<span class="caps">HVL</span>-styret har nok av saker å ta tak i.
HVL-styret har nok av saker å ta tak i.

Jaktar på profil og internasjonale spissar

Publisert

Kva skal ein profilere seg på? Og kva fagområde kan glimre internasjonalt? Ved Høgskulen på Vestlandet er jakta i gang.

Interimstyret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) har møte i går og i dag, og avgjerdene står i kø: Dei 15 medlemmene hadde over 700 sider sakspapir å lese før møtet.

Kva fagområde HVL skal profilere seg på, kva skal strategien til den nye høgskulen vere, og kva fagmiljø er så gode at dei kan hevde seg nasjonalt og internasjonalt er sentrale spørsmål for høgskulen.

Pressa prosess

Knut Steinar Engelsen, som er professor i IKT i læring, har leia gruppa som har leia jakta på styrkene til høgskulen.

– Det er ein pressa prosess, og det går fort i svingane. Vi har sett på kva den nye høgskulen kan bli nasjonalt leiande på, og på storleiken og nivået på miljøa, seier Engelsen.

Arbeidet har enda opp i fire profilområde, og dei har identifisert mulege satsingsområde innanfor kvart:

  • Helse, omsorg og velferd: Her er omsorgsforsking utpeikt  som muleg internasjonal suksess. Fagfeltet har allereie ein god posisjon gjennom internasjonal deltaking og sampublisering, og fagmiljøet er breitt.
  • Danning kultur og samfunn: Her kan høgskulen satse på fagleg kopling mellom kunstfag og naturvitskap, og har allereie arbeidd med global samproduksjon av opera med tematikk frå naturvitskap, som partikkelfysikk og astronomi.
  • Teknologi og sikkerheit: Datavitskap og nautiske og maritime operasjonar er utpeikt som to mulege internasjonale suksessar for HVL.
  • Innovasjon, entreprenørskap og berekraftig omstilling: Innovasjons- og entreprenørskapsforsking er eitt felt der HVL allereie lukkast. I tillegg kan det satsast på berekraftig administrasjon og styring av klimaendringar.

– Dette er subjektive, skjønnsmessige vurderingar, som heilt sikkert er diskutable, understrekar Engelsen. Saka skal, på linje med fleire andre store saker styret har oppe, ikkje avgjerast før i neste møte.

No vil arbeidsgruppa involvere større delar av organisasjon, samt næringslivet og andre eksterne aktørar, for å finne ut kva den nye høgskulen verkeleg skal bli god på.

For introvert?

Og det kan det vere god grunn til, om ein skal dømme ut frå reaksjonane frå styret:

– Kva er behovet der ute, og kva er konkurransesituasjonen? Alle slike moment må det leggjast vekt på når vi skal finne kor vi er leiande nasjonalt og internasjonalt. Og så er det viktig at vi har fokus på universitetsambisjonen, seier Aina Berg.  

– Vi må bruke litt meir tid, og utvide mandatet noko. Kanskje er det litt for introvert? Vi må sjå på dei regionale utfordringane. Kva er dei store utfordringane på Vestlandet, seier Trond Ueland.

– Vi må finne balansen, og vi som styre må ikkje pushe meir enn det som er klokt, men heller ikkje mindre, meiner styreleiar Arvid Hallén.

Organiseringa av HVL blir og diskutert på møtet, og eit av spørsmåla som framleis ikkje er avklart er om dei skal gå for tre eller fire fakultet. Her blei det inga avklaring på møtet. Modellen med tre fakultet er bygd opp rundt profesjonane, med helsefag, lærarutdanning og ingeniør- og økonomifag i kvart sitt fakultet.

Fagleg eller administrativ?

Korleis høgskulen skal leiast heng tett i saman med organiseringa, og det er ulike syn i styret på om det er fagleg kompetanse eller administrativ- og leiarkompetanse som er viktigast å ha med i leiargruppa.

Mens dei eksterne og administrative representantane understreker at ein treng administrativ kompetanse blant dei tre prorektorane, har dei faglege meir tru på at fagleg tilsette kunne fylle desse rollene.

– Eg er slett ikkje så sikker på om eg ville ha ønska meg ein modell med administrative leiarar i rektoratet, seier Sissel Johansson Brenna.

Fleire styremedlem var kritiske til ideen om fakultetsstyre, og var meir positive til fakultetsråd, som altså berre gir uforpliktande råd til dekanar. Det kan gi dei tilsette mindre påverknad på fakultetsnivået.

Studentstrid

Størst strid i styret var det om sakene som direkte gjeld studentane. For å vere klar til opptaket våren 2017 har HVL lagd ei forskrift om opptak ved høgskulen, og ei anna om studium og eksamen.

Studentane er kritiske til fleire punkt i desse, og meiner mellom anna at det vil føre til at bachelorstudentar maksimalt kan bruke fire år på graden, som normalt tek tre år. Her meiner administrasjonen at studentane har misforstått, og at ein kan bruke inntil to år ekstra. At ingen studentar har fått vere med på å utforme forskriftene har truleg heller ikkje vore til særleg hjelp i prosessen. 

Kan reviderast

Men sakene viser både at HVL har hastverk med å komme gjennom sakene, noko som gjer det vanskeleg å sende tilbake saker det er strid om, og ulike syn i styret på kor langt ned i detaljane ein kan gå på eit styremøte.

I ei avrøysting om eit punkt i ei av forskriftene tapte studentane med fem mot åtte stemmer, og dermed kan forskrifta tre i kraft. Men styreleiar Hallén har samtidig lova at desse kan reviderast dersom det viser seg å ha negative konsekvensar for studentane.