ORDBØKENE

Mikkel Ekeland Paulsen underviser i det nye studieemnet i ordbokkunnskap og ordboksarbeid. Enn så lenge følgjer dei fleste studentane førelesingane digitalt. Bildet er frå starten av september 2020
Mikkel Ekeland Paulsen underviser i det nye studieemnet i ordbokkunnskap og ordboksarbeid. Enn så lenge følgjer dei fleste studentane førelesingane digitalt. Bildet er frå starten av september 2020

Ordbokmiljøet veks

Nye arbeidsplassar og engasjerte studentar sikrar og utviklar norsk rettskriving.

Publisert Sist oppdatert

Det finst mange ordbøker, men det er Nynorskordbok og Bokmålsordboka som tar seg av kvardagsspråket vårt. Og det er desse ordbøkene du finn igjen digitalt på ordbok.uib.no.

FAKTA OM ORDBØKENE

Språkrådet og UiB eig Nynorskordboka og Bokmålsordboka saman

Ordbøkene finst og som app for iOS og Android

Ordbøkene er del av Språksamlingane

– Ordbøkene er for alle som les og skriv norsk, her heime eller i utlandet. Samstundes er det dokumentasjon av korleis norsk blir brukt og kva som er dei vanlegaste tydingane, seier hovudredaktør Margunn Rauset.

Margunn Rauset er hovudredaktør for ordbøkene og prosjektleiar for Revisjonsprosjektet.
Margunn Rauset er hovudredaktør for ordbøkene og prosjektleiar for Revisjonsprosjektet.

Det er fire år sidan ordbøkene flytta frå Oslo til Bergen. Mykje har skjedd sidan det. Språkmiljøet ved Det humanistiske fakultet har mellom anna fått tolv nye kollegaer å samarbeide med.

– Det er viktig for oss å vise at her finst nye, spanande karrierevegar for dei som er interesserte i språk. Vi har bruk for flinke språkvitarar, og her får ein jobbe med språket på ein allsidig måte, fortel Rauset.

Kva skal inn og kva skal ut?

Dei fleste tilsette arbeider med Revisjonsprosjektet som starta i 2018 og går til 2023. Dette er ein omfattande gjennomgang av ordbøkene, bokstav for bokstav. Resultatet av fornyinga frå A til D vart lagt inn i ordbøkene mot slutten av september i år. Nokre ord og artiklar er nye, andre er tatt ut.

DØME PÅ NYE ORD I ORDBØKENE

Aioli, ammeku, antipasto, antiislamisme, askiming, avatar, avionikk, aymara, babyboom, bakland, balsamico, bananas, bemanningsbyrå, berte, bikinilinje, bioetanol, B-kjendis, blodfan, blåtur, bole, bonusbarn, bornitt, brakkesyke, bresmelting, brioche, bugg/bøgg, båndbredde, bånnski, cisperson, curlingforelder, dall, damemagnet, datanerd, debattklima, debrife, dekantering, dim sum, dimbar, Distrikts-Norge, dobro, dolle, dritings, dubbing, ebola, eggdonor, ekkokammer, eksoplanet, ekstremvær, ekvilibrium, elsparkesykkel, elektronika, EPO, filformat, fjortis, fleske, focaccia, forbausende, forsynt og fricampe.

– «Den røde rase» med forklaringa ‘indianerne i Nord-Amerka’ har til dømes forsvunne frå artikkelen rød.. Det var på høg tid. Av nye ord kan eg nemne antiislamisme. curlingforelder, blodfan og fricampe, seier Rauset.

Ny karriereveg for studentar

Studentar er også inkludert i ordboksarbeidet. I år hadde fire sommarjobb som vitskapleg assistent i Revisjonsprosjektet og søsterprosjektet NO-AH, som oppdaterer Norsk Ordbok.

Stipendiat i Revisjonsprosjektet, Mikkel Ekeland Paulsen, kom vegen frå masterstudium i allmenn lingvistikk via arbeid i ordbokredaksjonen til eige forskingsprosjekt.

– Det er spanande å få jobbe med ordbøker. Eg er fasinert over kor utfordrande det kan vere å finne og skildre alle dei ulike tydingane til eitt og same ord. Eit døme er ordet «folk» som eg nyleg reviderte artikkelen til. Det kan til dømes bety ei nasjonal gruppe som i «det norske folk» som ikkje er det same som i «folk flest», for ikkje å snakke om i «folkemusikk», «folketru» og så vidare, seier Paulsen.

Han forskar sjølv på samansette ord:

Mikkel Ekeland Paulsen er stipendiat i Revisjonsprosjektet og forskar på samansette ord
Mikkel Ekeland Paulsen er stipendiat i Revisjonsprosjektet og forskar på samansette ord

– Det handlar om kva samansette ord som er relevante å ha med i den vanlege ordboka. Eg tykkjer det er ei interessant side ved det norske språket at eitt og same ord kan vere utgangspunkt for så mange samansette variantar. To favorittar er klossmajor og bøtteballett.

Nytt studieemne og masterstipend

Mikkel Ekeland Paulsen er og ansvarleg for det heilt nye studieemnet Ordkunnskap og norsk ordboksarbeid saman med professor Torodd Kinn. Undervisninga starta no i haustsemesteret og har lokka til seg meir enn 15 studentar frå bachelor, master og lektorutdanninga, i tillegg til nokre mfrå andre institusjonar.

I haust lyser ein for første gong også ut to masterstipend.

Ordbøker for alle tilsette og studentar

Bokmålsordboka og Nynorskordbøka blir mykje brukt. Veldig mykje brukt. Det blei utført 150 000 søk i døgnet i dei to ordbøkene i 2019, nær 55 millionar søkt totalt i året.

Av omsyn til personvern kan ein ikkje måle bruken berre blant tilsette og studentar ved UiB.

– Men eg trur nok dei nytter ordbøkene slik som resten av landet, det vil seie å sikre seg at det dei skriv, er rett. Faktisk er ordet «skrive» det aller mest søkte. Men eg vil råde kollegaer og studentar til å bruke ordbøkene endå meir, seier hovudredaktør Rauset.

Kva er ditt beste tips for å få meir ut av ordboka?

– Lær deg enkle triks for å gjere eit betre søk på hjelpesida vår. Eit døme er at du kan sette inn eit prosentteikn (%) eller ein asterisk (*) om du er usikker på kva som er rett bokstav, start eller endig i eit ord. Då kjem du raskare til målet, seier Rauset.

Ho minner og om at IT-avdelinga ved UiB arbeider med en ny og betre digital versjon av ordbøkene. Lanseringa blir om nokre månader.