Frå og med i dag er dei fem studiestadane Førde, Sogndal, Haugesund, Stord og Bergen del av Høgskulen på Vestlandet.
Frå og med i dag er dei fem studiestadane Førde, Sogndal, Haugesund, Stord og Bergen del av Høgskulen på Vestlandet.

No er dei alle del av Høgskulen på Vestlandet

Publisert

Tre høgskular er blitt til éin, og over 16 000 studentar har fått ny rektor. – Håpet er at det blir eit betre tilbod for studentane, seier studentpolitikar ved kampus Sogndal, Knut Almås Anfinset.

Litt over eit halvt år sidan Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord/Haugesund gjekk inn for ei samanslåing, er fusjonen ein realitet. No er det berre Høgskulen på Vestlandet som gjeld.

Les også: HiSF sikra fusjonen

– Det betyr at Høgskulen i Sogn og Fjordane som omgrep ikkje finst lenger, så det kjennest rart. Det er litt vemodig, men samstundes veit ein at drifta og aktiviteten heldt fram som før. Me har skifta namn, og me går inn i ein ny organisasjon med nye moglegheiter, seier Rasmus Stokke (bildet), som har vore rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Han er tilsett som mellombels prorektor i den nye høgskulen.

Ein av Noregs største

Høgskulen på Vestlandet har om lag 16 000 studentar og 1 400 tilsette, fordelt på fem studiestadar: Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund. 

– Me har tru på at det skal bli ein kraftfull organisasjon for heile Vestlandet, seier Stokke.

Dei tre høgskulane starta fusjonsforhandlingar våren 2016, og 9. juni i fjor blei samanslåinga vedteke på eit styremøte ved dei tre høgskulane. Det var knytt størst spenning til kva Høgskulen i Sogn og Fjordane kom til å landa på. Eit knappast mogleg fleirtal stemte til slutt for fusjonen.

Les også: Tillitsvalde fryktar for kva som kan går tapt

– Eit villa steg

I september var interimstyret til den nye høgskulen klart, og dei hadde første styremøtet same månaden. Dei har hatt mange saker på bordet, og tilsette i november den nye rektoren for institusjonen, som blei Berit Rokne. Ho ser fram til å ta fatt på rektorjobben. 

– For min eigen del er det å bli rektor for HVL utruleg spennande. Det vil bli krevjande, men store delar av organisasjonen har jobba hardt og intenst med å sikra dei nødvendige funksjonar som må vera på plass til oppstart. Her har vore brukt mykje kompetanse, kunnskap og energi. Det gode forarbeidet lovar godt for vidare utvikling av HVL, seier Rokne (bildet).

Liv Reidun Grimstvedt har fram til no vore rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund. Ho ser fram til å tre inn i ein større organisasjon.

– Eg trur at det blir veldig bra. Me har vore innstilte på dette og jobba for det. Det er eit villa steg, og me ser at me kan gje større breidde i vår region gjennom å vera ein større høgskule. Det blir eit større fagmiljø, både for dei fagelge og dei administrativ tilsette. Det vil vera positivt innad og for studietilbodet vårt. No kan me tilby to masterutdanningar frå hausten av som me ikkje hadde klart åleine. seier Grimstvedt, som no blir mellombels prorektor ved HVL.

Sterke kampus

I Sogn og Fjordane var motstanden mot fusjonen aller størst, men Ramus Stokke synest stemninga er god og konstruktiv, og seier at dei tilsette har jobba aktivt i haust med å gå inn i den nye organisasjonen. 

– Er de redde for å mista dykk sjølve?

– Det blir avhengig av korleis organisasjonen utviklar seg framover. Men fusjonsavtalen legg eit godt grunnlag for at me skal utvikla sterke kampus både i Sogndal og i Førde. 

For studentane i HVL blir det no berre ein felles studentsamskipnad og eit studentting. Avtroppande leiar for studentparlamentet ved HiSF, Knut Almås Anfinset, trur det kan slå begge vegar. 

– Det gjenstår å sjå kva effekt dette vil få. Det kan føra til at interessa blussar opp og gjera at fleire ønsker å vera med i studentpolitikken. Eller så kan ein tenka at studentane ikkje ser poenget, at det blir lang reiseveg, og at ein diskuterer saker som ikkje kjennest relevante for sin eigen studiestad. Me får sjå på valoppslutnaden korleis folk ser på det, seier Anfinset (bildet).

Han vonar samanslåinga vil koma studentane til gode. 

– Me er spente på korleis det blir i den nye høgskulen. Håpet er at det blir eit betre tilbod til studentane, og at ein vil få eit breiare og sterkare fagmiljø.  

Den offisielle opninga av HVL finn stad på alle dei fem studiestadane 10. januar. 

Desse har fusjonert:

Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF): Skulen har om lag 4 000 studentar og 330 tilsette fordelte på studiestadane Sogndal og Førde. Grunnlagt i 1994.

Høgskulen Stord/Haugesund (HSH): Skulen har om lag 3200 studentar og 310 tilsette fordelt på studiestadane Stord og Haugesund. Skipa i 1994.

Høgskulen i Bergen (HiB): Skulen har om lag 7 700 studentar og 830 tilsette. Den vart skipa i 1994. 

 

Høgskulen på Vestlandet - kampusar from På Høyden on Vimeo.