Ved <span class="caps">HSH</span> startar valet i dag. Det blir gjennomført elektronisk. Foto: Tor H. Monsen
Ved HSH startar valet i dag. Det blir gjennomført elektronisk. Foto: Tor H. Monsen

Her er styrekandidatane på HSH

Publisert

Les korfor kandidatane frå Høgskulen Stord/Haugesund vil vere med i interimstyret for Høgskulen på Vestlandet. I Haugesund er det val frå 31. august kl. 0900 til 1. september kl. 1400.

Kristin Ådnøy Eriksen (54) (fagleg)
Stilling: Førsteamanuensis avdeling for helsefag.
Fagleg bakgrunn:  Sjukepleiar, vidareutdanningar i Engelsk, PPU og Psykisk helseabeid. Master i sjukepleievitskap (UiB), og PhD (Karolinska Institutet, Stockholm).
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Eg vonar me skal få til å skape ein fagleg solid organisasjon som bidreg aktivt og positivt i lokalmiljø og samfunn. Eg tenkjer at me må jobbe for synergiar mellom ulike fagmiljø, og halde fast på at målet er å  «spela kvarandre gode».  Eg vonar også at me får til campusar der det er kort veg frå studentar til tilsette, og der læringsmiljø er overordna verdi. Samstundes er eg klar over at komande styreperiode vil bli prega av  store og vanskelege omstillingsprosessar som vil ta mykje tid og ressursar. 
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Eg har lyst til å vera med å jobbe for gode læringsmiljø og akademisk sterke utdanningar. Styrearbeidet gjev sjansen til å løfte blikket frå det daglege arbeidet til meir overordna perspektiv som t.d. utdanningsinstitusjonens samfunnsoppdrag. Dersom eg kjem inn i styret ynskjer eg å bidra til gode samarbeidsprosessar. Det vil også bli spanande å vera med å påverke grunnlaget for den nye institusjonen.

Tonje Velde (38) (teknisk-administrativ)
Stilling: Spesialbibliotekar ved Høgskolebiblioteket i Haugesund
Fagleg bakgrunn: Bachelor i Bibliotek og informasjonsfag fra HIO 2000. Videreutdanning  «Å arbeide og undervise kunnskapsbasert» fra HIB 2009
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Jeg tror det blir en krevende periode;  man skal ta viktige valg om hvordan fagområder, administrasjon og studiesteder best kan organiseres, utforme en identitet og retning for den nye høgskolen, samtidig som man skal ivareta de ansatte på en god måte. Men akkurat disse veivalgene gjør det jo også til en ekstra interessant periode.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Jeg ser på det som en utfordring, og en spennende mulighet til å påvirke hvordan den nye høgskolen skal bli. Det vil nok kreve mye, men jeg tror også det kan bli en veldig lærerik erfaring.

Arne Langøen (61) (fagleg)
Stilling:
Dosent/sykepleier ved avdeling for helsefag, HSH
Fagleg bakgrunn: Sykepleier fra Stord sjukepleiehøgskule 1980, sykepleievitenskap fra Universitetet i Bergen. Godkjent førstelektor i 2006 og dosent fra 2016.
Arbeidserfaring: Sykehuserfaring fra Sentralsykehuset i Sogn og Fjordane, Sandviken sjukehus, Haukeland sjukehus og Haugesund sykehus. Undervisningsstillinger har vært på Høgskolen i Sogn og Fjordane, Haukeland sykepleierhøgskole og HSH (tidligere Haugesund sjukepleierhøgskole) fra 1993. I tillegg har jeg hatt kortere jobber/hospiteringer mange steder i inn og utland innen mitt spesialområde, sårbehandling, også de seinere årene.
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
De første par årene vil i stor grad legge føringer for hvordan framtidas HVL vil bli. De strukturene vi utvikler i starten vil være svært vanskelige å endre på et senere tidspunkt. Derfor mener jeg vi skal legge mye arbeid inn i både å sikre at fagmiljøene som er bygget opp, lever videre og styrkes av fusjonen. Samtidig må vi hente ut gevinster både på undervisning, forskning og drift av den nye høgskolen. Styret får en sentral rolle i dette arbeidet.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Jeg syntes det er spennende å være med å utforme framtidas Høgskule på Vestlandet, og med min brede erfaring både frå helsevesen og høgskole, mener eg at eg har noe å bidra med å den forbindelse.

