Professor Stein Sandven skal leie det store samarbeidsprosjektet <span class="caps">INTAROS</span>, som nyleg fekk ei tildeling på 150 millionar kroner over fem år frå <span class="caps">EU</span> sitt rammeprogram Horisont 2020. Foto: Ida Bergstrøm
Professor Stein Sandven skal leie det store samarbeidsprosjektet INTAROS, som nyleg fekk ei tildeling på 150 millionar kroner over fem år frå EU sitt rammeprogram Horisont 2020. Foto: Ida Bergstrøm

Får 150 millionar kroner for å forske på Arktis

Horisont 2020

– Det er ei utfordring å varsle kva som vil skje med klimaet i Arktis i framtida, seier professor Stein Sandven ved Nansensenteret. Saman med kollegaer ved UiB og HI skal han lage eit integrert observasjosssystem for klima og miljø i Arktis.

Har forskarane det som skal til? Kan dei gjere forsking som samfunnet treng? Har dei stødige samarbeidspartnarar? Erfaring? Visjonar?

Dette er INTAROS:

INTAROS-prosjektet vil få 15,5 millionar Euro frå EU sitt rammeprogram Horisont 2020. Det tilsvarer omlag 150 millionar kroner.

Hovudformålet er å lage eit integrert observasjossystem for klima og miljø i Arktis.

Tidlegare innsamla data skal samordnast og systematiserast slik at dei blir lettare tilgjengeleg, samt supplerast med nye målingar og observasjonsteknologi.

Arbeidet skal koordinerast frå Nansensenteret. Lokale partnarar er mellom anna UiB, Havforskingsinstituttet og Det Norske Veritas (DNV).

Partnarane legg også inne ein del eigne ressursar. Forskarane skal på tokt til området, og dei skal på feltarbeid for å samle inn data. Noko av arbeidet vil skje i tett samarbeid med menneska som bur i det arktiske området.

Dette er nokre av spørsmåla  EU sitt panel stiller når dei vurderer søkarane til ei utlysing. Konsulentane har ein bunke søknader på bordet. Sterke, internasjonalt anerkjente miljø knivar om dei same Euro-millionane.

Då søknaden frå Nansen-senteret kom på bordet, svarte panel-medlemmane “ja” på alle dei viktige spørsmåla.

– Vi fekk 14 poeng av 15 moglege, seier professor Stein Sandven til På Høyden. Han arbeider med oseanografi og polar akustikk, og har tidlegare vore direktør ved Nansensenteret.
 

Internasjonalt samarbeid om arktisk klima
Dei komande fem åra skal Stein Sandven koordinere forskingsprosjektet Integrated Arctic Observing system (INTAROS), som skal bygge eit betre observasjonssenter i Arktis.

INTAROS -prosjektet vil få over 15 millionar EURO frå EU sitt rammeprogram Horisont 2020. Det tilsvarer omlag 150 millionar kroner.

Saman med partnarar ved UiB og Havforskingsinstituttet, samt i 47 andre land, skal forskarane arbeide for å få meir kunnskap om det arktiske miljøet.

Nansensenteret er rigga for store prosjekt
Det isdekte området i nord er sårbart. Vi har høyrt at dersom det blir varmare på jorda, vil dette kunne forårsake store endringar for livet i havet, på land og i lufta. Men kva vil konsekvensane vere? Kan ein måle endringar i det arktiske miljøet, kan ein lettare få kunnskap om kva det er som held på å skje. Kan ein lage eit integrert system for å samle inn og systematisere data, kan forskarane gje betre varslingar om konsekvensane av klimaendringar.

Forskarane ved Nansen-senteret har gjennom mange års arbeid bygd opp ekspertise og ein organisasjon som gjer dei rusta for slike store prosjekt.

At dei hadde infrastrukturen på plass, kan ha vore utslagsgjevande for at dei fekk tildelinga, meiner Lasse Pettersson, markedsdirektør ved Nansensenteret.

– Det er ei utfordring å modellere og varsle kva som vil skje med klimaet i Arktis i framtida. Vi veit ikkje sikkert kva konskvensane av auka oppvarming og smelting av isen vil vere, seier Stein Sandven.