Tom Skauge var ein av styremedlemmene som var oppteken av at vegen inn til leiarstillingane i den nye høgskulen, ikkje måtte bli for vanskeleg.
Tom Skauge var ein av styremedlemmene som var oppteken av at vegen inn til leiarstillingane i den nye høgskulen, ikkje måtte bli for vanskeleg.

– Må ikkje vera for strenge

Publisert
Kompetansekrav:

Fleire i HVL-styret er opptekne av å ikkje utelukka søkarar utan doktorgrad til leiarstillingar. - Me er i ei endringsfase, og me må ta vare på dei flinke og kloke emna me har i dag, sa Tom Skauge.

Kva formelle krav dei landar på blir ikkje klart før utlysinga til dekan og prorektorstillingar skjer i februar

HVL-styremøtet torsdag blei spørsmålet om kva kompetansekrav som skal stillast til leiarane i den nye organisasjonen diskutert. Styret skulle gje signal til dei som skal jobba vidare med stillingsutlysningane. Stillingsbeskrivelsane skal endeleg vedtakast på styremøtet i februar. 

Den faglege organiseringa skulle i utgangspunktet behandlast på styremøtet i januar, men grunna mangel på tid, og eit ønske om å behandla dette saman med den faglege profilen, er saka utsett til møtet 16. februar. Då skal også den administrative organiseringa behandlast.

– Me må ikkje laga utlysingar som utdefinerar gode søkarar som jobbar i høgskulen på Vestlandet, sa Gunnar Yttri.

Krevande leiarkabal for HSN

Ved Høgskulen i Sørøst-Norge blei dekanstillingane lyste ut med krav om minimum førsteamanuensiskompetanse. Førstelektorar og dosentar var dermed ikkje kvalifiserte for stillingane. Debatten torsdag kan tyda på at ein ikkje ønsker å gå like smalt ut ved HVL. Fleire av styremedlemmane tok til ordet for at ein må sidestilla førstelektorar og dosentar med førsteamanuensiskompetanse.

– Me må vera opptekne av å få best mogleg søkarar inn til stillingane. Det er mange ting me skal ta med i vurderingane, då må me ikkje gjera moglegheitane for snevre. Me må sidestilla førstelektor, dosent og førsteamanuensis. Mange av våre institusjonar har bevisst valgt den eine vegen, fordi ein vektlegg betydning av god utdanning og formidling. Det er synd å ekskludera dei, fordi me vil ha doktorkompetanse, sa Kari Kjenndalen. 

Gunnar Yttri var oppteken av å hugsa på kva institusjonar ein kjem frå. 

– Blikket på resten av sektoren er viktig, og også formalkrava. Samstundes saknar eg blikket på dei tre institusjonane som no fusjonerer. Det står at det skal vera fortrinnvis intern utlysing. Me må lysa ut slik at me får på plass gode og ambisiøse leiarar, slik at dei som er i høgskulen i dag føler seg kalla til å søka. Ved Høgskulen på Vestlandet er det eit rikt utval av folk som ikkje har doktorgrad, men som har førstelektorkompetanse, og som er gode leiaremne. Fleire som ikkje har doktorgrad har likevel utført forskingsarbeid på bra nivå, sa Yttri. 

– Sterk konkurranse om midlar

Universitetsambisjonar og konkurranse om forskingsmidlar blei trekt fram i diskusjonen om krav til kompetanse.

– Særleg når det gjeld dekanar, trengst det høg vitskapeleg kompetanse. Me er inne i ei ny fase i høgare utdanning, med stadig sterkare konkurranse om forskingsmidlar. Ein bør ha minimum doktorgrad, og helst nokon år på baken med forskingskompetanse. Så kjem sjølvsagt alt det andre i tillegg som skal ligga i botn, sa Christine Øye.

Tom Skauge var oppteken av at ein ikkje måtte lysa ut for snevert. 

 – Me er i ei endringsfase, og me må ta vare på dei flinke og kloke emna me har i dag. Mange skal vera inviterte inn, sjølv om formelle krav må takast i vare. Me er ein institusjon som har bygd seg opp fordi me er praksisnære. Me må ikkje vera for strenge med porten, me må gjera den litt vidare. Det er kanskje ikkje naudsynt at me har leiarar som har like høg kompetanse som dei under seg. Sjølv om me har ein prorektor utan doktorgrad, kan det utmerka vera ein som kan bidra til gode søknadsprosessar, sa Tom Skauge.

Høg vitskapeleg kompetanse

Aina Berg minna også om universitetsambisjonane, og kva signal ein sender ut til andre.

– Høg vitskapeleg kompetanse må vera eit valkriterium for ein institusjon som ha universitetsambisjonar. Når me skal velga leiarar må me ikkje spela oss sjølv ut over spelelinja, sa Aina Berg

Styreleiar Arvid Hallén gjekk ikkje meir konkret inn i saka, enn å seia at høg vitskapeleg kompetanse må vera eit krav. 

– Det er ei interessant sak, fordi eit moment å vurdera er at ein er i ei omstilling, ein kjem frå utdanningar som ikkje har vore forskingsbasert. No fasast det inn i ny kontekst. Eg trur ikkje dette vil vera ei sentral problemstilling om 10 -15 år. Me må vektlegga ulik kompetanse, men at høg vitskapeleg kompetanse er eit klart krav. Korleis det skal vektleggast formelt er eit anna spørsmål, sa styreleiar Hallén.

HR-direktør ved HiB, Sonja Dyrkorn, informerte om at stillingane vert lyst ut rett etter styrevedtaket i februar. 

– Rekruttering til leiarstillingar skal skje internt. Me startar kartleggingssamtaler med leiarar i dei tre institusjonane for å sjå om dei kan vera aktuelle, og på kva for ambisjonar dei har. Me er allereie i gong med å henta inn opplysningar på dagens leiarar, på formalkrav mellom anna.