført ein einaste skuleeksamen ved Universitetet i Bergen, både skriftlege og munnlege eksamenar vert i digital variant. Det kjem fram i informasjon Studieavdelinga ved UiB har samla inn for På Høyden.

Men nokre studentar skulle ikkje ha vanleg skuleeksamen. Dei skulle ha ein konsert, eller visa arbeida sine på ei utstilling. Slik vert det ikkje for studentane ved Fakultet for kunst, musikk og design denne våren.

Skriftlege oppgåver

— Me har lagt om alle eksamensformene radikalt, seier dekan Frode Thorsen til På Høyden.

— I etterpåklokskapes teikn, når me no ser at samfunnet delvis opnar att, kunne me kanskje satsa på å arrangera noko i juni eller august, men me våga ikkje ta sjansen på det.

Eksamensform varierer frå studieprogram til studieprogram. Men for musikkstudentane vil det til dømes kunne verta aktivitet ein har vore med på gjennom året. Kunst- og designstudentar kan verta bedne om å skriva refleksjonsnotat eller ei prosjektskildring.

Det vert veldig annleis eksamen, men det viktige for oss har vore at alle skal få gjennomføra

Frode Thorsen, dekan KMD

— I tillegg har mange av dei noko fotomateriale som viser arbeida deira. Det vert veldig annleis eksamen, men det viktige for oss har vore at alle skal få gjennomføra, seier Thorsen.

I staden for konsertar og utstillingar i mai og juni, håpar fakultetet at dei kan arrangera dette til hausten. Det vil då ikkje vera ein del av eksamen, og det vil vera frivillig å vera med. Men mange studentar ønskjer å visa fram det dei har jobba med, seier dekanen.

— Når det gjeld særleg utstillingane er det mange som ønskjer å koma. Nokre plar bruka desse som ei form for talentspeiding, seier han.

Praktisk eksamen flytta

Ved Det medisinske fakultetet skulle nokre av studentane hatt praktisk eksamen. Det gjeld studentane på tredje og sjette studieår.

— Praktisk eksamen i avgangsåret er dette semesteret erstatta av ein digital munnleg eksamen. Praktisk eksamen for tredje året er utsett til januar 2021, skriv viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, i ein epost til Khrono.

Ho seier at studentkullet på medisin vert delt før fjerde studieår, og at det difor vert vanskeleg med praktisk eksamen for alle til hausten.

Vanskeleg med pasientkontakt

Dei aller fleste studentane kjem til å få gjennomført dei eksamenane dei skulle dette semesteret. Men for nokre få emne har ein ikkje fått gjennomført undervisning dette semesteret. Då vert eksamen utsett.

Samdal seier at fleire fakultet har nokre få kurs der ein ikkje har fått gjennomført undervisninga som planlagt, dette gjeld til dømes feltkurs. Studentane har fått alternative tilbod dette semesteret, anten andre kurs eller spesialpensum.

For andre emne skulle det vore obligatorisk undervisning som ein no ikkje har fått gjennomført. Her kan studentane ta eksamen, men resultatet vil ikkje verta gjeldande før den obligatoriske undervisninga er gjennomført.

Dette gjeld ein del av dei utøvande og skapande emna ved Fakultet for kunst, musikk og design og ein del klinisk undervisning ved Det medisinske fakultetet og Det psykologiske fakultetet.

— Det gjeld emne der undervisninga er lagt opp med pasientar eller film av pasientar. No vert det gjennomført kartlegging og ros-analysar for å sikra løysingar på undervisning med sensitive data, seier Samdal.