Høgskulestyret er godt i gong med å legga leiarkabalen på Høgskulen på Vestlandet (<span class="caps">HVL</span>).
Høgskulestyret er godt i gong med å legga leiarkabalen på Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Her er dei nye dekanane på Høgskulen på Vestlandet

Publisert

To menn og to kvinner får ansvaret for å leia dei nye fakulteta ved Høgskulen på Vestlandet.

Torsdag tilsette HVL-styret dekanane som skal leia dei fire nye fakulteta ved høgskulen. Desse er: 

Fakultetet for helse- og sosialfag:
Randi Skår – i dag dekan på Avdeling for helsefag ved campus Førde

Fakultetet for øk.-administrative fag, nautikk og samfunnsfag:
Anne Isabelle Robbestad – ho er i dag dekan Avdeling for tekn., øk. og maritime fag ved campus Haugesund

Fakultetet for lærarutdanningane, idrett og kulturfag:
Asle Holthe – han er i dag dekan på Avdeling for lærarutdanning ved campus Bergen

Fakultetet for ingeniør- og naturfag:
Geir Anton Johansen – i dag dekan på Avdeling for ingeniør- og økonomifag ved campus Bergen

(Namna på fakulteta blir endeleg vedteke på styremøtet i juni)

– Ei spennande stilling
Geir Anton Johansen søkte også på rektorjobben ved HVL, og var med i finalerunden. Han er godt fornøgd med at han har fått dekanjobben på Fakultetet for ingeniør- og naturfag frå hausten av. 

 

Desse har søkt dekan- og direktørstillingar ved HVL

Søkarlistene for dei internt utlyste dekan- og direktørstillingane er no klare. Her kan du sjå kven som har søkt.

Namna på dei nye fakulteta er ikkje endeleg namnsett, men dei førebelse namna er satt på her.

Dekan for nytt fakultet for helse- og sosialfaga

  1. Monica Wammen Nortvedt, dekan ved Avdeling for helse- og sosialfag HVL/Bergen
  2. Randi Skår, dekan Avdeling for helsefag, Førde
  3. Svanaug Fjær, Instituttleder sosialfag og vernepleie, Bergen
  4. Georg Førland, dekan ved Avdeling for helsefag, nærregion Stord/Haugesund

Dekan for nytt fakultet for øk.-administrative fag, nautikk og samfunnsfag

  1. Anne Isabelle Robbestad, dekan Avdeling for tekn., øk. og maritime fag Haugesund
  2. Jens Kristian Fosse, Førsteamanuensis Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling, Bergen

Dekan for nytt fakultet for lærarutdanningane, idrett og kulturfaga

  1. Knut Steinar Engelsen, Professor, Viserektor for FoU, Stord
  2. Asle Holthe, Dekan Avdeling for lærarutdanning, Bergen

Dekan for nytt fakultet for ingeniør- og naturfag

  1. Geir Anton Johansen, dekan, Avdeling for ingeniør og økonomifag, Bergen
  2. Ilona Heldal, professor, Institutt for data- og realfag, Bergen
  3. Rogardt Heldal, professor, Institutt for data- og reafag, Bergen

Organisasjonsdirektør 

  1. Tage Båtsvik, Direktør nærregion Stord/Haugesund
  2. Håvard Skibenes, Rådgjevar/controller Bergen
  3. Wiggo Hustad, Dekan - Avdeling for lærarutdanning og idrett, Sogndal 

Direktør for økonomi og arealforvalting 

  1. Karianne Brøndbo Bergheim, Økonomidirektør ved HVL, nærregion Sogn og Fjordane
  2. Håvard Skibenes, Rådgjevar/controller Bergen
  3. Tage Båtsvik,  Direktør nærregion Stord/Haugesund 

Styret skal gjere tilsetjingsvedtak på leiarstillingane allereie på styremøtet 11. mai, og planen er at alle dekanane og direktørane skal vere på plass i stillingane sine frå 1. august.

– Eg er veldig glad for å ha fått jobben. Eg synest det er ei spennande og utfordrande stilling som eg gler meg til å ta fatt på.

– Kva blir dei største utfordringane framover?

– Me har gjerne litt ulike kulturar, og det er store geografiske avstandar mellom dei ulike studiestadane. Men det ligg òg mange moglegheiter med koplingar mellom fagmiljø som før ikkje har jobba saman, seier Johansen. 

– Har jobba ein del på tvers allereie

Randi Skår seier ho vil gjera sitt beste for å bygga eit god helse- og sosialfagleg miljø på høgskulen.

 
– På helse og sosial har me hatt ein prosess og jobba ein del på tvers allereie, så eg synest me er i ferd med å finna eit fellesskap som me må bygga vidare på. Mange kjenner kvarandre frå før også, så me er ikkje så nye for kvarandre, seier Skår, og legg til: 

– Me er midt i arbeidet med organisering og prøver å finna modellar som skal sørga for at me samlar dette best mogleg. Me må tenka at me skal klara dette på tross av at me er geografisk spreidde og har store avstandar. 

Vil jobba for gode prosessar

Anne Isabelle Robbestad har fått jobben med å leia det minste fakultetet på høgskulen, som skal samla økonomi, administrasjon, nautikk og samfunnsfag under eitt. 

– Eg har min bakgrunn frå øk.adm, og vore studieleiar i ein del år. Eg kjenner godt Sogndal og bergensmiljøet, og som dekan kjenner eg godt øk.adm- og nautikkmiljøet i Haugesund. Eg må berre gjera meg betre kjent med samfunnsfagmiljøet i Sogndal. Dei fagfolka eg kjenner er flinke og rause folk, så eg gledar meg veldig. Eg skal prøva å få til gode prosessar i dei tidsrammene me har, seier Robbestad. 

Styret skulle eigentleg tilsetta to direktørar på styremøtet torsdag, men saka er utsett til neste styremøte i juni. Då blir namna på dei fire fakulteta også endeleg vedteke.