Magne Espeland (68) (fagleg)
Stilling: Professor
Fagleg bakgrunn: Lærarutdanning, Musikkvitskap (hovudfag NTNU), Ph:D Danmark Pædagogiske Universitet
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Vestlandet treng ein sterk institusjon med fokus på profesjonsutdanning og forsking på tilhøyrande område. Fusjonen som nå kjem ser ut til å bli mellom likeverdige partar som ynskjer at alle involerte kampus skal styrkast og stå fram som betre, meir allsidige og  meir utviklings- forsknings og samfunnsretta enn i dag. Dette skal komande styreperiode konkretisera og leggja grunnlaget for.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Eg har tidlegare vore med i fleire periodar i styret for HSH og har jobba kontinuerleg med å knyta faglege kontaktar og sterke miljø på tvers mellom institusjonane på Vestlandet. Eit døme på dette er arbeidet mitt med å bidra i danninga av UH nett Vest og kanskje særleg forskarskulen Grieg Research School som eg var ein av initiativtakarane til, sjå: http://www.uib.no/en/rs/grieg 
Eg har også ivra for at fagmiljøa må leggja større vekt på det interdisiplinære og samfunnskontakt. Eit døme på det er danninga av eit nytt senter ved HSH i skjeringspunktet mellom kunst- og vitskapsfag, sjå : casecenter.no/ og forskingsprogrammet for kulltur og kreativitetspedagogikk, sjå: http://kulturped.no/no/heim/
Eg har stor respekt for alle fagmiljø i dei tre institusjonane og vil støtta dei initativ som blir lagt fram med gode argument derifrå. Det vil vera viktig med erfaring i eit slikt styre som kobinerer den faglege grasroterfaringa med styreerfaring og med lang erfaring frå internasjonalt arbeid innan undervisning og forsking. 

Karin Stormo (37) (teknisk-administrativ)
Stilling:
Rådgiver i Utdanningssenteret
Fagleg bakgrunn: Siviløkonom, årsstudium i historie og studier i russisk språk og litteratur
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Høgskulen på Vestlandet står i starten på noe som er stort, både bokstavelig og organisasjonsmessig. Med bakgrunn i fusjonsplattformen vil den nye høgskolen bruke tid på å bli en felles organisasjon. Høgskulen på Vestlandet har et samfunnsansvar – og dette må styret være med på å forvalte. Hovedfokus for Høgskulen på Vestlandet må være å sikre at våre regioner har  tidsriktig kompetanse. Likevel, HVL vil også være en arbeidsplass, for mange vil nok fusjonen medføre endringer i arbeidshverdagen. Styret må være med å gjøre prosessen rundt det å skape en felles organisasjon, tryggere og gjennomsiktig.  Basert på tidligere erfaringer så er ikke fusjonen ferdig selv om alle skiltene er skiftet ut.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Jeg er genuint interessert og engasjert i min arbeidsplass og ønsker derfor å være med på å utvikle Høgskulen på Vestlandet. Gjennom gode diskusjoner og beslutninger skal styret legge til rette for at vi fortsatt skal ha gode arbeidsplasser, gode læringsmiljø og samtidig være kunnskapsformidlere, både i nærregionene og nasjonalt. Å finne en balanse, en organisering som er optimal for alle som er involverte i denne prosessen vil bli en utfordring, men en utfordring jeg gjerne er med på. Med meg har jeg erfaringer fra en tidligere fusjon (HiO + HiAK = HiOA) som gjør at jeg vil være godt rustet for oppgaven som representant for de teknisk-administrative ansatte. 

