Interimsstyret hadde møte her på Fosshaugane i Sogndal fredag. Foto: Ida Bergstrøm
Interimsstyret hadde møte her på Fosshaugane i Sogndal fredag. Foto: Ida Bergstrøm

University College eller University of Applied Sciences?

Namnedebatt i vest:

Engelsk namn på Høgskulen på Vestlandet (HVL) var eit av punkta interimsstyret diskuterte under møtet fredag.

Sender «Applied Sciences» signal om at ved denne høgskulen driv ein mest med teknologi og naturvitskap? Fortel «University College»  meir om forskingsaktiviteten ved den nye høgskulen?

Dette var nokre av spørsmåla som blei reist på møtet i interimsstyret til Høgskulen på Vestlandet (HVL).

I framlegget til vedtak står det at «Interimsstyret går inn for at den engelske nemninga på HVL blir Western Norway University of Applied Sciences».

Kanskje vi kan be om å få heite «Western Norway University»?

Demarkasjonslinja går ved doktorgradsutdanninga
Ifølge saksframlegget har Kunnskapsdepartementet lagt til grunn at institusjonar som kan tildele doktorgrad på minst eitt område kan kalle seg for «University of Applied Sciences».

– Når ein skal ta avgjerder, kan en scanne horisonten, og sjå kvar ein finn truverdige kjelder. Språk er vanskeleg, og du finn få eller ingen autoritative kjelder, sa styreleiar Arvid Hallén.

Styremedlem Kari Kjenndalen sa at «University of Applied Sciences» verka noko snevert. Fleire høgskular, blant anna Høgskulen i Bergen, har i dag namnet «University College».

– Vi har vore grundig gjennom dette, og mellom anna drøfta namneval med Språkrådet. Vi ser at Høgskulen i Oslo og Akershus har valt å heite «Oslo and Akershus University College of Applied Sciences» på engelsk. Denne høgskulen er leia av Curt Rice, amerikanar og lingvist. Han ville neppe valt noko som er heilt forkjært, sa styreleiar Arvid Hallén.

Vi skal vere profesjonshøgskule i nokre, men vere universitet i mange år

Noko med «Fjord»?
KD har ikkje gitt noko klar tilråding. Departementet har også opna for at institusjonane kan kome med alternative namn. Tidlegare har «Fjord University College» vore på bordet.

– Kanskje vi kan be om å få heite «Western Norway University», spurde styremedlem Trond Ueland.

Språk er vanskeleg, og du finn få eller ingen autoritative kjelder

Framlegget vart forkasta, med påminning om at det truleg ikkje ville blitt godkjent av KD, som krev at namnet skal spegle det lovmessige skiljet mellom universitet og høgskule.

Saka gjekk ikkje til votering, og framlegget til vedtak vart ståande.

Vil bli universitet
Styret ved Høgskulen på Vestlandet snakkar ope om ambisjonane om å bli universitet. Også den engelske nemninga bør ta høgde for at høgskulen om nokre år kan endre status, meinte styremedlem Gunnar Birkeland:

– Vi skal vere profesjonshøgskule i nokre, men vere universitet i mange år.