Statsminister Erna Solberg kjem til Sogndal for å delta på opninga av den nye høgskulen. Bildet er frå nedlegginga av grunnsteinen i Media City.
Statsminister Erna Solberg kjem til Sogndal for å delta på opninga av den nye høgskulen. Bildet er frå nedlegginga av grunnsteinen i Media City.

I dag opnar Erna Høgskulen på Vestlandet

Publisert

Følg opningsshowet ved den nye Høgskulen på Vestlandet direkte her.

Tysdag klokka 11.00 er det klart for offisiell markering av at tre høgskular på Vestlandet no er blitt til éin.

Kunstaktøren Fargespill startar festen i Bergen, før rektor Berit Rokne og Statsminister Erna Solberg held sine talar i Sogndal.

Felles opning

Arrangementet er samkøyrd digitalt, slik at alle kan følga den same framsyninga rundt om på studiestadane. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til Bergen, medan statssekretær Bjørn Haugstad vitjar Haugesund.

Artistar som Thea Hjelmeland og Anderz Eide skal opptre, og det blir stemningsrapportar frå kampus på Stord og i Førde. På Høyden er tilstade både i Sogndal, Haugesund og Bergen, og vil rapportere frå arrangementet.