Ingvild Brekke Myhre (44) (teknisk-administrativ)
Stilling: Leiar kontor for etter- og vidareutdanning HSH
Fagleg bakgrunn: adjunkt med tilleggsutdanningar i mellom anna pedagogikk, leserettleiing og leiing i skulen
Korleis ser du for deg utviklinga i komande styreperiode for Høgskulen på Vestlandet?
Utfordrande! Det blir spennande, men hardt arbeid å utvikla og få på plass ein ny institusjon samtidig som me skal driva med forskning, tilby gode utdanningar og gje medarbeidarar, både vitskaplege og administrativt tilsette, gode arbeidskår.
Kvifor har du lyst å vere med i styret for Høgskulen på Vestlandet?
Eg har vore styremedlem i HSH dette siste året og har lyst å ta aktivt del i prioriteringar og avgjersler som må til når me no skal etablera Høgskulen på Vestlandet. Det er viktig for meg at folk i ulike livssituasjonar i dei ulike nærregionane har tilgang på forskningsbaserte, relevante og etterspurte utdanningar. Det er viktig å sikra trygge og interessante arbeidsplassar for tilsette ved dei ulike nærregionane til HVL også i framtida.
Som leiar ved EVU-kontoret har eg arbeidsoppgåver og arbeidsdagar ved begge campus i dagens HSH, og kjenner slik til begge arbeidsstadane. Eg har rimeleg god kjennskap til dei ulike studietilboda ved dei tre fagavdelingane og har god forståing for arbeidet ved og mellom seksjonane i fellestenestene. Denne kjennskapen til og forståinga for kvarandre sine styrker og utfordringar er god bakgrunn for å jobba for eit godt arbeidsfelleskap i ny høgskule. Gjennom jobben møter eg representantar frå arbeidsliv og praksisfelt i regionen både i samarbeidsmøter og i omdømmearbeid som HSH deltek i, og meinar eg har rimeleg god oversikt over moglegheiter og utfordringar i arbeidslivet.

Christine Øye (fagleg)
Utdanning: sosialantropolog, phd.
Kvifor ønskjer du å bli styremedlem i det nye styret for Høgskulen på Vestlandet?
For det første ønsker jeg at den nye høgskulen på vestlandet skal lykkes med dets ambisjoner om å bygge et universitet som er forankret i profesjons- og disiplinutdanningene.  I den forbindelse ønsker jeg å se at forskningsvilkårene for de vitenskapelige ansatte blir enda bedre enn i dag for at målet om å bli universitet skal lykkes.
For det andre ønsker jeg å se at  den nye høyskolen skal få gode rammevilkår for at undervisningstilbudet til våre studenter på alle nivåer og på alle campuser skal bli best mulig. På den ene side ønsker jeg å se at de ulike eksisterende utdanningstilbud får beholde noe av sin egenart og lokale profil ofte forankret i samarbeid med det lokale arbeids- og praksisliv, og på en annen side ønsker jeg at den nye institusjonen ikke taper av syne muligheter for synergieffekter og samarbeid på tvers av utdanningsnivåene for å gi et så best mulig utdanningstilbud til våre studenter som mulig.
For det tredje ønsker jeg at den nye høgskolen på vestlandet skal være åpen for initiativ om etableringer  av nye studietilbud og fou-miljø basert på innspill internt og/eller eksternt fra regionen, dersom rammevilkårene for  slike nyetableringer blir gode nok.  
For det fjerde ønsker jeg at den nye høgskulen skal arbeide systematisk mot ytterligere internasjonalisering for både ansatte og studenter, og som blir en viktig prioritering i fasen mot å  bygge et universitet.

Interimstyret ved HVL

Eit interimstyre skal ta ei rekke avgjerder for den ny Høgskulen på Vestlandet, for deretter å bli eit ordinært styre for institusjonen frå 1. januar 2017. Styret skal mellom anna tilsetje rektor, vedta budsjett og profil, 

Styret vil totalt telje 13 representantar. Samansetjinga ser slik ut:

  • 4 tilsette i undervisings-/forskingsstillingar (UF)
  • 1 tilsett i teknisk/administrativ stilling  (TAP) (pluss to observatører med talerett)
  • 3 studentar
  • 5 eksterne (inklusive ekstern styreleiar)

Kunnskapsdepartementet peikar ut dei 5 eksterne representantane, mens studentrepresentantane blir valde for eitt år om gangen i eigne val.