<span class="caps">HVL</span>-styret vedtok i dag å gi jobben som direktør for økonomi og arealforvaltning til Helge Skugstad. Foto: Dag Hellesund
HVL-styret vedtok i dag å gi jobben som direktør for økonomi og arealforvaltning til Helge Skugstad. Foto: Dag Hellesund

Fann direktør på andre forsøk

Publisert

Etter å ha lyst ut stillinga eksternt har Høgskulen på Vestlandet (HVL) no tilsett Helge Skugstad som direktør for økonomi og arealforvaltning. 

Tage Båtsvik er allereie tilsett som organisasjonsdirektør ved HVL. No får han ein direktørkollega i Helge Skugstad. 

Stillinga var opprinneleg utlyst berre internt, men då fann dei berre éin kvalifisert søkar

Skugstad er 52 år gamal, og har frå 2013 til 2017 jobba som rådmann i Austevoll kommune. Bakgrunnen hans er frå samfunnsvitskap: Skugstad har sosiologi hovudfag frå Universitetet i Bergen. 

Tidlegare har han jobba ved mellom anna Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU), og EU-kommisjonen i Brussel.