<span class="caps">HVL</span> har styremøte ulike stader. Årets første møte er i Bergen.
HVL har styremøte ulike stader. Årets første møte er i Bergen.

HVL-styret skal seia ja eller nei til strøyming

Publisert

I dag kan du følgja strøyming av HVL sine styremøte. Det er ikkje sikkert du kan gjera i framtida.

– Me i Forskerforbundet meiner det er uheldig at strøyminga skal kunne skruast av etter kva styret sjølv finn for godt.

Det seier Gjert Anders Askevold, hovudtillitsvalt for Forskerforbundet på Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Torsdag skal Høgskulen på Vestlandet (HVL) ha årets første styremøte. Ei av sakene som står på sakskartet er strøyming av styremøte. Spørsmålet er om ein framleis skal strøyma, og om ein skal strøyma alt.

I sakspapira vert det føreslege at ein kan opna for at styret i nokre saker kan avgrensa direkteoverføringa.

– Me meiner at høgskulen tener på openheit. Sjølvsagt har me forståing for at nokre saker skal vera unnteke offentlegheit. Men det er ikkje slike saker som er nemnt i sakspapira, seier Askevold.

Vil visa debatten

Møtet startar torsdag klokka 10, og du kan sjå det via denne lenkja.

Dei tre høgskulane som no utgjer HVL hadde ulike praksisar når det gjaldt å visa direktevideo av møta. Det første året med HVL har møta òg vorte strøyma, men no skal praksisen altså diskuterast.

I sakspapira vert det peika på at det kan vera fornuftig at ein høgskule med så mange ulike studiestader og store avstandar har ei løysing som gjer at tilsette og studentar kan følgja med på styremøta frå der dei er.

Samstundes vert det lagt vekt på at strøyming ikkje berre er positivt. Det heiter at det fleire gongar har vorte kommentert at ei direkte overføring av møta kan påverka korleis styret gjennomfører diskusjonane sine. Dette gjeld særleg i krevjande saker der styret gjennom diskusjon må arbeida seg fram til samlande løysingar.

Askevold meiner at det i nettopp slike saker er viktig med openheit.

– Det er svært uheldig dersom ein debatt om til dømes aktivitetsbaserte arbeidsplassar skal verta debattert medan strøyminga er skrudd av. Sjølvsagt kan det kjennast ubehageleg at dei tilsette får vita at dette er ei sak der det har vorte fremja ulike syn i styret, men Forskerforbundet meiner tvert om at det er positivt at dei tilsette kan sjå at det har vore debatt kring temaet, seier han.

Har tatt saka opp med rektor

Styret er bedne om å diskutera både direkteoverføring av video og lagring av opptaka i etterkant.

I tillegg kan ein gjera opptak frå møtet mindre tilgjengeleg i ettertid. Dette kan gjerast ved at dei som er knytt til høgskulen kan sjå opptak av møtet via intranett fram til protokollen er vedteken. Andre vil ikkje ha denne moglegheita.

I rektor si vurdering heiter det at rektor ser fram til styret sin diskusjon og vil følgja opp saka i tråd med dei føringane styret legg for handtering av strøyming.

– Når kan det vera aktuelt å ha ei avgrensa direkteoverføring?

– Eg trur ikkje eg skal seia noko om dette no. Dette er styret si sak, og eg er berre sekretær for styret, seier rektor Berit Rokne.

Askevold seier til På Høyden torsdag morgon at Forskerforbundet har sendt ei melding til rektor om saka, og at dei håpar denne vert teken med til styremøtet.