– Forventinga om alt ein skal overvinne, berre ein vil det nok, kan legge stein til byrda for mange med funksjonsnedsettingar, seier Knut Magne Aanestad. Foto: Ida Bergstrøm
– Forventinga om alt ein skal overvinne, berre ein vil det nok, kan legge stein til byrda for mange med funksjonsnedsettingar, seier Knut Magne Aanestad. Foto: Ida Bergstrøm

Forska på blinde klatrarar

HVL-forskar Knut Magne Aanestad har skrive doktorgrad om klatrarar som har ein noko tyngre veg til toppen enn dei fleste andre. 

Dersom du måtte klatre i blinde, kor høgt ville du klatre? Hvis ryggen din var svekka av nerveskader, ville du likevel ha trossa smertene for å drive med idrett?

Knut Magne Aanestad er forskar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). I arbeidet doktorgraden fann han informantar i ei verd han kjenner godt: Blant tau, boltar og svette tak i klatrehallen.

Knut Magne Aanestad:

  • Knut Magne Aanestad er forskar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
  • Han er sjølv klatrar.
  • I doktorgradsavhandlinga «A social climbing world. Impaired corporeality and the meaning contents of physical activity» forska han på korleis personar med funksjonshemmingar driv idrett og friluftsliv.

Her forska han på korleis personar med funksjonshemmingar driv idrett og friluftsliv.

Gjengen han møtte ved klatreklubben i Tromsø klatrar fordi dei likar det. Fordi dei er klatrarar, sjølv om dei har ein lengre og brattare veg til toppen enn andre.

Klatra i blinde
Dei fleste i gruppa hadde starta å klatre som ein del av eit rehabiliteringsprosjekt. I ettertid hadde dei fortsatt med idretten. Til faste tider møttest dei i klatrehallen. 

– Dei er på ein måte ein eigen klubb i klatreklubben. Dei trener på eiga hand, og på eigne premiss. Slik eg såg det, blei funksjonsnedsettingane opplevd som normale premiss i spelet. Dei var ikkje berre noko dei skulle overvinne eller gløyme. Ein av klatrarane eg møtte var blind: For han låg utfordringa i å hugse ruta; å memorere kvar han skulle strekke armen for å finne eit tak å gripe, fortel Aanestad.

Gjennom fleire år med klatring hadde dei utvikla ein form for taus kunnskap

Taus kunnskap og kroppsspråk
Når ein klatrar, er ein sikra med eit tau. Dette går gjennom slynger eller eit anker i veggen, og er deretter festa i selen til ein person på bakken, kalla sikrar. Sikraren gir ut tau etter kvart som klatraren beveger seg oppover i veggen. Dersom klatraren dett, skal sikraren gjere at fallet skjer på ein trygg måte. Tryggheit og god kommunikasjon er essensielt.

– Gjennom fleire år med klatring hadde dei utvikla ein form for taus kunnskap. Dei var veldig fininnstilte på kameratane sitt kroppsspråk når dei klatra.

Nettopp denne tause kunnskapen dei hadde, dette innforståtte dei delte som klatrarar med ei funksjonsnedsetting, var sentral i arbeidet til Aanestad.

Normalitet
– Mykje av den tidligare forskinga har hatt fokus på rehabilitering. Den fysiske aktiviteten dreier seg om å overvinne, trasse, eller gløyme funksjonshemminga. Eg ville ha noko anna. Eg ville prøve å sjå kva som kom fram når ein ikkje er låst til denne rehabiliteringsdiskursen.

– Kva fann du?

– Eg opplevde at det fantes ein normalitet i dette miljøet. Dei såg på seg sjølv som klatrarar med funksjonsnedsettingar av ulik art – ikkje funksjonshemma som får lov til å klatre litt, seier Aanestad.

Inkludering må nettopp handle om å anerkjenne ein vidare form for normalitet

Ikkje alle kan
I denne klatregruppa har funksjonshemmingane blitt normalisert. I verda utanfor, inkludert tidlegare forsking, har funksjonsnedsettinga blitt sett i fokus.

Ikkje alle kan vere «superhumans»
Ekstremsport blir det mest lysande eksempelet på at personar med funksjonshemming kan klare alt dei bestemmer seg for.

Tenk på «Ingen grenser», der ei gruppe funksjonshemma saman med Lars Monsen legg ut på ein 40 mil lang ekspedisjon. Tenk på Paralympics, som hadde «We’re The Superhumans» som slagord for OL i 2016.

– Her blir det eksepsjonelle ved utøvarane framheva. Dette er synleggjering, bevisstgjering og inspirasjon, noko som er bra på mange måtar. Men det går også litt på kostnad av normaliteten. Funksjonshemma har i mange samanhengar blitt betrakta som noko mindre enn vanlege folk – og så søkjer ein på eit vis å kompensere for dette ved å framheve dei som noko meir enn vanlege folk. På den eine sida er dette ein nyttig retorikk med ein god tanke bak. På den andre sida også med på å ta vekk normaliteten i det å ha ei funksjonshemming. Inkludering må nettopp handle om å anerkjenne ein vidare form for normalitet.

Når grensene for kva ein kan få til trass i funksjonshemmingar blir oppheva, blir dette også ein normativ forventning som kan gå ut over sjølvfølelsen. Kva om ein rett og slett berre er ein «vanleg» person, som tilfeldigvis også har ei funksjonsnedsetting?

– Forventinga om alt ein skal overvinne, berre ein vil det nok, kan legge stein til byrda for mange med funksjonsnedsettingar, seier Aanestad.

Vil bli tatt på alvor som klatrarar
– Klatrarane eg møtte sa at dei var glade for å ha fått vere med på organiserte samlingar. Arrangørane og klatreforbundet gjorde her ein god jobb, meinte dei. Frå tid til annan trengte dei tilrettelegginga. Samtidig ville dei bli tatt på alvor som seriøse klatrarar og vaksne idrettsutøvarar.

Når klatrarane eg intervjua blei med på arrangerte klatrearrangement, braut dei med det som dei har bygd opp som ein eigen normalitet.

– Mine informantar utvikla etablerte motstrategiar i møtet med enkelte former for tilrettelegging: På den eine sida ville dei ha assistanse og støtte. På den andre sida ønska dei å hegne om sin eigen identitet som klatrarar, seier Aanstad. 

Forventinga om alt ein skal overvinne, berre ein vil det nok, kan legge stein til byrda for mange med funksjonsnedsettingar

Vern om normaliteten
Fysisk aktivitet treng ikkje berre handle om rehabilitering, overvinning, integrering, og aktivering.

Aanestad meiner rehabiliteringsdiskursen i enkelte samanhengar bryt med dei involverte sin eigen oppleving av normalitet. Det som er laga for å hjelpe dei, kan også bli ei avgrensing.

– Vi må hugse på at det finst ein normalitet her. Vi må ikkje gløyme det.