Gro Anita Fonnes Flaten, Bjørg Kristin Selvik og Liv Reidun Grimstvedt blir prorektorar på <span class="caps">HVL</span>, og næraste medarbeidarar for Berit Rokne.
Gro Anita Fonnes Flaten, Bjørg Kristin Selvik og Liv Reidun Grimstvedt blir prorektorar på HVL, og næraste medarbeidarar for Berit Rokne.

Kvinner topper HVL

Publisert

Det blir rein kvinneleiing i rektoratet på Høgskulen på Vestlandet. 

Bjørg Kristin Selvik, Liv Reidun Grimstvedt og Gro Anita Fonnes Flaten blir prorektorar for høvesvis utdanning, samhandling og forsking.

Dei tre skal ha ansvar for kvar sin region, i tillegg til dei tre fagområda. 

Bjørg Kristin Selvik skal ha hovudarbeidsstad i Sogn og Fjordane, Gro Anita Fonnes Flaten i Bergen, og Liv Reidun Grimstvedt får ansvar for og hovudarbeidsstad i nærregion Stord/Haugesund. 

Rektor Rokne uttaler på HVL sine nettsider at institusjonen hadde <<svært gode søkarar og ein grundig og god prosess. Med desse prorektorane får vi ei svært god leiargruppe.>> 

Problem om det var menn

Styreleiar Arvid Hallén er glad over avgjerda. 

– Eg er veldig nøgd med at me har fått på plass ein ny del av oppbemanninga av Høgskulen på Vestlandet. Vi fekk ei veldig god søkarliste, fortel Hallén til På Høyden. 

Prorektorjobbane blei utlyst internt først, og styret var så nøgde med søkarane at dei valde å ikkje lyse ut jobbane eksternt. 

Og resultatet blei altså ei rein kvinneleiing. 

– Dette er noko vi har diskutert før avgjerda. Om det hadde vore motsett, med kun menn i leiinga, så ville vi hatt store problem med det. Men no tek vi det som eit positivt uttrykk for at vi har veldig mange gode kvinner på høgskulen. 

Styret brukte halvannan time på tilsetjingane, og innstillinga blei vedtatt samrøystes. 

Det var tilsaman åtte søkarar til dei tre stillingane